Kystsogevekene 2011

13. august  til 18. september

Mån

Tys

Ons

Tors

Fre

Laur

Sun

13.

14.

15.

16.

17.

18.

19.

20.

21.

22.

23.

24.

25.

26.

27.

28.

29.

30.

31.

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.

9.

10.

11.

12.

13.

14.

15.

16.

17.

18.

Program 2011 - sjå kva som har vore:

Kystsogevekene 2011 er historie!

Du kan sjå kva arrangement som har vore dette året. Innimellom lista finn du også linkar til små stemningsrapportar og bilete som er laga i Kystsogevekene sin blogg.

Laurdag 13. august

Offisiell opning av Kystsogevekene 2011 Osøyro i Os

13. august kl 12.00

Os er vertskap for den offisiselle opninga av Kystsogevekene 2011. Opningsarenaen vert lagt til Osøyri og området ved Oselvarnaustet.

Dag Lindebjerg vil vere den som står for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2011 den 13. august kl 12.00 i Os.

Element frå folkeoperaen Havfest vert flytta ut, og vi får også høyre Os Durspelsamskipnad og sjå dansarar under leiing av Patricia Langeland. På sjøen vil vi både få defilering av representantar for Oselvaren, Norge sin nasjonalbåt, og det vil etterkvart også verte kapproing med oselvarane.

Opningsarrangementet vert lagt til den tradisjonsrike Oselvarfestivalen, og Oselvarane vil kunne både sjåast og heiast fram - på sjøen vert det tevling med Oselvarar. Kan hende vert det høve til å kome seg ein tur utpå i den nylaga seksæringen frå Oselvarverkstaden.

Både Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden vil vere opne. På Oselvarverkstaden kan folk sjå og høyre om bygginga av tradisjonsbåten, eller endåtil bestille seg ein spesialtilpassa båt ut frå eige ønskje og bruksområde.

Vi ønskjer alle velkommen til å oppleve flott kystkultur og yrande folkeliv 13. august!

Bilete og omtale av Den offisielle opninga på Os

 

Vernissasje - Keramiske figurer

Os/Sundøy kl 18.00

Utstilling Vedholmen Galleri Separatutstillinga "Keramiske figurer" med keramiker Ingun Dahlin som viser figurative skulpturer samt utendørs installasjon Kystkvinder: En hyllest til sterke, innovative, empatiske, men til tider ukjente kvindeskikkelser fra området. Mer info på www.vedholmen-galleri.com  og www.dahlin.no 

 Bilete og omtale utstillingsopninga

 

Bygdadans på ungdomshuset

Os/Søre Øyane

 

Havsportveka 2011

Austrheim

Havsportveka femner om ei rekkje sjø- og havsportaktivitetar. Her er vert eit mangfaldig program, inkludert eit sosialt program som kan tilfredstille dei aller fleste. God mat og underhalding er også del av opplevingane under Havsportveka. Sjå heile programmet på www.havsportveka.no 

 

Fonnesdagen

Austrheim/Fonneskaien kl 12.00 - 16.00

Den tradisjonesrike Fonnesdagen - Dajen dar folk møtest vert også i år. Mykje av programmet er kjent og kjært, og det vert på nytt høve til å dele nye opplevelsar og gode stunder. Det vert liv og røre på kaien og noko for både ung og gamal, med rømmegraut, stompekake og fiskesuppe. Smaksprøver på eit utval av sild. Gamle handverk vart demonstrert og fiskereiskap var stilt ut.

Bjørn Jensen frå "Vinskvetten" underheldt frå scena kl 14.00

Sjå heile programmet

 

Padlemaraton

Austrheim/Kjelstraumen -Utvær i Solund

Den store "manndomsprøven" for mange er Havsportveka sin krevande padlemaraton mellom Kjelstraumen i Austrheim og Utvær i Solund. Her vert det kryssing av både Fensfjorden og Sognefjorden. I tillegg skal turen mellom Solund og Utvær tilbakeleggjast. I 2010 var det 10 padlarar som fullførde turen. Utvær er det vestlegaste punktet i Noreg, og Kjelstraumen ligg like ved Vardetangen som er det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg. Vil du ha ei skikkeleg utfordring så deltek du på Havsportveka sin padlemaraton.
For meir info og påmelding; www.havsportveka.no

 

Andrea Rice med band

Austrheim samfunnshus/Årås kl 19.00

Kvar kveld under Havsportveka vert det eit spanande kveldsprogram i HavCamp. I år har vi gleda av å ha med oss norgesvenen Andrea Rice. Saman med bandet sitt kjem ho med programmet "THE BEST of IRELAND Folk and ballad". Dette vert ein utruleg kveld med flotte artistar og god stemning. Bar med sal av øl og vin. bill. Kr 150,-. For billettar og meir info, sjekk www.havsportveka.no

 

Håkonarspelet Håkonarvarde

Lindås/Seim kl 22.00

Historisk spel om Håkon den gode. Seim er området der Håkon voks opp og sprang rundt som barn, og der han valde å verta gravlagd. Fleire av scenene grip direkte inn i livet til Håkon den gode knytt opp mot kongsgarden faren Harald Hårfagre hadde i Seim på 900-talet og mora Tora Mostrastong. Spelet byggjer på ein viktig del av samfunnsutviklinga rundt år 900, med forsvarsbygging, innføring av kristendom, om fred og ufred, forhold til andre nasjonar og viktige personar i den politiske leiinga i landet, samtidig som det er lokalhistorie direkte knytt til bygda og regionen. Vert spelt 11., 12. og 13.

Manus: Johannes Heggland
Håkon den Gode: Frank Robert Andreassen
Musikk: Reid Gilje
Harald Hårfagre: Nils Ole Oftebro
Regissør: Leif Egil Vatnøy
Tora Mostrastong: Siren Jørgensen (DNS)
Scenograf: Robert Sinnot
Sigurd Jarl: Frode Winther (DNS)

Kostyme: Janne Robberstad

Kong Adalstein: Claus Sellevoll

Jorunn Skjoldmøy: Lynni Treekrem

 www.hakonshaugen.no  Billettsal www.billettservice.no

Bilete og omtale frå spelet 

 

HavFestivalen 2011

Fjell/ Storasundet, Syltøy

Program: Dagtid: 11.00-17.00 Familie dag med artister som Tomine Harket, Endre Nordvik og mange aktivitetar for store og små, som blant anna Eliasbåt, hesteridning, klatretårn m.m

Kveldstid: 19.00-01.30 Konsertar med Vestlandsfanden, Endre Nordvik, Frank Hammersland, Christine Guldbrandsen, m.fl. (18 års aldersgrense) www.havfestivalen.no

 

Vestlandsforteljingar Adnestova - heimen til fiskarbonden

Øygarden/Sæle Laurdagar kl 14.30

13.07.2011 - 31.08.2011. Oppmøte Adnestova på Sæle i ØygardenAdnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen. Tidsbruk: 1 time. Rutebuss til Sæle kryss(470-479) frå BergenKontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:   Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf  www.kysteventyret.no

 

Kystsogehelg i Bekkjarvik

Austevoll/Bekkjarvik/Stolmen

Laurdag, 13. august:

Torgdag på kaien i Bekkjarvik, frå kl 10.00

Kl 12.00 Offisiell opning av Kystogehelga i Bekkjarvik

kl 15.00 Rokonkurransen Årets sildajenter går av stabelen!Det blir kappestrid der damene får syne fram sine samarbeidsevner og kunnskap i tradisjonell roing med mange par årer, og kåring av Årets sildajenter.

kl 20.00 i Hengjo, Bekkjarvik: Bergen Unge Kammerorkester m/solist Helene Bøksle

kl 22.30 Midnattskonsert med Rein Alexander i Stolmen Kyrkje 

 

Brandasunddagane 

Bømlo/Brandasund

13. og 14. august kl 10.00 - 17.00 begge dagar.

På den gamle Handelsplassen vert det arrangert Brandasundsdagane med torghandel, loppemarked, auksjon, bevertning, trekkspillmusikk, kystkulturaktiviteter. Arr; Johnsen landhandel, Øyvinds Treprodukter, Naustvika Ullverkstad.

 

Goddodagane

Galleri 3.16 Kunstcafè

Austvik/Goddo 13. -14. august kl 12.00 - 18.00 begge dager

Utstilling av Gyllenlær - Olaug Størksens fantastiske arbeider. Bømlodame på snart 90 år. Alma Kjerland - glasskunst. Utsal av kunsthåndverk. Kunst fra Bømlo. Kafè. Musikkinnslag.

 

Til toppen

Måndag 15. august

Vestlandsforteljing Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis

Sund/Telavåg mandagar kl. 13.00

13.07.11- 31.08.11. Oppmøte på Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Frå museet går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet, og dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen. På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år. På denne turen får du innblikk i korleis fiske var før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida i bygda.

Forteljinga føregår ute, og ein må gå 1 km. i terrenget for å koma til Selstøbuene. Terrenget kan vera vått og tidsbruk er 1,5 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen.

Kontaktinformasjon: Museum Vest Nordsjøfartmuseet i Telavåg Tlf: 56327440, e-post:   www.museumvest.no Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Til toppen

Tirsdag 16. august

Ovågen - tett på vågen - Vestlandsforteljingar

Tirsdagar kl 11
13.07.2011 - 31.08.2011 

Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden. Med museet som utgangspunkt, tek vi deg med på ei vandring kring den innarste delen av vågen. Her finn vi 10 000 år med natur- og kulturhistorie. Med utgangspunkt i fiskarbonden sitt heimefiske, vev vi ei historie med tema som spenner frå geologi til nyare tids kulturhistorie. Forteljinga føregår for det meste ute. Tidsbruk 45 min.

Kontaktinformasjon Museum Vest Kystmuseet i Øygarden Tlf: 56385050, e-post:   www.museumvest.no

Onsdag 17. august

Åpen tur med M/S Granvin (Bergen-) Leirvik - Rubbestadneset - Fitjar - Austevoll - Bergen

Leirvik kl 07.30

M/S Granvin går i det gamle ruteopplegget til gamle "Bremnes" fra Rubbestadneset via Fitjar og Austevoll til Bergen. 

M/S "Bremnes" var en kombinert laste- og passasjerbåt som frem til 1978 trafikkerte ruten Bømlo-Fitjarøyene-Austevoll-Klokkarvik-Bergen.  

 

Til toppen

 

 

Torsdag 18. august

 

Viltmøtet hausten 2011

Radøy/Rådhuset på Manger kl 19.00

Tema vert:
Hjortejakt og bruk av hund. Filmvisning av filmfotograf og jeger Martin Blom. (Sal av DVD-filmar)
Hjortejakta 2011 og viltforvalting framover. Av Asbjørn Nagell Toft.
Feltkontrollkurset for hjort. Av Øystein Frotaule
Sjøfuglbestanden i Nordhordland og skjøtsel av sjøfuglbiotopar og minkproblematikk. Av Stein Byrkjeland frå Fylkesmannen i Hordaland.
Matservering

 

Vestlandsforteljingar Hjelme gamle kyrkje - den første kyrkja i Øygarden

Øygarden/Hjelme Torsdagar kl 17

13.07.2011 - 31.08.2011 Oppmøte ved Hjelme gamle kyrkje i Øygarden. Innbyggjarane i Hjelme sokn hadde ei strevsam kyrkjereis i robåt over Hjeltefjorden til Hordabø eller Manger. Etter søknad frå 70 bønder i soknet vart det etterkvart gjort vedtak i Manger kommune om å byggja første kyrkja i Øygarden, og i 1875 vart Hjelme kyrkje vigsla. I Hjelme gamle kyrkje får vi historien om fiskarbøndene sin innsats for å få reist kyrkja, om kyrkjereiser i båt og til fots og om tradisjonar kring kyrkjelege handlingar. Også tonar frå den lokale salmesangtradisjonen vil verta å høyra i denne forteljinga. Tidsbruk: 45 min. Rutebuss til Sæle/Hjelme kryss (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr: Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Til toppen

Fredag 19. august

Bakekurs på Radøystova

Radøy/Sletta

Fredag 19. august kl. 19-22 - laurdag 20. august kl. 9-17.
Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703.

  

Vestlandsforteljingar Hernar - ein utpost til Nordsjøen

Øygarden/Hernar fredagar kl.15.45

13.07.2011 - 31.08.2011. Oppmøte på Rutebåtkaien på Hellesøy i Øygarden. Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå "Englandskaien" under den andre verdskrigen.

Til Hernar kan ein koma med rutebåt frå Hellesøy i Øygarden. Tidsbruk 1 time. Rutebuss til Hellesøy (470-479) frå Bergen. Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr: Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Utekonsert med Rita Eriksen  

Øygarden/Kystmuseet i Ovågen kl 20.00

Rita Eriksen Trio kjem til Kystmuseet i Øygarden for å halde utekonsert på ein av Vestlandets flottaste konsertarenaer. Kystmuseet, Museum Vest

Laurdag 20. august

 

Open dag i Sellevåg treskofabrikk

Gulen/Sellevåg kl 12.00 - 16.00

Sellevåg treskofabrikk er ei lita industriperle inst i Gulen. Det var produksjon av tresko her mellom 1899 og 1972. Frå 1952 vart også sagbruk ei viktig brikke i produksjonslina. Sellevåg treskofabrikk har sidan 1994 vore fokusert på som eit viktig teknisk-industrielt kulturminne og har fått midlar til istandsetting av Riksantikvaren, rørgata nyrestaurert.

Det vert omvisning i treskofabrikken og filmframvisning som syner fabrikken og det vassdrivne maskina i drift. Sal av kaffe og vaflar. Arr. Magne Sellevåg

 

Kulturvandring i Landsbyen i havet

Fedje

Fedje viderefører fjorårets suksess, og inviterer til kulturvandring gjennom landsbyen i havet. Det vert kulturelle innsalg på sentrale stadar i landsbyen.

KartnrStadTidHending
1FerjekaienSjå eigen rutetabell
2Kvalutsal10.45Opning ved Landkjenning as sitt kvalutsal. Opning ved ordføraren, Fedje mannskor syng
3Pernillekafeen11.45Presentasjon av kortreist mat ved lokale kokkar. Smaksprøver av kvalhjarte!
4

Fedje trafikksentral

12.30 -14.30Open dag
5Fedje kyrkje 14.00The Emerald Isles - Sanger fra vest Marianne Juvik Sæbø(sang), Tove Kragset (piano), Dagrun Gunnarson (fløyte) og Jan Torry Sande (Bass). Pris: 150,- kr (Sal ved inngang
6Bedehuset16.00

Tradisjonell basar på Bedehusbasar med kake, kaffi, åresal og prat. Arangør: Fedje indremisjon

7Holmen21.00Dans med Scenario på HolmenKafe

Rapport fra Kulturvandringen

Photo

Tur i fiskarbonden sitt rike - Krossøy

Austrheim/Krossøy kl 14.00

Oppmøte på snuplassen på Krossøy. Guida tur i vakkert øylandskap, freda naustmiljø, gardsmuseum, smie mm. Turen passar for alle og vi vandrar i lett terreng og vert kjend med fiskarbonden sitt liv. Sal av fiskesuppe og kaffi i naustet v/Krossøy Grendalag.

 

Bakekurs på Radøystova

Radøy/Sletta

Fredag 19. august kl. 19-22  - laurdag 20. august kl. 9-17. Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703

 

Grilltreff i Nøtlevågen

Radøy/Nøtlevågen kl. 15.00

Radøy sogelag sitt årlege grilltreff er i år lagt til Nøtlevågen, som ligg ved den "Indre farleia". Ideelle hamneforhold la grunnlaget for stor aktivitet i Nøtlevågen. Dampskipskaia slik den står i dag er frå 1933, meieribygningen er frå 1916 og ishuset frå 1902. Her fekk òg Nøtlevåg Handelslag, som vart skipa i 1920, sine Ishuset er frå 1902. Mykje eldre er det gamle naustmiljøet. Pris: inkl. grilltallerken kr. 100,-. 

 

Biedronki vitjar Manger!

Radøy/Manger kyrkje kl 16.00

Polsk/norsk korkonsert med barnekoret Biedronki frå Polen og barnekoret Sing Out, Alversund. I tillegg kjem Songlaget Alvidt/Manger Billett kr 50/100/200 for barn/vaksen/familie Arr.: songlaget Alvidt/Manger

 

Kveldskonsert i Sæbø kyrkje

Nyansar av kjærleik

Kjærleik i ulike formar er tema for konserten, og musikken er i hovudsak frå det klassiske repertoaret og musikalrepertoaret. Medverkande: Frode Skag Storheim: Piano og konferansier. Lydia Hoen Tjore: Sopran Chris Lund: Tenor
Ingvild Vetås Aagaard Nilsen: Fiolin Sal av mat og drikke i pausen. Billett (sal ved inngangen): Vaksne kr 150. Born (under 14 år) kr 50. Arrangør: Radøy landskapspark

 

Mjøsdalsdagane

Osterøy/Hosanger 12.00

Fskekonkurranse, kunstverkstad med maling for borna, rebusløp for born. Mjøsvågen triathlon. Duathlon for borna. Retroloftet 2011-Mannequinoppvisning på kaien. Mjøsvåg-hestesko-kastemeister 2011. Mjøsdalen fotballcup 2011 Prestemyra kl. 18:30
Fotballkamp mellom barnelag og vaksenlag i fin stil, kostyme og verneutstyr.

Bondens marknad ogs al av mat. Galleri Mjøsvågen, Treskoverkstaden, Retroloftet og Mjøsvågen kafè, med varm mat i tillegg til vanleg meny!

Performancefestivalen «Mellom himmel og hav III»

Askøy/Herdla 13.00 til ca 19.00

Søkelys på møtet mellom menneske og natur. Publikum vandrar på eiga hand i landskapet, og undervegs vil folk få sjå dei ulike hendingane som alle under denne festivalen strekk seg over lang tid. Under vegs blir det også mogleg å kjøpe seg noko å drikke og ete. Dei inviterte kunstnarene kjem mellom anna frå Spania, Indonesia, England og Noreg. Festivalen er gratis. Foreninga AktB ved Robert Alda, Kurt Johannessen og Rita Marhaug, står bak organisering og gjennomføring av festivalen med støtte frå Museum vest. Festivalen er økonomisk støtta av Norsk kulturråd, Bildende kunstneres hjelpefond, Billedkunstnernes vederlagsfond, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

 Film performance på Herdla

Mellom himmel og hav III MHH3_N.pdf

De Zee Ploeg - konsert

Herdla kyrkje kl 19.00

MEDVERKANDE:

Bergen Bach Sextet
Irene Kinunda
Musikantar frå Træet Skulemusikkorps
Kjell Bergsvik og Terje Haugom

Fri inngang!

Arr. Herdla museum, Museum Vest med støtte fra GC Rieberfondene

 

Vestlandsforteljingar Adnestova - heimen til fiskarbonden

Øygarden/Sæle Laurdagar kl 14.30

13.07.2011 - 31.08.2011. Oppmøte Adnestova på Sæle i ØygardenAdnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen. Tidsbruk: 1 time. Rutebuss til Sæle kryss(470-479) frå BergenKontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:   Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

 

Dansegalla i Tysneshallen

Tysnes/Gjerstad ved Våge kl 20.30 - 02.00

Tradisjonen tru vert det arrangert dansegalla under Kystsogevekene. Det blir god gamaldags nonstop dansemusikk med Gruppesax og Tor Endresen med band. Mat, øl, og vinservering, busstransport, bubilcamp og flott gjestehamn i Våge. Arr. Tysnes musikklag

 

Kystsogevekeutstillar 2011 er Bjørg Thorhallsdottir

Bømlo/Moster Amfi

Utstillingsopning laurdag 20. august kl. 12.00, ved Jorunn Skåden. Musikalsk innslag.

Bjørg Thorhallsdottir er født på Island i 1974, men er oppvaksen i Lommedalen og i søraust Asia. Utdanninga si har ho frå kunstakademiet i Barcelona og Toulouse og kunstskular i Asker og Reykjarvik. Utstillinga står til 25. september. Sjå meir på www.mosteramfi.no

 

Til toppen

Søndag 21. august

Bjørn West-marsj

Masfjorden/Matre - Stordalen

Marsj i lett fjellterreng til minne hendingane i Matrefjella under andre verdenskrig. Det vert fleire nyhende i 2011. Mellom anna kan du anten gå "Lang" eller "Kort" rute. Meir info kjem snart. Marsjen tek omlag 5-6 timar.

Marsjdeltakarane vert oppfordra til å delta i minnemarkeringa ved bautaen kl.1600, der ordføraren i Masfjorden, Håkon Matre, held minnetale og legg på krans. Meir info om minnemarsjen på www.bjornwest.no

 

Open gard på Ystebø

Radøy/Ystebø kl 13.00-16.00

Open gard vert i år hjå Bjørnar Floen og Rigmor Nottveit, som tidlegare i år opna ny mjølkeflor. Det vert omvisning i floren, og høve til å helsa på kyr, kalvar, ulike sauerasar m.m. Sal av grilltallerkar og drikke. Gratis inngang. Arrangementet er eit samarbeid mellom Manger Bondelag, Radøy bonde- og småbrukarlag og Radøy sauealslag.

 

Seglkurs

Radøy kl 11.00-18.00

Har du lyst til å læra å segla? Roald og Marta Hvidsten tilbyr seglkurs ombord på Colin Archer-skuta Sunniva, som har ein tradisjonell gaffelrigg. Kurset består både av teori og praksis. Pris: 790 kroner inkludert måltider. For meir informasjon og påmelding, kontakt Roald og Marta på tlf. 56 37 04 88 eller 909 18 214



Bokkafe og foredrag

Lindås/Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl. 13.00 - 17.00. Utstilling om kystkultur.  
kl 15.00 Arne Høyland: Emnetre Han fortel om kor viktig det var å finna dei rette emna til verktøy, båtmateriale m.m. eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  Arr. Eknesvågens venner

 

Mjøsdalsdagane

Osterøy/Hosanger kl 13.00

Sundagstur i Kossdalen. Oppmøte ved Mjøs Metall. Utforsking av Markakunstløypa ispedd litt historikk og lokalhistorie.

Kl. 15.00 opnar aktivitetane i Mjøsvågen. Kafèen, Galleriet, Galleributikken, Treskoverkstaden og Retroloftet stengjer dørene for denne sesongen til "full musikk" - Kom og sjå og høyr! Retro-loftet sel ut resten av varenen sine til priser du vert glad av.  

Frå søndagen i Mjøsvågen 

Herdladagen

Askøy/Herdlevågen kl. 12.00

Gudsteneste i Herdla kyrkja kl. 12.00
Frå kl. 13.30 marknad og underhaldning i Herdlevågen.
-Matservering, Askøybelgen speler, Eliasbåtane kjem. Det vert skattejakt og rokonkurranse. Vestgar kjem.

Foredrag om Øygardsbåtane v. Erling Virkesdal

Berit Haapoldøy held konsert på Herdla museum

På Herdla fort: Open flyutstilling og ope torpedobatteri.

Veteranbuss frå Kleppestø kl. 11.00 - Strusshamn kl. 11.15

Arr. Herdla museum og Herdla sokneråd.

 

Open kafe på Langøy Kystkultursenter

Fjell/Langøy

 

Russarfangane - krigsfangar til festningsarbeid - Vestlandsforteljingar

Søndagar kl 14

Oppmøte på Gjerdet Kulturminnegard sør på Fjell gard. Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og klede. Krigsfangane sjølve gjorde det dei kunne for å sabotera anleggsarbeida. Forteljinga føregår ute med ei vandring i bratt terreng, 600m. Tidsbruk: 1 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen

Museum Vest Fjell Festning Tlf: 56335454 e-post:  www.museumvest.no  

Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Til toppen

 

Måndag 22. august

Vestlandsforteljing Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis

Sund/Telavåg mandagar kl. 13.00

13.07.11- 31.08.11. Oppmøte på Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Frå museet går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet, og dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen. På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år. På denne turen får du innblikk i korleis fiske var før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida i bygda.

Forteljinga føregår ute, og ein må gå 1 km. i terrenget for å koma til Selstøbuene. Terrenget kan vera vått og tidsbruk er 1,5 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen.

Kontaktinformasjon: Museum Vest Nordsjøfartmuseet i Telavåg Tlf: 56327440, e-post:   www.museumvest.no Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Tysdag 23. august 

Ovågen - tett på vågen - Vestlandsforteljingar

Tirsdagar kl 11
13.07.2011 - 31.08.2011 

Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden. Med museet som utgangspunkt, tek vi deg med på ei vandring kring den innarste delen av vågen. Her finn vi 10 000 år med natur- og kulturhistorie. Med utgangspunkt i fiskarbonden sitt heimefiske, vev vi ei historie med tema som spenner frå geologi til nyare tids kulturhistorie. Forteljinga føregår for det meste ute. Tidsbruk 45 min.

Kontaktinformasjon Museum Vest Kystmuseet i Øygarden Tlf: 56385050, e-post:   www.museumvest.no

 

Til toppen

Photo

Onsdag 24. august

Kom å ta Ro-knappen

Radøy/ Sæbøvågen

kl 18.00-ca 20.00

Keipane kystlag vil også i år har ro kampanje, dette er fordi vi ønsker fokus på sikkerheten på sjøen. Ro-kampanjen er en ferdighetsprøve i roing fortøyning og noen sjøvettsregler. Opplæring vil be gitt underveis. Dette er noe alle bør ta, gratis for barn kr 50.- for voksne. Vil bli tildelt pins og diplom ved godkjent prøve. Blir også mulighet 7. september. Påmelding til Kjetil Økland tlf 92 03 46 40 eller Evy Dame tlf. 97423267.

Til toppen

 

Torsdag 25. august

Vestlandsforteljingar Hjelme gamle kyrkje - den første kyrkja i Øygarden

Øygarden/Hjelme Torsdagar kl 17

13.07.2011 - 31.08.2011 Oppmøte ved Hjelme gamle kyrkje i Øygarden. Innbyggjarane i Hjelme sokn hadde ei strevsam kyrkjereis i robåt over Hjeltefjorden til Hordabø eller Manger. Etter søknad frå 70 bønder i soknet vart det etterkvart gjort vedtak i Manger kommune om å byggja første kyrkja i Øygarden, og i 1875 vart Hjelme kyrkje vigsla. I Hjelme gamle kyrkje får vi historien om fiskarbøndene sin innsats for å få reist kyrkja, om kyrkjereiser i båt og til fots og om tradisjonar kring kyrkjelege handlingar. Også tonar frå den lokale salmesangtradisjonen vil verta å høyra i denne forteljinga. Tidsbruk: 45 min. Rutebuss til Sæle/Hjelme kryss (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr: Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Til toppen

Fredag 26. august

Straumstans - arrangementet utsatt/avlyst

 

Vestlandsforteljingar Hernar - ein utpost til Nordsjøen

Øygarden/Hernar fredagar kl.15.45

13.07.2011 - 31.08.2011. Oppmøte på Rutebåtkaien på Hellesøy i Øygarden. Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå "Englandskaien" under den andre verdskrigen.

Til Hernar kan ein koma med rutebåt frå Hellesøy i Øygarden. Tidsbruk 1 time. Rutebuss til Hellesøy (470-479) frå Bergen. Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr: Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

 

Periferifestivalen

26. - 27. august

Periferifestivalen er ein festival for deg som vil oppleva god musikk i eit unikt festivalmiljø. I havgapet sørvest på Sotra ligg Glesvær, det perifere sentrum for Periferifestivalen. Bygda, havet og naustmiljøet gjev stemning og atmosfære - der havsus møter populærmusikk. Sjå heile programmet på www.periferifestivalen.no 

Sjå litt bilete fra Periferien

 

Periferikonferansen

26. august

Periferikonferansen vert avvikla i samband med Periferifestivalen. I år er det tredje gong konferansen vert gjennomført og tema for konferansen i år vert kultur og kulturnæringa si rolle i regional utvikling. Periferikonferansen er eit samarbeid mellom blandt andre Periferifestivalen, Bergen næringsråd, Fjell kommune, Vest næringsråd og Kystsogevekene og vert gjennomført med stønad frå Kulturdepartementet.

www.periferifestivalen.no

 

Kystsogeseilas med Loyal

26. - 27. august

Kvitegaleasen Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal ligg til kais og er open for folk som vil om bord. Det kan bli arrangement om bord.

Første stopp er skuleklassar i Sund, på fredag før opninga av Periferifestivalen. Laurdag er LoyalPeriferifestivalen. Søndag dreg Loyal vidare til Fjell. Arr IKKUS. Meir informasjon kjem.

Sjå bilete frå Kystsogeseilasen

 

Langevågdagane

Bømlo/Langevåg

kl 18.00 - 06.00 LAN for ungdom fra 7. klasse og oppover.

Arrangørar: Bømlo Idrettslag, Bømlo Skyttarlag, Bømlo Tur og Sogelag og Langevåg Bygdatun. www.bygdatunet.no 

Laurdag 27. august

 

Straumstans - arrangementet utsatt/avlyst

 

Radøy motorsamling held ope

Radøy/Radøyvegen 448 (Kalneset) kl 11.00-16.00

Radøy motorsamling held ope, og Guttorm Storheim viser fram den store samlinga med over 200 ulike motorar som har vore brukte i vårt distrikt. Dei aller fleste motorane er sette i stand, og ein del av desse motorane vil verta starta opp denne dagen. Samlinga inneheld også traktorar og jordbruksmaskiner. Det vert servert kaffi og vaflar. Gratis inngang.

 

Ville vekster

Radøy/Midgard på Øvre Manger kl 10.00-18.00

Kva kan du eta av det som veks vilt rundt i naturen og i grøftekanter? Teori, lysbilete og prøvesmaking. Me dreg på tur, samlar inn og lagar måltid. Pris: kr.600,- Nb! Halv pris for born og unge under 18 år. Påmelding til Arr: www.godjord.no

 

Kystsogedagane i Meland

Meland/Holmeknappen

11.00 Offisiell opning av Kystsogedagane i Meland v/Ordfører Nils Marton Aadland.
11.00 - 16.00 Marknad på Holmeknappen.

Sal/utstilling av kunst- og handverksprodukt, utstilling av gamle kjørety og tradisjonsbåter. Aktiviteter for barn og unge. Sal av tradisjonsmat som sild, lefser med mer, samt grønt og småskalaprodukt. Open kafé med middag og kaffimat.

Underhaldningsinnslag fra scenen heile dagen. D/S Oster og M/S Vestgar ligg ved kai, open for omvisning.

Kl 13.00 Konsert med gruppa "Jan Mayen" med utdrag fra sin nye CD "Snu deg mot meg"

Show med motorsagkunstner Arne Askeland.

Holmestova og Sjøbua har utstilling er opne for omvisning. Her kan ein også sjå Holmeknappen i eit anna lys. Elisabeth Garberg stiller ut foto både i Holmestova og Sjøbua.

Spennande musikkinslag i Holmestova der Birgitte Bakke spelar Hang.

Galleri Rustica sin Kystsogeutstilling i år vert MED DAMP OG MED KØL! Ei maritim og nostalgisk utstilling med biletkunstnaren Roald Grimsø, maleri og akvarell. www.gallerirustica.no

Film frå Holmeknappen

 

D/S Oster går båtrute i Herdlafjorden

kl 18.00 - 23.00 D/S Oster går tur fra Holmeknappen til 14 gamle stoppestader i Herdlafjorden etter ei båtrute fra 1932. Musikk, rekebuffet og servering om bord. Tinging av billetter hjå Åge Skjelvik. Tlf 97686875

 

Torgdagane i Salhus 2011

Bergen/Salhus kl 11.00 - 17.00 

Arrangementet foregår på Torget / Kaien i Salhus med telter og scene.

Foreløpige program er:
Visning og salg av kunsthåndtverk, smaksprøver og salg av lokale matprodukter. Salg av mat og drikke
Salhus turn arrangerer trampolinemesterskap, Bergen Nord har konkurranse i ballmestring, Norna Salhus arrangerer lengdehopp og løp konkurranse, Salhus Musikklag og Salhuskoret underholder Arr. Arrangementskomiteen for Torgdagen i Salhus

Norsk Trikotasjemuseum i Salhus har ope med omvisningar, film, utstilling, kulturminneløype, arrangment for barn, kafe og museumsbutikk kl.12-17. muho.no

 Frå Torgdagane i Salhus

 

Vestlandsforteljingar Adnestova - heimen til fiskarbonden

Øygarden/Sæle Laurdagar kl 14.30

13.07.2011 - 31.08.2011. Oppmøte Adnestova på Sæle i ØygardenAdnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen. Tidsbruk: 1 time. Rutebuss til Sæle kryss(470-479) frå BergenKontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:   Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

 

Langøymarknaden

Fjell/Langøy laurdag 27. august og søndag 28. august k l 12 - 17

Også i år frå vi oppleva den tradisjonsrike Langøymarknaden.  Det vert salsboder, musikk, aktivitetar, båtar og skillingsbollar! På laurdagskvelden vert det bryggjedaans. Arr Fjell Kystlag og Lokøy Vel.

Laurdagskvelden vert det god, gammaldags dans i Gamlanaustet Kl 21 - 01

 

Periferifestivalen

Sund/Glesvær 26. - 27. august

Periferifestivalen er ein festival for deg som vil oppleva god musikk i eit unikt festivalmiljø. I havgapet sørvest på Sotra ligg Glesvær, det perifere sentrum for Periferifestivalen. Bygda, havet og naustmiljøet gjev stemning og atmosfære - der havsus møter populærmusikk. Sjå heile programmet på www.periferifestivalen.no

Kystsogeseilas med Loyal

26. - 27. august

Kvitegaleasen Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal legg til kai og er open for folk som vil om bord. Det kan bli arrangement om bord.

Laurdag er LoyalPeriferifestivalen. Søndag dreg Loyal vidare til Fjell. Arr IKKUS. Meir informasjon kjem.

 

Alt og Ingenting

Kulturbakeriet, Storebø kl 15.00

Dukketeaterforestilling barneforestilling med ensemblet Dukkenikkerne. 
 

Langevågdagane

Bømlo/Langevåg

10.00 - 11.30 Frokost på Bgdatunet kafe.
12.00 Redningsselskapet stiller med Eliasbåt. Dyrehage i Sokkamyra. Bømlo Husflidlag deltar med bla. Husflidsaktiviteter for barn inne i hallen. Modellbåtutstilling.
Oselvarlaget og Åkrahavn Fartøyvern forening kommer med Rima 1. Mange andre stander.

12.30 Ove Rocketroll, Noas Ark
12.00 - 16.00 Grilling av kjøtt, bacalao, kaffe og kaker, fillipinsk mat, hoppeslott og andre aktiviteter.
13.30 - 14.00 Animasjonsfilm om Sokkamyra.
14.15 Tryllekunstner Ruben Gazki, fra kl 13:00 lager Ruben ballongdyr til barna.
15.00 Politiker utspørring
15.30 Danseoppvisning med Smådansere, Årshis Danseskule, Søre Bømlo Linedance.

Konferansier for dagen: Franc Ole Olsen.

Revy og dans

Dørene opner kl 20.00

21.00 - 22.30 Korinor og Helge Riises orkester med showet Molly meets Dolly.
23.00 - 02.00 Dans og underholdning med Helge Riises orkester. ( 18 års aldersgrense fra kl 20.00. )

Kystsogearr.: Langevåg Bygdatun, Bømlo Idrettslag, Bømlo Skyttarlag, Bømlo Båtlag og Bømlo Tur og Sogelag.

God gjestehavn med grillhus og dieseltank / bobilparkering på skoleplassen.

www.bygdatunet.no

Ut på sjøen - ut i båt

Sveio/Eikeland kl 12.00 - 16.00

Familiedag ved sjøen, med høve til å ta Roknappen. Leikar, sal av grillmat. Arr. Sveio Kystlag

 

Søndag 28. august

Straumstans - arrangementet utsatt/avlyst

 

Knutar, spleis og tauarbeid

Radøy/Midgard på Øvre Manger kl 11.00-14.00

Kurs i knutar, spleis og tauarbeid. Pris kr 400,-. Nb! Halv pris for born og unge under 18 år. Påmelding til Arr: www.godjord.no

 

Heimalanne'

Radøy/Sletta kl 19.00

Utekonsert ved emigranthusa. Åpningskonserten for årets Knarvikmil vert på Vestnorsk utvandingssenter. www.heimalanne.no Førehandssal av billettar via Billettservice Kr. 200,- + eksp. gebyr www.billettservice.no  tlf. 815 33 133. Billettsal ved inngangen. Arr. Vestnorsk utvandringssenter i samarbeid med Knarvikmila og Radøy kommune.
 
 

Mellomalderdag på Lureklaven

Lindås/Lygra/Lyngheisenteret kl 12 -16

Me ror til øya Lurekalven. Her låg ein gard i Vikingtid og Middelalder, som vart fråflytta etter Svartedauden.
Oppmøte ved Infobygget kl. 12.00 Guida tur til Kalvsundet ( ca 20 min) der båtane ligg og ventar - vi ror over til Lurekalven. Foredrag og guida tur på Middelaldergarden. Servering av Lurefjordsuppe, kaffe/te. www.lyngheisenteret.no 

 

Strilamuseet, aktivitetsdag

Lindås/Seim kl 14.00 - 17.00

Omvisning, film og ny utstilling i Temakroken. Aktivitetsdag med gamle leikar.

Ope kvar søndag frå kl 14.00 - 17.00

 

Bokkafe og foredrag

Lindås/Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl. 13.00 - 17.00. Utstilling om kystkultur.  
kl  15.00 Eli Føritie ( Eli Fjelde Vikan): Mat frå ulike fat. Kosthald i gamal tid. eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  Arr. Eknesvågens venner

 

Kystsogedagane i Meland

Meland/Holmeknappen

kl 9.00 - 10.30 Frokost i kafe teltet. 10.45 M/S Vestgard kjem fra Øygarden. Open for omvisning. 11.00 Friluftsgudstjeneste på Holmeknappen kai. Utdeling av Meland Kommune si kulturrose.

12.00 - 16.00 Marknad og underhaldning på Holmeknappen (Sjå program for laurdag) D/S Oster og M/S Vestgar ligg til kai opne for omvisning.

13.30 Håper på besøk av Hurtigruta.

 

Torgdagane i Salhus

Bergen/Salhus kl 11.00 - 17.00 

Kunsthandverk, lokale matprodukt, fiskekonkurranse, kappadling, mat og drikke. Trikotasjemuseet er ope. Underhading ve Salhuskoret, Salhusrevyen, Salhus musikklag og fleire... Arr. Arrangementskomiteen for Torgdagen i Salhus

 

Gøy på landet

Hordamuseet/Stend kl 11.00 - 16.00

Gardsarbeid, fiske og naustliv er tema for Hordamuseet sitt nye familiearrangement. Hopp i høyet eller bli med på tur med hest og vogn ? Nokre smakebitar av dei mange aktivitetane du kan vere med på denne dagen. www.bymuseet.no/?vis=815  

Bilete og omtale av Gøy på landet

 

Langøymarknaden

Fjell/Langøy laurdag 27. august og søndag 28. august kl 12 - 17

Også i år frå vi oppleva den tradisjonsrike Langøymarknaden.  Det vert salsboder, musikk, aktivitetar, båtar og skillingsbollar! Sjå heile programmet.  Arr Fjell Kystlag og Lokøy Vel.

 

Kystsogeseilas med Loyal

Langøymarknaden

28. - 29. august

Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal ligg til kais om søndagane og er opne for folk som vil om bord. Det kan også bli arrangement om bord. På kvardagen kan Loyal ta i mot skuleklassar.

Loyal kjem frå Sund til Langøymarknaden. Måndag er Loyal tilgjengeleg for skuleklassar i Fjell. Arr IKKUS. Meir informasjon kjem.

Sjå bilete frå Kystsogeseilasen

 

Russarfangane - krigsfangar til festningsarbeid - Vestlandsforteljingar

Fjell/Fjell gard kl 14

Oppmøte på Gjerdet Kulturminnegard sør på Fjell gard. Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og klede. Krigsfangane sjølve gjorde det dei kunne for å sabotera anleggsarbeida. Forteljinga føregår ute med ei vandring i bratt terreng, 600m. Tidsbruk: 1 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen

Museum Vest Fjell Festning Tlf: 56335454 e-post:  www.museumvest.no  Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

 

Kystkulturstemne i Trellevik

Sund/Trellevik kl 11.00

Gudteneste føst. Sidan går det slag i slag med vandring/båttur i øyriket, prøva jollesigling, kano- og kajakkpadling, styra Elias frå Redningsselskapet Oselvarregatta om Trellevikpokalen. Underhaldning i naustet med premieutdeling. Kafe i skjenkestova. Kulturprogrammet vert avrunda med Ole Fjeld sitt Johannes Kleppevik program i Trelleviknaustet. Alt er gratis.

Folkeakademiet Sund arrangerar kystkulturstemne i Trellevik saman med soknepresten i Sund, Torfterøyspeidarane, Torfterøy bygdelag, toftosen seglarlag, Sund kystlag.

 

Tur i Nordsjøløypa

Sund/Glesvær kl 11.00

Frå Handelstaden på Glesvær, guida tur til Museum Vest Nordsjøfartmuseet. Turavgift.

 

Kystsogedag på Baadeholmen

Bømlo/Espevær kl 12.00-18.00

Baade's Kjøkken serverer tradisjonsrik mat og byr på hellebakst "ved peisen". Omvisning hver hele time i det gamle Handelshuset Museet Baadehuset og Johs Mæhle Mek. verksted demonstrerer gamle båtmotorer. Bøting av garn.

Måndag 29. august

Knarvikmila

Seminar: Kl 10.00 - 15.15 og kl 18.00 - 21.15

Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug.
Tema: PRESTASJON OG PRESENTASJON FOR ENHVER PRIS?

www.knarvikmila.no

 

Kystsogeseilas med Loyal

Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal ligg til kais om søndagane og er opne for folk som vil om bord. Det kan også bli arrangement om bord. På kvardagen kan Loyal ta i mot skuleklassar. Måndag er Loyal tilgjengeleg for skuleklassar i Fjell. Arr IKKUS. Meir informasjon kjem.

 

Vestlandsforteljing Selstøbuene - frå notbu til hytteparadis

Sund/Telavåg mandagar kl 13.00

13.07.11- 31.08.11. Oppmøte på Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Frå museet går turen i Nordsjøløypa til Selstøbuene. Dei er noko av det einaste som var att etter Telavågtragedien i 1942. Selstøbuene ligg ytst ved havet, og dei vart tidlegare nytta som garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både under og etter krigen. På slutten av 1950-talet leigde byfolk staden i over 20 år. På denne turen får du innblikk i korleis fiske var før i tida, terrorhandlinga i Telavåg i 1942 og etterkrigstida i bygda.

Forteljinga føregår ute, og ein må gå 1 km. i terrenget for å koma til Selstøbuene. Terrenget kan vera vått og tidsbruk er 1,5 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen.

Kontaktinformasjon: Museum Vest Nordsjøfartmuseet i Telavåg Tlf: 56327440, e-post:   www.museumvest.no Fleire Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Tysdag 30. august

Kvardagliv i 1850 Skuleklasse på Bogatunet

Radøy/Boga Tysdag 30. august - torsdag 1. september

Ein skuleklasse frå Manger skule er på Bogatunet og levandegjer korleis familiar levde på 1850-talet. Elevane er kledd opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane dei tradisjonelle gjeremåla. Ope tysdag og onsdag i skuletida, og ettermiddag torsdag. Arr: Radøy kommune og Radøy sogelag

 

Knarvikmila

Lindås/Knarvik

Funksjonerløp www.knarvikmila.no

 

Ovågen - tett på vågen - Vestlandsforteljingar

Tirsdagar kl 11
13.07.2011 - 31.08.2011 

Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden. Med museet som utgangspunkt, tek vi deg med på ei vandring kring den innarste delen av vågen. Her finn vi 10 000 år med natur- og kulturhistorie. Med utgangspunkt i fiskarbonden sitt heimefiske, vev vi ei historie med tema som spenner frå geologi til nyare tids kulturhistorie. Forteljinga føregår for det meste ute. Tidsbruk 45 min.

Kontaktinformasjon Museum Vest Kystmuseet i Øygarden Tlf: 56385050, e-post:   www.museumvest.no

Onsdag 31. august 

Songskatten vår

Radøy/Sæbø kyrkje kl 19.00

Ei feiring i ord og tonar av songskatten vår med Olav Marås og William Kay. I år er det 175 år sidan Elias Blix blei fødd og han vil naturlegvis vera blant dei som er i fokus denne kvelden. Ta med songstemmen og ver med på eit musikalsk møte med kjende og kjære songar - og forfattarane som står bak. Arrangør: Radøy sokn og Radøy mållag.

 

Kvardagliv i 1850 - Skuleklasse på Bogatunet

Radøy/Boga Tysdag 30. august - torsdag 1. september

Ein skuleklasse frå Manger skule er på Bogatunet og levandegjer korleis familiar levde på 1850-talet. Elevane er kledd opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane dei tradisjonelle gjeremåla. Ope tysdag og onsdag i skuletida, og ettermiddag torsdag. Arr: Radøy kommune og Radøy sogelag

 

Knarvikmila

Lindås/Knarvik

Kultur og natur arrangement. www.knarvikmila.no

 

Til toppen

Torsdag 1. september

Knarvikmila

Lindås/Knarvik

Ungdomsløpet: 8. - 10. klasse
Stad: Knarvik Stadion/Nordhordlandshallen

 

Kvardagliv i 1850 - Skuleklasse på Bogatunet

Radøy/Boga

Ein skuleklasse frå Manger skule er på Bogatunet og levandegjer korleis familiar levde på 1850-talet. Elevane er kledd opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane om dei tradisjonelle gjeremåla. Ope tysdag og onsdag i skuletida, og ettermiddag torsdag. Arr: Radøy kommune og Radøy sogelag

 

Forteljinga om Madli under apalen

Fitjar/Peraløo i Vik kl 19.00

Forteljing ved Johanne Øvstebø Tvedten. Bygd på Jens Tvedt sine romanar Madli und' apalen og Guds løn. Inngong kr. 100,- Samarbeid mellom Sunnhordland Museum og eigarane av Peraløo.

 

Fredag 2. september

Knarvikmila

Konferanse

Stad: Frekhaug/Nordhordland Folkehøgskule.
Tid: 09.00 - 15.15

Konsert

Stad: Frekhaug/Nordhordland Folkehøgskule.
Tid kl 1900

17.00 til 20.00: Påmelding til KnarvikMila og MiniMila i Knarvik Senter. www.knarvikmila.no

 

Bakekurs på Radøystova

Radøy/Sletta Fredag 2. september kl. 19-22 og laurdag 3. september kl 9-17

Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703          

Photo
Del på Facebook

Kanaldagane 2011

Bømlo/Finnås 

Heile helga 2.  - 4. september. Kanaldagane vart starta i 2002 som ein del av Kystsogevekene, og eldsjeler i bygda slo seg saman for å laga ei maritim messe som skulle femne vidt i Sunnhordaland. Resultatet alt første året var overveldande, og messa kunne frå første stund kallast ein suksess, etter dette har messa år for år sett nye rekordar både i talet på utstillarar, båtar og ikkje minst gjester. Både utstillarar og publikum kosar seg på Kanalsbakkane, og båttrafikken gjennom Kanalen er aldri større enn denne helga. www.kanaldagane.no

Kanaldagane fredag 2. september:

16.00 Messeområdet opnar
17.30 Våge og Meling Samarbeidskorps

18.00 Opning av Kanaldagane 2011 v/ordfører Inge Reidar Kallevåg

19.00 Historisk foredrag Steinrike v/Brynjar Stautland
19.30 Barnediskotek
21.30 Messeområde stengjer

Til toppen

Program Kanaldagane Kanaldagane2011-program.pdf

Laurdag 3. september

Knarvikmila

Minimila - Familiedag

Stad: Knarvik Stadion/Nordhordlandshallen. Start: 13.00 (Knarvik Stadion)
Påmelding Minimila kl 10.00-13.00 i Nordhordlandshallen
Påmelding og utdeling av startnr. til Knarvikmila kl 10.00-14.00 i Nordhordlandshallen.
Informasjonsmesse - Helse og fysisk aktivitet. Stad: Nordhordlandshallen
Tid: 10.00 - 16.00. Pølsefest i Knarvik senter
Tid: 15.00 - For deltakarar på Minimila.

Fjord Norway Half Marathon
Start: 15.00

Treningsseminar med Haile Gebrselassie. Start: 17.30

 

Sandviksdagene 3. - 4. september kl 12-16

Sandviksboder Kystkultursenter

Av det programmet nevner vi:

Utstilling og kjøring av veteranmotorer.
Modellbåtkjøring og utstilling.
Turer med vikingskipet og andre båter.
Fisketurer i regi av Norges Fiskerimuseum, Motivasjon & Mestring og "Real".
Roturer og muligheter for å ta roknappen.
Varmrøyking av fisk
Repslagning.
Ulike andre aktiviteter for store og små.
Salg av mat og diverse annet.
Åpent Norges Fiskerimuseum med ulike utstillinger, servering og aktiviteter.
Bodvandringer.
Slepebåten "Vulcanus" ligger til kais.
Inviterte gjester med ulike aktiviteter.

For mer informasjon: www.kystkulturbergen.no   

Bilete frå Sandviksdagene

 

Open dag ved Sunnhordlandstunet

Stord/Leirvik

Sunnhordland museum arrangerar open dag med aktivitetar www.sunnhordland.museum

 Frå Manekengoppvisning og aktivitetar

Photo

Kanaldagane 2011

Bømlo/Finnås kl 10.00

Til Kanaldagane kjem det veteranbåtar, det vert standar av ymse slag, yrande folkeliv og variert underhaldning for born og vaksne.

Kanaldagane lørdag 3. september:

10.00 Messeområde opnar
11.00 Eliasbåtene, Hesteskokonkurranse, Rokonkurranse

14.00 Historisk foredrag ved professor ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot

15.00 Klovnen Kåre Knall

17.30 Matti Røssland

19.00 Messeområde stenger
20.30 Innslepp til dans
22.00 Utedans m/Palleband

 sjå www.kanaldagane.no

Skyss setter opp Buss + maxitaxi fra Kulleseidkanalen etter Utedansen (natt til 4. september) kl 01.40 og 02.45 både til Svortland-Rubbestadneset og til Langevåg. Bussen kl 01.40 korresponderer med buss til Mosterhamn.

Egne Trygt heim-takster, se skyss.no

Stemningsrapport frå lørdagen på Kanaldagane 

 

Program Kanaldagane Kanaldagane2011-program.pdf

Christine Guldbrandsen i Sjøhuset

Sveio/Buavåg

Sveio Gullforening inviterer til konsert med Christine Gulbrandsen i Sjøhuset i Buavåg. www.christine.bz/ 

Søndag 4. september -

 

Bokkafe og foredrag

Lindås/Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl. 13.00 - 17.00. Utstilling om kystkultur.
Kl 15.00: John Ragnar Myking: Strilelandet og Bergen. Eit skråblikk på tilhøvet mellom stril og bergensar frå mellomalderen til i dag
eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  Arr. Eknesvågens venner

 

Knarvikmila

Linsås/Knarvik

Informasjonsmesse - Helse og fysisk aktivitet. Stad: Nordhordlandshallen kl 10.00 - 16.00

Knarvikmila

Stad: Knarvik Stadion
10.00 Utdeling av startnr og etterpåmelding i Nordhordlandshallen
11.30 - 13.30 Start naturløype
12.40 Fellesoppvarming til 10 km.
13.00 Start 10km
13.05 Fellesoppvarming til 5 km
13.45 Start 5km
14.30 Utdeling av premiar til 3 beste kvinner og menn på 5km og 10km
15.00 Trekking av hovudpremiane i Knarvikmila.

www.knarvikmila.no

 

Sandviksdagene 3. - 4. september kl 12-16

Sandviksboder Kystkultursenter

Av programmet nevner vi:

Utstilling og kjøring av veteranmotorer.
Modellbåtkjøring og utstilling.
Turer med vikingskipet, og andre båtar.
Fisketurer i regi av Norges Fiskerimuseum, Motivasjon & Mestring og "Real".
Roturer og muligheter for å ta roknappen.
Varmrøyking av fisk
Repslagning.
Ulike andre aktiviteter for store og små.
Salg av mat og diverse annet.
Åpent Norges Fiskerimuseum med ulike utstillinger, servering og aktiviteter.
Bodvandringer.
Slepebåten "Vulcanus" ligger til kai.
Inviterte gjester med ulike aktiviteter.

For mer informasjon: www.kystkulturbergen.no  

 

Gamle Bergen

Bergen/Sandviken kl 12-16

Gamle Bergen Museum. Åpen mølle og snekkerverksted. Gratis adgang. bymuseet.no

 

  

Sjå programmet

Lik Hanevikdagen

Hanevikdagen

Askøy/Hanevik kl 12.00

Fram til 1964 hørte Hanevik krets til Alversund og Meland sokn. Kommunikasjonen med omverdenen gikk via sjøen. Kirke, lensmann, jordmor, lege og skole lå under kommunesenteret på andre siden av fjorden. Hanevik kai var knutepunktet, og her er det vi inviterer til Hanevikdagen 2011.

Program:
Veteranbuss fra Ask ankommer Hanevik kl 12.
Kl 12 - Åpning og velkomst på kaien. Kulturinnslag
Kl 13 - Foredrag i Losjehuset v/ Linda Lien: Lokal identitet i ei global tid
Utstillinger, salgsboder, underholdning, kulturelle innslag, leker og aktiviteter i naust og på kaier.
Matservering i boder og naust.
Kl 17 - Avslutning
Buss går i retur til Ask.

Arrangør: Hanevik velforening  

Frå Hanevikdagen

Nordsjøløypedagen i Fjell

Fjell/Ågotnes/Kårteveit

Aktivitetsdag i Kårtveitpollen og tur i Nordsjøløypetraseen på Ågotnes. Markeringa av Nordsjøløypedagen i Fjell kommune vert lagt til Kårtveitpollen friluftsområde. Vandring med turlos i NL-løypa mellom Landro og Kårtveitpollen friluftsområde.

12.00 Oppmøte ved Landro skule Parkering ved skulen og Landro kyrkje. Terrengløp i NL-løypa mellom Ågotnes og Spjeldsfjellet.
14.00 Opning av kultursjefen i Fjell,Lennart Fjell. Underhaldning av elevar frå Fjell kulturskule, fiskekonkurranse, div. aktivitetar for born, grilling og lett servering.

Arrangør: Nordre Fjell friidrett og Sotra og Øygarden jeger og fiskarforening i samarbeid med Fjell kommune

Frå Nordsjøløypedagen i Fjell

 

Nordsjøløypedagen i Øygarden

Øygarden/Hjelme kl 12.00

Oppmøte Gamle Hjelme Kirke, Vestlandsforteljing om Gamle Hjelme Kirke, kr 70 pr pers.

Deretter 2-timars tur i Nordsjøløypa frå Hjelme til Bakken, vidare vest til Gløvreneset og tilbake over Stakkjen til Hjelme.

 

Kanaldagane

Finnås/Bømlo

10.00Messeområde opnar
11.00 Friluftsgudsteneste
12.00 Ro-konkurranse
14.00 Slogmåkane
Består av nokon muntre herrar frå Karmøy som synger gamle sjantisonger som blei brukt om bord på seglskutene for å gjera arbeidet lettare. Dei har opp gjennom åra utvida sjantibegrepet så mykje i sitt repertoar, at dei har tatt bort ordet "sjantikor" i namnet, og går no bare for "Slogmåkane". Ofta omtalt som nord-Europas feitaste boyband.
15.30 Revy "Vandring i Bedehusland" av bli historieforteljarane Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid.
Du gleda deg til ei spennande reise gjennom 200 år med bedehusfolk, lekmenn, prestar og bestemte damer. Typegalleriet er til å le og grina av. Nokon kjenner seg att, andre får ny innsikt! Og her blir det ryfylke- og sunnhordlandske historiar i ein salig blanding.
17.00 Messeområde stenger 

www.kanaldagane.no

 

Temadag i Buavåg

Sveio/Sjøhuset i Buavåg

Gudsteneste på sjøhuset i Buavåg. Tur, foredrag, utstilling med tema handarbeid til kjøken.

10.00 Tur til gullgruvene på Hovda. Tema: Mineraler. Turleiar Lars Johan Lysen.
11.30 Gudsteneste på sjøhuset i Buavåg
14.30 Foredrag om kjøkenhusflid
Utstillingar, sal av mat, kunstplakat. Arr. Sveio gullforening

 

Utstillingsopning på Ryvarden

Sveio/Ryvarden kulturfyr

Meir informasjon kjem seinare www.ryvarden.no

Måndag 5. september

Temakveld: Brikkevev - Osebergdronningens vevredskap

Lindås/Hillesvåg kl 18.00

Husflidens Hus i Hillesvåg, Nordhordland Husflidlag er arrangør.

 

Politisk debatt

Radøy/Manger kl 19.00

Utstillingshallen på Radøy ungdomsskule. Førstekandidatane for dei politiske partia stiller i paneldebatt. Torleiv Frotjold er møteleiar.

Til toppen

Onsdag 7. september

Ro-knappen

Radøy/ Sæbøvågen

kl 18.00-ca 20.00

Keipane kystlag vil også i år har ro kampanje, dette er fordi vi ønsker fokus på sikkerheten på sjøen. Ro-kampanjen er en ferdighetsprøve i roing fortøyning og noen sjøvettsregler. Opplæring vil be gitt underveis. Dette er noe alle bør ta, gratis for barn kr 50.- for voksne. Vil bli tildelt pins og diplom ved godkjent prøve. Påmelding til Kjetil Økland tlf 92 03 46 40 eller Evy Dame tlf. 97423267. 

Blir også arrangert 24. august

 

Songar frå bedehusland

Osterøy/Hauge bedehus kl 19.00

Song- og musikkandakt med Lise Einarsen Haukås og Kari Sæle. Mat og drikke i godt lag til slutt på møtet. Arr. Gjerstad, Hauge og Valestrand indremisjon

 

Til toppen

 

Torsdag 8. september

A farm for the future

Radøy/Manger kino kl 18.00

Framsyning av den omdiskuterte filmen Korleis vil og bør jordbruket utvikla seg vidare? Etterpå vert det tid til ein halv times diskusjon. Filmframsyninga er gratis. Arrangør www.godjord.no

 

Ope hus - kom og ver med på ein dansekveld

Osterøy/Grønskaret kl 18.00

Osterøy seniordans inviterer til dansekveld.

 

Fredag 9. september

NYTT I ÅR, ARRANGEMENT FRÅ KVINNHERAD ER MED I MØNSTRINGA:

Kystdagane på Sunde kl 19

KVINNHERAD/Sunde 9. - 11. september

Kystdagane på Sunde skal fremja kystkultur og aktivitetar knyta til sjøen, før og no. Utstillarane er i hovudsak aktørar som har aktivitetar knyta til sjø, eller som formidlar historie og gamal kunnskap knyta til kystkultur.
Me kan tilby ei innhaldsrik helg med aktivitetar for born, ungdom og vaksne. Det vert båtspikking, forteljarstund med Rune Belsvik, rokonkurranse, Eliasbåtar, kulturvandring, kunstutstilling.

Opning av kunstutstillinga «Krusingar her!» av Camilla Fonneland Sandberg. Introduksjon ved Ivar Vaage. Song ved Karina Opdal. 

kl 20.00 Pubkveld i teltet

Program Kystdagene Sunde sunde_kystkultursenter_plakat.pdf

Laurdag 10. september

 

Risnesmarknaden

Radøy/Risnes kl 12.00-15.00

Risnesmarknad med diverse salsboder. Sal av mellom anna grønsaker, også økologiske. Aktivitetar for store og små.

 

Husflidsdagen

Lindås/Hillesvåg 11-15

Markering av Husflidens dag i Husflidens Hus i Hillesvåg. Demonstrasjon av ulike handverkteknikkar. Utstilling av husflidsprodukt. Kafé med tradisjonsmat. Arr. Nordhordland Husflidslag

 

Introduksjonskurs til permakultur

Radøy/Midgard , Øvre Manger 

Laurdag 10. - søndag 11. september Kva er permakultur, og kva er opphavet opphavet, idéen, filosofien og etikken bak dette? Praktiske oppgåver. Kurset går over to dagar og er på tilsaman 12 timar. Laurdag 10. september kl 11.00 - 18.00 og søndag 11. september kl 10.00- 15.00. Pris kr 900,- inklusiv mat. Overnatting kan ordnast. Påmelding til bm@godjord.no Arr: www.godjord.no

 

Open smie

Radøy/Kvalheim kl 14.00 - 18.00

Gamle smiers venner skipar til Open smie på Kvalheim. Smia er ein del av kulturtunet som Karstein Vågenes er i ferd med å bygga opp på Kvalheim. Smia er ny, men er full av gamalt smedutstyr som er samla frå ulike stader. Denne dagen vert det presentasjon av smia, gamalt utstyr og smedteknikkar, og fleire dyktige smedar vil vera tilstades. Det kan verta høve til å prøva seg som smed. www.gamlesmier.com  

 

Alternativ haustmarknad

Osterøy/Solbjørg ungdomshus kl 11.00-18.00

Solbjørg ungdomslag inviterer til ein marknad utanom det vanlege - økologisk, åndeleg og alternativ. Alt med rot på Osterøy.

Skjulte skattar - spor i landskapet

Osterøy/Gjerstad kl 18.00

Ei kulturhistorisk vandring på Gjerstad.

 

Bergenhusdagene

Bergen/Festningen

Laurdag 10. - søndag 11. september kl 12 - 18

Håkonshallen feirer i år 750-årsjubileum og i den forbindelse kommer vi til å tilby et utvidet program under årets Bergenhusdager. Håkonshallen har en sentral plass i handels- og kystbyen Bergen, anlegget har siden 1200-tallet vært det første som møter besøkende som kommer sjøveien. Arrangementet har gratis inngang og er tradisjonelt beregnet for barnefamilier, men vi håper å nå et bredt publikum med et stort og variert program. Det blir ekte ridderturnering med hester, og i tillegg vil det bli kampoppvisning med Kongshirden, diverse omvisninger, foredrag og annen formidling innendørs og utendørs, et middelaldermarked og ulike aktiviteter for barn (kampskole, verksted, pil og bue, trebuchet, aktivitetsløype), musikk og mye liv.

Arrangementet vil starte med parade fra Vågsbunnen begge dager. bymuseet.no

 

NYTT I ÅR, ARRANGEMENT I KVINNHERAD ER MED I MØNSTRINGA:

Kystdagane på Sunde

KVINNHERAD/Sunde 9. - 11. september

Kystkulturdagane på Sunde skal fremja kystkultur og aktivitetar knyta til sjøen, før og no. Utstillarane er i hovudsak aktørar som har aktivitetar knyta til sjø, eller som formidlar historie og gamal kunnskap knyta til kystkultur.

Kl 10.00-11.30: Kulturvandring på Sunde. Oppmøte ved Into Elektro. (v/Skjeret)
Kl 11.00: Opning av torgdag i båthamna og utstilling i Bergslagen: «Kystkulturhistorie frå Sunde» 

Ei innhaldsrik helg med aktivitetar for born, ungdom og vaksne. Det vert båtspikking, forteljarstund med Rune Belsvik, rokonkurranse, Eliasbåtar, kulturvandring, kunstutstilling.

Kl 19.00: Servering i teltet opnar.
Kl 20.00: Revyshow med Nils Trygve Markhus og Arne Torget med vener.
Kl 21.00: Humming Beez spelar til dans

Til toppen

Plakat Kystdagene Sunde sunde_kystkultursenter_plakat.pdf

Søndag 11. september - Kulturminnedagen

 Kulturminnedagen i år er søndag 11. september. Tema i år er "Skjulte skatter - spor i landskapet" www.kulturminnedagen.net

Husmannsplassen - Torvneset

Austrheim/Vardetangen kl 12.00

Oppmøte ved hurtigbåtkaien Vardetangen. Vi vert kjend med livet på husmannsplassen - Torvneset; klipping av sau, hesjing, skjering av ålegras, tang og tare. Haakon Aase fortel om jordkjellaren. Song og musikk. Det vert sal av kaffi og kaffimat. Torvneset er tenkt som ein møteplass for alle, og startpunkt for fottur til Noregs vestlegaste fastlandspunkt. I samarbeid med Austrheim kyst- og sogelag er dette ein markering av Kulturminnedagen 2011 med tema "Skjulte skattar. Spor i landskapet".

 

Nordanger gardsmuseum ope

Radøy/Nordangerkl 10.00-17.00

Den gamle skulen på Nordanger var i bruk som skule fram til 1912. Den er no innreidd som museum med samlingar av ulike gamle gjenstandar frå skular og bygdelivet. Denne dagen er det høve til å koma å sjå skulehuset og samlingane.

 

Familiefiskekonkuranse

Radøy/Sæbøvågen kl 11.00

Keipane kystlag inviterer til fiskekonkurranse for heile familien. Ein kan fiska frå land eller båt, og med stang og snøre. Rebuskonkurranse for dei minste. Sal av mat og drikke. Sal av fiskekort startar ved slippen kl. 11.00. Premieutdeling ca. kl.16.00. Salg av fiskekort på Slippen i Sæbøvågen kl 11.00 Kr 50.- for enkelt personer eller 100.- for familie
Fiske pågår mellom kl 12.00 og kl 15.30.
Veiing av fisken : På slippen
Premieutdelig: På Slippen ca kl 16.00 .17.00
Premiering: Størst fisk, også vandrepokal. Minst fisk (kun barn under 12 år). Mest fisk. Salg av mat og drikke på Slippen  

 

Spor i naturen

Lindås/Hillesvåg kl 14-17

Kulturminnedagen i Husflidens Hus i Hillesvåg - natursti, sanking av planter til farging og plantefarging. Arr. Nordhordland Husflidslag

 

Bokkafe og foredrag

Lindås/Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl. 13.00 - 17.00. Utstilling om kystkultur. 
Kl 15.00 Håkon Askeland: - dei sleit i lag. Samarbeid mellom strilane for å overleva på land og sjø. eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  Arr. Eknesvågens venner

 

Havråtunet

Osterøy/Havrå kl 12.00 og 13.30

Omvising i tunet. Gratis inngang. www.muho.no/havratunet

 

Skjulte skattar - spor i landskapet

Osterøy/Raknes kl 12.00

Ei kulturhistorisk vandring på Raknes. Me startar på busstoppen ved mjølkerampa og går den gamle sjøvegen. Ta med niste og gode klede! Arr. Osterøy Museum www.muho.no/osteroy-museum

 

Vandring på kyrkjevegen

Osterøy/Låstavatnet kl 16.00

Lonevåg helselag og Lonevåg grendaråd tar deg med på kulturvandring på den gamle kyrkjevegen til Gjerstad. Frammøte i Flatevad.

 

Bingo med musikk

Osterøy/Hamretun kl 16.00

Hamre/Hjellvik musikklag inviterar til bingo med musikk. Servering av kaker, kaffi og saft.

 

Bergenhusdagene

Bergen/Festningen

Laurdag 10. - søndag 11. september kl 12 - 18

Håkonshallen feirer i år 750-årsjubileum og i den forbindelse kommer vi til å tilby et utvidet program under årets Bergenhusdager. Håkonshallen har en sentral plass i handels- og kystbyen Bergen, anlegget har siden 1200-tallet vært det første som møter besøkende som kommer sjøveien. Arrangementet har gratis inngang og er tradisjonelt beregnet for barnefamilier, men vi håper å nå et bredt publikum med et stort og variert program. Det blir ekte ridderturnering med hester, og i tillegg vil det bli kampoppvisning med Kongshirden, diverse omvisninger, foredrag og annen formidling innendørs og utendørs, et middelaldermarked og ulike aktiviteter for barn (kampskole, verksted, pil og bue, trebuchet, aktivitetsløype), musikk og mye liv.

Arrangementet vil starte med parade fra Vågsbunnen begge dager. bymuseet.no

Bilete fra Bergenhusdagene

 

Aktivitet i Strusshamn

Askøy/Strusshamn

14.00 Historisk vandring med Erling Virkesdal langs gammel kirkevei i Strusshamn. Oppmøte v/Hans Nilsen Hauge-monumentetKl.

15.00 Erling Virkesdal fortelle historien om naustet og leser Jakob Sande-dikt. Askøy Kystlag serverer kaffe og vafler. (Galeasen Loyal har diverre motorproblem, og kan ikkje komme til Strusshamn).

16.00 Kystlaget har åpnet naust på Holmen. Erling Virkesdal forteller historien om naustet. Kystlaget serverer kaffe og vafler. KONSERT med Berit Håpoldøy m/fl.

Kystsogeseilas med Loyal 

Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal ligg til kais og er open for folk som vil om bord.  Arr IKKUS.

 

Skjulte skatter - spor i landskapet 

Øygarden/Kystmuseet i Ovågen

Kulturminnedagen kl 12

På kulturminnedagen med tema "Skjulte skatter, spor i landskapet". Da vises historiske filmer på Kystmuseet kl 13 og 15, med informasjon om ulike kulturminner og hvor man kan finne de i landskapet.  www.museumvest.no

 

Kulturminner i Vargavågen, frå helleristningar til kleberbrot

Os/Halhjem kl 12.30

Skjulte skattar. Spor i landskapet er tema for Kulturminnedagen. Ole Mikael Olsen Ramsøy frå Hordamuseet losar oss gjennom soga til "Dei fyrste osingane." Rotur til vargahola. Oppmøte kl 12.30  ved kryss Halhjemsmarka/Bjørnavegen. Parkering ved Halhjem barnetun.

 

Ballastrøysar og handel over havet

Tysnes/Skorpo skule kl 14.00

Eit tilbakeblikk på handelen over havet mellom folka på Shetland / Orknøyane og Vestlandet i farne tider. Kåseri v/ Mikal Heldal 
Arr: Tysnes sogelag

Artikkel frå arrangementet

 

Bronsealdergravrøysa på Huglo. Eit 3000 år gamalt spor i landskapet

Stord/Huglo kl 13.00

Startssted: Omnshuset på Nordhuglo. Orientering om prosjektet og bakgrunnen for det. Foredrag om emnet av Bård Gram Økland. Tur ut til gravrøysa, ca en halvtime å gå, på veg og kupert sti. Der møtar vi born i bronsealderklesdrakter, opptekne av ymse aktivitetar. "Opning" av røysa med snorklypping, og avduking av infotavle. Demonstrasjon av mat (truleg fisk) tillaga i kokegrop med smaksprøvar. Servering av "skogskaffi" og kaffimat og saft. Arrangementet er gratis. Arrangør: LivOGLyst Huglo

Bilete frå Bronsealderrøysa

 

Skjulte skattar. Spor i landskapet - Vandring i Hystadmarka

Stord - utgår 

 

NYTT I ÅR, ARRANGEMENT I KVINNHERAD ER MED I MØNSTRINGA:

Kystkulturdagane på Sunde

KVINNHERAD/Sunde kl 12.00 - 16.00

Kystkulturdagane på Sunde skal fremja kystkultur og aktivitetar knyta til sjøen, før og no. Utstillarane er i hovudsak aktørar som har aktivitetar knyta til sjø, eller som formidlar historie og gamal kunnskap knyta til kystkultur.

Kunstutstilling av Camilla Fonneland Sandberg held fram.

 

Skjulte skattar. Spor i landskapet

Sveio/Vikse kl 12.00

Tur i Vikse-området med tema "Skjulte skattar. Spor i landskapet": Gullringen frå Vikse, Smørsundkjerringa og Ramnaflòke. Kulturlosar: Magnus Skåden, Kristian Råsberg. Start frå Vikse skule (parkering). Turen går via Straumen til Krokane.

Gullringen frå Vikse, frå bronsealderen.

Til toppen

Måndag 12. september

Spor i naturen

Lindås/Hillesvåg

I veke 37 er Spor i naturen eit tilbod til skuleborn gjennom Den kulturelle skulesekken. Innføring i ullfibrane sine eigeskaper, plantefarging. Nordhordland Husflidslag i samarbeid med Hillesvåg ullvarefabrikk.

 

Kystsogeseilas med Loyal

Askøy/Strusshamn

Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Måndag 12. september besøker ein barnehage Loyal. Arr IKKUS.

 

Til toppen

 

Torsdag 15. september

 

Fartein Valen-festivalen

Sveio og Haugesund 15. - 18. september

Festivalen vil formidle inntrykk av en av Norges fremste og mest nyskapende komponister. Det blir lagt vekt på et variert og spennende program som vil øke forståelsen av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponistens hjem og miljøet rundt.

www.farteinvalen.no

 

 

Til toppen

Fredag 16. september

 

Bakekurs på Radøystova

Radøy/Sletta

Fredag 16. -laurdag 17. september
Fredag kl. 19-22 og laurdag kl. 9-17. Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig.. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703

Fartein Valen-festivalen

Sveio og Haugesund 15. - 18. september

Festivalen vil formidle inntrykk av en av Norges fremste og mest nyskapende komponister. Det blir lagt vekt på et variert og spennende program som vil øke forståelsen av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponistens hjem og miljøet rundt. www.farteinvalen.no

Til toppen

Laurdag 17. september

 

Liv i emigranthusa

Radøy/Sletta september kl 11.00 - 15.00

Ver med på nybyggjarliv på Vestnorsk utvandringssenter. Skyt med pil og boge, besøk indianerteltet, lag reiskap av stein m.m. Aktivitetar for heile familien. Sletta Arr. Vestnorsk utvandringssenter

Bilete frå emigranthusa

 

Hauststemne i Emigrantkyrkja

Radøy/Sletta

17. - 18. september

Pinsemenigheten Beel  Sletta inviterar til møter laurdag kl 19.00 og søndag kl 11.00 og 14. 30. Hovudtalar vert Osvald Instebø som også syng med sin kone Ragnhild på piano. Søndag kjem Tertnes Musikklag som syng sine friske songar. Matservering i Betel søndag.

 

Bakekurs på Radøystova

Radøy/Sletta

Fredag 16. -laurdag 17. september
Fredag kl. 19-22 og laurdag kl. 9-17. Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig.. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703

 

Kystkulturaften

Austevoll/Stolmen NY DATO 24. SEPTEMBER

I Ungdomshuset på Stolmen vert det opplesning med gamle historier, musikk slik den var i tidlegare tider, og ei gamaldans seinare på kvelden. Arr. Stolmen Vel og Landskapsparken Stolmen

 

Husflidsmesse i Tysneshallen

Tysens/Gjerstad ved Våge laurdag 17. og sundag 18. september

Laurdag ope frå kl. 11.00-16.30
Sundag ope frå kl. 12.00-16.30

Utstillinga "Utstilling av gamle Tysneshuer - Sal av nye Tysneshuer" av Britt Kjellesvik Rage

Sal av husflidsprodukt frå mange ulike utstillarar.

Arr. Tysnes Husflidslag

 

Fartein Valen-festivalen

Sveio og Haugesund 15. - 18. september

Festivalen vil formidle inntrykk av en av Norges fremste og mest nyskapende komponister. Det blir lagt vekt på et variert og spennende program som vil øke forståelsen av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponistens hjem og miljøet rundt. www.farteinvalen.no  

Til toppen

 

 

Sundag 18. september

Utdeling av Ivar Medaasprisen 2011 

Lindås/Knarvik senter kl 18.00

Utdeling av årets Ivar Medaaspris. Konsert: Anne Hvidsten, LInda Fosse, Yvonne Algrøy, Arne Bøe og Fjordalangs. Ole Hamre, Kjersti Berge, Bård Ose og Sangvirkelaget. Bård Ose er konferansier:

Åreste Medaasprisvinner er FARGESPILL

Arr. Komitèen for utdeling av Ivar Medaasprisen 

Bilete frå prisutdelinga

Program Medaasprisen2011Knarvik.pdf

Bokkafe og foredrag

Lindås/Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl. 13.00 - 17.00. Utstilling om kystkultur. 
kl 15.00 Odd Helland: Sandfarten eit utdøyande yrke eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  Arr. Eknesvågens venner

Bilete og omtale frå Bokkafeen i Eknesvågen

 

Kystsogeseilas med Loyal

Øygarden/Kystmuseet i Ovågen kl 12.00

Kl 12 - 13 og 15 - 16: Open båt med omvising om informasjon om Loyal, kulturinnslag.

Kl 13 - 14: Høve for tokt med Loyal. Pris kr 100,- .Påmelding til /avgrensa plassar ombord. Turen er vær-avhengig.

Kystmuseet har ope kl 12 - 17 med sal av fiskesuppe, lappar m.m.

Loyal skal liggje i Øygarden også måndag - men då er det skuleelevar som får høve til å ha undervisning om bord gjennom den  kulturelle skulesekken.

 

Husflidsmesse i Tysneshallen

Tysens/Gjerstad ved Våge laurdag 17. og sundag 18. september

Laurdag ope frå kl. 11.00-16.30
Sundag ope frå kl. 12.00-16.30

"Utstilling av gamle Tysneshuer - Sal av nye Tysneshuer" av Britt Kjellesvik Rage

Sal av husflidsprodukt frå mange ulike utstillarar.

Arr. Tysnes Husflidslag

 

Fartein Valen-festivalen

Sveio og Haugesund 15. - 18. september

Festivalen vil formidle inntrykk av en av Norges fremste og mest nyskapende komponister. Det blir lagt vekt på et variert og spennende program som vil øke forståelsen av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponistens hjem og miljøet rundt. www.farteinvalen.no

 

Til toppen  

Logon