
Her finn du oversikt over museum og galleri som har utstillingar i samband med Kystsogevekene. Her er kontaktinformasjon og linkar til nettsidene til institusjonane.
Dersom du saknar nokon på lista ta gjerne kontakt med Stiftinga Kystsogekene.
Stad: Askøy/Strusshamn i det raude huset i Strusshamn (v/kyrkja). Sal av diverse handlaga produkt og heimelaga lefser. Ope: Tirsdag og torsdag 13-17 og lørdag 11-15. Tlf. 56 14 51 33
Fjell festning ligg på øya Sotra vest for Bergen. Festningsanlegget blei bygd av den tyske okkupasjonsmakta med det føremålet å sikre innseglinga til Bergen. Forsvaret la ned si verksemd i 2004, same året vedtok Riksantikvaren å freda Fjell festning som eit militært kulturminne. Sidan denne tid er utført mykje arbeid for å sikra anlegget og gjera det tilgjengeleg for publikum. M.a er det reist eit vernebygg over kanonbrønnen som fungerer som kafe/forsamlingslokale. Opningstider: Mai - august: laurdag og søndag kl 12-17. Omvisning vekedagar etter avtale (tlf. 56335454/91735095). Pris: 60 kr www.museumvest.no
8. august - 30. august Utstilling: Else Karin T. Bysheim, "Det ullne rom", ullarbeid. Open Galleributikk. Ope laurdag og sundag kl 15-18, eller etter avtale 90986722
Galleri Rustica er ei over 100 år gamal grindløe som ligg på Holmeknappen på Holsnøy ved Herdlafjorden. I tillegg til galleriet (der både amatør- og profesjonelle kunstnarar stiller ut), arrangerer vi ulike kulturtilstellingar, som konsertar og føredrag/opplesingar, og møte og kurs for både skuler, barnehagar, lag og foreiningar. www.gallerirustica.no
Fiskarbondetun frå 1800-talet med autentiske bygningar,historiske gjenstandar og skrifter. Omvisningar Juni - August Adresse: Byrknesøy 5970 Byrknesøy Telefon: 57 78 23 91/57 78 32 21 www.jensbua.no/gfm/
Gullgruvene var på siste del av 1800-talet sentrum for eit gullrush utan sidestykke i Noreg. Rundt 1885, då aktiviteten var på det mest hektiske, var fleire hundre mann i arbeid i gruvene. Til saman vart det funne om lag 140 kilo reint gull her. Under Kanaldagane vert det buss og guida turar til gullgruvene. Kontakt 53 42 30 27 for meir informasjon og avtale.
Stad: Osterøy/Havrå Garden Havrå ligg midt i eit særprega kulturlandskap. På garden er klyngetunet og den gamle teigdelinga framleis intakt. Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mangbølte vestlandsgardane. Garden har ei lang historie, og er freda som kulturmiljø. Ope søndag 12 - 15. www.museumsnett.no/salhus/
Stad: Askøy/Herdla 1. mai til 31. august ope frå kl. 12.00 -17.00 Søndagar i september og oktober: 12.00-17.00 Ein kan bestilla omvisning for grupper heile året. Telefon: 56 14 51 50 / 56 15 84 65 / 97 09 47 29 E-post: www.museumvest.no
Stad: Meland/ Holmeknappen Opningstider i sumarhalvåret: Frå 29. juni til 24. august er museet ope kvar sundag frå kl. 1400 - 17.00 Under kystsogedagane: Laurdag kl 1100 - 1700. Sundag kl 1300 - 1700. For andre tidspunkt, kontakt Meland kommune, tlf. 56 17 10 00/56171074. Adresse: Postboks 79, 5906 Frekhaug eller www.meland.kommune.no
Hordamuseet skildrar levevilkåra til folk som har budd i Nord- og Midhordland. Museet ligg idyllisk til inst i Fanafjorden, like nedanfor Stend jordbruksskule. Opningstider: Mai-august: Tysdag-fredag 12-15, laurdag og sundag 12-16 måndag stengt. Sept-april: Tysdag-fredag 12-15 sundag 12-16 laurdag og måndag stengt.Vitjing utanom opningstida etter avtale. Tlf 55 11 29 00, Adresse: Hordnesveien 24, 5344 Fana www.bymuseet.no
Stad: Bømlo/Finnås På kanalkanten ligg Canalvogterboligen frå 1856 og Telegrafen frå 1857. Begge er i dag museum som viser det viktige og gigantiske arbeidet med Kanalen og den tids telegrafi og seinare telefonutvikling som betydde så mykje for fiskeria. www.kulleseidkanalen.no/historikk.asp Omvisning kan tingast på tlf. 959 02 218.
Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemda som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954.
Sommarutstillngar i Kvamsdals Fargeri: Utstillinga "Brydlaupssjau", Nordhordlands bunadsnemnd si rekonstruerte bruredrakt er ope frå 3.-12. juli. Utstillinga "Tråd i Tonar" av tekstilkunstnaren Åse Eriksen er ope frå 2.-23. august til 10. august, fredag til sundag.
Opningstider sommaren 2009: Frå 21. juni til 23. august: Fredag til sundag kl. 13-17. Guida omvisningar. For meir informasjon:
www.masfjorden.kommune.no/kommunen/museumfargeriet.html Tel 56 16 62 00
Museet presenterar livsvilkår og ressurshistorie i eit typisk kystområde gjennom 10 000 år, med særleg vekt på energiutnytting. Faste og skiftande utstillingar. Museumskafe. Ope: 1. mai - 31. aug : måndag - fredag kl. 11 . 16, søndag kl 12 - 17 April og september. Søndag kl 12 - 17 Elles etter avtale. Adresse: Oen 5337 Rong Telefon: 56 38 50 50 www.museumvest.no
Stad: Fjell/Langøyna Ein tradisjonsrik handelsplass med butikk, bakeri og naust. Senteret har søndagsopen kafe om sommaren, og kan etter avtale leigast ut til arrangement heile året. Området har og ein fin badeplass for barn. Tlf 90992604 post@langoykystkultursenter.no www.langoykystkultursenter.no
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. Opningstider Informasjonsbygget: Frå mai - september: Onsdag - Fredag kl. 11.30 - 15.30 Søndag kl. 12.00 - 18.00. Studentgrupper, skuleklassar, kurs/konferanse og andre grupper etter avtale. Stiftinga Lyngheisenteret Ytre Lygra, 5912 Seim Tlf: 56356410 www.lyngheisenteret.no
Masfjorden båt- og sjøbrukssamling består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Utstillinga i nothuset på Sandnes presenterer eit breitt og spanande utval over båtar og reiskapar som er brukte og / eller bygde her. Nothuset på Sandnes er bygd kring 1880.Opningstider sommaren 2009: Frå 21. juni til 23. august: Fredag til sundag kl. 13-17. Guida omvisningar.
For meir informasjon: www.masfjorden.kommune.no/kommunen/museumnothuset.html Tel 56 16 62 00
Stad: Fjell/Misje Historia til ei vestlandsbygd på 1900-talet: fisket, fiskeindustrien, emigrasjonen, livet under krigen, reiskapar, mat og klede. Misje Bygdalag driv museet. Om sommaren har dei søndagsopen kafe kl. 15 - 18, elles etter avtale. Tlf 56 33 47 74/ 90532756 Gamlevegen 5366 Misje Misje museum
Dei tre faste utstillingane på museet omhandlar Telavågtragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen. I tillegg er det skiftande utstillingar. Adresse: Telavåg 5380 Telavåg Telefon: 56 32 74 40 www.museumvest.no
9. august- 14. september: Bli med omvising i gamle Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Sjå filmen der tidlegare arbeidarar fortel om korleis det var å jobba her. Museumsbutikk og enkel kafé. Ope: tirs-fred: 11-15, sønd: 12-16 www.museumsnett.no/salhus/
Eit kulturhistorisk museum for Osterøy og dei næraste bygdene. Ope månd.- fred.kl. 10-15, søndag 12-17. Adresse: Gjerstad 5282 Lonevåg Telefon: 56 19 34 40 www.museumsnett.no/osteroymuseum/
RKS er ein stiftelse og eit senter for visning av samtidskunst i Nordhordland. Galleriet er 160 m2 og RKS viser arbeider av ein eller flere kunstnarar. Senteretsamarbeidar med grunnskolene i regionen og viser også elevarbeider. Utstillingane og "kafeen" er åpen lørdagar og søndagar 1200 til 1600. RKS tar imot besøk av skuleklasser og grupper som vil sjå ei utstilling utanom åpningstida. Kontakt for avtale med RKS , Åse Eriksen - Roger Gjerstad Stad: Haugland, 5937 Bøvågen Tlf. 56 37 00 06 www.radoy-kunstsenter.no
Opningstider: Alle søndagar kl. 11-17. Frå 03. juli - 11.aug. også tirsd.-lørd. kl. 12-16 Adresse: Mølstrevåg, Pb. 40, 5559 Sveio E-post: tlf. 53748000 www.ryvarden.no
Stad: Gulen/Sellevåg Tradisjonsrikt miljø for produksjon av tresko. Omvising etter avtale for einskildpersonar, grupper og lag. Kontaktperson: Magne Sellevåg, tlf. 57 78 36 59/909 82 235 www.histos.no
Nyopning av Strilamuseet 23. august kl. 13.00. Strilamuseet har det siste året fått heilt ny utstilling. Temaet er: "Frå jord og fjord til dekka bord", og viser endring og utvikling i ernæring og levesett det siste hundreåret. Det er no lagt meir vekt på kunnskapsformidling til publikum og skule. Strilamuseet ope for publikum kvar søndag frå kl 14.00 - 17.00 ut september månad. Vi tek også i mot grupper etter avtale.
Me tek vare på minne og forteljingar frå Sunnhordland si fortid. Her får du møta miljø og gjenstandar du mest hadde gløymt. Du kan òg møta minne frå forhistorisk tid, klosterruinar frå mellomalderen, eller minne frå nyare kystkultur og industrisoge. Sunnhordland Museum er ein stad der minne og menneske møtest! Adresse: Museumsbakken 5417 Stord Telefon: 53 41 38 99 sunnhordland.museum.no
Sunnhordlandstunet på Leirvik har ope i perioden 5. mai - 29. august: Måndag/tysdag og torsdag/fredag kl. 10.00-16.00, onsdag l. 16.00-19.00. Museumskafe kvar laurdag mellom kl. 11.00-14.00 og sundag mellom 16.00-19.00. Aktivitetar for born.
Stord maritime museum, Leirvik brygge har i perioden 23. juni - 29. august ope tysdag-laurdag mellom kl. 11.00-15.00. Stord Maritime Museum har utstillingar og aktivitetar for små og store. Der finns modellar av motorar som kan sveivast på og leikast med, der er båtleik i basseng, og filmar frå livet langs kysten i tidlegare tider. Gunnar og Trygve Oma, begge knytte til Oma Båtbyggeri, gav si samling av eldre, oppussa motorar til museet, og seinare har dugnadsgjengen ved Stord Maritime Museum pussa opp enno fleire. Kjem du på ein tysdag, kan du vera heldig og få dei til å starta ein gamal Rubb for deg! Ei stor, flott utstilling om HSD vart sett opp i 2008, og elles kan du finne bilete og informasjon om Leirvik hamn, hermetikkindustri og båtbygging. Museet ligg på Leirvik Brygge i bygget som før vart kalla Hamnebygget.
I perioden 2. juli til 19. august vert det dagleg omvising med foredrag om Gulatinget. Guidinga føregår på norsk kl. 12 og engelsk kl 13. For grupper også utanom oppsett program. Foredraget tek føre seg historia knytt til Gulatinget og andre tingstader i Noreg og NordEuropa, og syner den innverknaden Gulatinget har hatt for utviklinga av Noreg som rettstat og demokrati. Lyarane får og ein orientering om Leidangen og om Gulatingslova Gulen Fiskarbondemuseum. www.gulatinget.no
Stad: Mellingen, Sletta i Radøy kommune. Utvandringssenteret legg opp til ei variert og interessant omvising for dei besøkjande. Mellom 60-70% av det norske folk har slekt i Nord-Amerika og ca. 7mill. av desse reknar seg som norskætta. Emigrasjonshistorien, som sette slikt preg på landet vårt, kan opplevast gjennom film, forteljing, dokumentasjon og vandring i eit tilnærma autentisk miljø med dei mest karakteristiske og sentrale bygningane frå småsamfunna som vart etablert. Opningstider: Frå 24.05 - 15.06: Laurdag og sundag kl. 12-17 Frå 21.06 - 10.08: Kvar dag 12-17 Frå 16.08 - 31.08: Laurdag og sundag kl. 12-17 Billett: kr.50/pers. over 15 år. Heile året etter avtale: Gruppeomvisning kr.40/pers. (minimum 10 pers.) Informasjon ellers på telefon 56 37 20 00. utvandringssenter.no
Valestrand kulturkyrkje og bygda Valestrand er ein viktig kulturplass i Sveio kommune. Her har ulike kunstnarar funne inspirasjon, og det er heimplassen til Fartein Valen, som er ein av dei viktigaste komponistane landet vårt har fostra. Fartein Valen - Kulturlandskap Valevåg omfattar Fartein Valen-heimen, Valestrand kulturkyrkje, Valen kapell og Kolerakyrkjegarden i Leirvåg. Vidare finn ein garden Einstabøvoll og forfattaren Einar Økland har og sin plass i bygda Valestrand. www.kulturkyrkja.no
Vedholmen Galleri, Sundøya i Os. Opningstider: Torsdag kl 16.00-19.30, Fred.-Lørd. Sønd. Kl 12.00-16.00 tlf 97138119 Besøksadresse: Røttingavegen 23, 5216 Lepsøy i Os. www.vedholmen-galleri.com