Vis bakgrunnsbilde
Program
Forvaltning og formidling av freda kulturminner — 15:30 Gulatinget Gulen kommune rådhuset   Foredrag , Seminar


Kva skjer når ein ein tusen år gamal kross knekk? Kven har ansvaret, og kva gjer ein? Seminaret går gjennom både formelt rammeverk, og praktiske val og avvegningar som har vore i prosessen, og drøftar avvegningar ein må ta når ein skal reparere eit skada kulturminne. Seminaret vert opna av Riksantikvar Jørn Holme. Innleiarar og deltakarar frå Kulturavdelinga v/Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Arkeologisk Museum i Stavanger og Gulen Kommune. 

Bakgrunn:

Den 27.april 2012 vart den 1000 år gamle "Olavskrossen" i Gulen skadd i ein trefelling. Nøyaktig fem år seinare 27. april 2017 vart krossen sett opp at på same staden den har stått i 1000 år. Krossen markerte staden der Gulatinget møttest gjennom 400 år, og laga Nordens eldste bevarte lover - Gulatingslovene. På andre sida av ein stor voll står det ein tilsvarande anglisk kross, og det er mellom desse to krossane at Gulatinget var samla.

 

Tidspunkt og program kjem på www.gulatinget.no og på Gulatinget si Facebookside.

 

Les reportasje i avisa Nordhordland på denne linken

Les reportasje i avisa Firda på denne linken


Gulen kommune rådhuset