

Adm. senter: Storebø
Fylke: Hordaland
Areal: 117,2 km2
Folketal pr 1.1.11: 4 680
Nettside
Austevoll - ut mot hav
Austevoll er den største fiskerikommunane i Norge med stor aktivitet innanfor den havgåande fiskeri. Det er kring 4400 innbyggjarar fordelte på 12 busette øyer. Kommunen har totalt 667 øyar, holmar og skjer. Kommunesenteret ligg på Storebø. Austevoll er og blant dei største oppdrettskommunane i landet. Næringa gjev fleire hundre arbeidsplassar innan oppdrett, foredling, transport, produksjon av utstyr og forsking. I Austevoll finnes også 3 offshoreselskap der DOF er det største. Offshoreflåten frå Austevoll tel snart 100 farty. Austevoll er knytt i saman av ei mengd bruer, og då den nyaste er brua mellom Huftarøy og Hundvåkøy vart opna i 2007, vart 97 prosent av austevollingane knytte saman med vegsamband. Reiseliv er eit satsingsområde for Austevoll og næringa utviklar seg stadig. Bekkjarvik som vart kåra til årets gjestehamn i Båtmagasinet er lokomotivet i denne satsinga.
Reiseliv sjå www.visitaustevoll.no
Mykje liv og kystkultur samla på ein stad. Det blir marknad og underhaldning. I det særprega konsertlokalet Hengjo, den gamle nottørka, får også publikum ein stemingsfull konsertaften.
Torgdag på kaien i Bekkjarvik, frå kl. 10.00
Kl. 12.00 Offisiell opning av Kystogehelga i Bekkjarvik
kl 15.00 Rokonkurransen Årets sildajenter går av stabelen!Det blir kappestrid der damene får syne fram sine samarbeidsevner og kunnskap i tradisjonell roing med mange par årer, og kåring av Årets sildajenter.
kl 20.00 i Hengjo, Bekkjarvik: Bergen Unge Kammerorkester m/solist Helene Bøksle
kl. 22.30 Midnattskonsert med Rein Alexander i Stolmen Kyrkje
Kl 12. 00 Utegudsteneste på Skjeret i Bekkjarvik
Songinnslag
Dukketeaterbarneforestilling med ensemblet Dukkenikkerne.
Opplesning med gamle historier, musikk slik den var i tidlegare tider og ei gamaldans seinare på kvelden. Arr. Stolmen Vel og Landskapsparken Stolmen.