
Formidlingsbanken er ein "bank" der ein kan setje inn og/eller ta ut aktørar til arrangement under Kystsogevekene. Her er artistar som Kystsogevekene samarbeidar med og som kan opptre under vekene. Her skal det vere lett for arrangørar å finne fram til gode artistar som kan opptre på arrangement.
Her kan ein dessutan melde inn om det er lokale grupper som ønskjer å prøve seg på nye arenaer. Ofte er det slik at folk legg ned mykje arbeid i interessene sine, men får berre høve til å syne seg fram nokre få gonger, og i sitt eige nærmiljø. Nokre ønskjer kan hende å ta materialet med til eit større publikum og nye stader.
Samstundes er det også gjerne slik at ein som arrangørar ønskjer meir underhaldning, eller fleire aktørar til å delta i arrangementet. Her har dei høve til å hente ut slike, utan å sjølv måtte legge ned mykje arbeid i å finne fram til utøvarar.
Kystsogevekene sin Formidlingsbank skal på denne måtte lette arbeidet til arrangørane, og vere med å løfte fram og ut aktørar til eit større publikum.
Sjå meir under artistar eller utstillinger. Artistar og tilbod for 2010 er lagt ut, men det kjem meir...