Austrheim kommune ligg nordvest i Hordaland. Karakteristisk for området er kulturlandskapet med lyngheiane, som i vikingtid prega kysten av Europa frå Noreg til Portugal. På ein tur gjennom kystlandskapet ser ein mange spor etter utviklinga som har gått føre seg i kyststroka i Sør-Noreg, frå jakt og fangst for 5000-6000 år sidan til oljeforedling i vår eiga tid. Her er buplassar frå steinalder, tufter frå vikingtid og mellomalder, steingardar og sjøhus frå førre århundre og oljealderen sine høgtekniske installasjonar. Noregs vestlegaste fastlandspunkt, Vardetangen, ligg i Austrheim.
Reiseliv sjå www.visitnordhordland.no
Havsportveka femner om ei rekkje sjø- og havsportaktivitetar. Her vert eit mangfaldig program, inkludert eit sosialt program som kan tilfredstille dei aller fleste. God mat og underhalding er også del av opplevingane under Havsportveka. Folkeleg, Fremtidsretta og Fartsfylt er grunnlaget for Havsportveka. Blant kommunen sine 489 øyer finn du naturgjevne føresetnader som stille viker, strømfulle sund og storhavet utanfor stovedøra. Fra HavCamp er det berre minutter ut til dei ulike øvelsesarenaene, og i sentrum av Austrheim har du det servicetilbudet du treng. Kjem du til Havsportveka skulle det vera rikeleg med aktiviteter for deg. Kajakk, windsurfing, dykking, fisketur, RIB, segling og mykje anna moro. Meir informasjon kjem etterkvart på www.havsportveka.no
Under Havsportveka vert det rikeleg mulighet for flotte fisketurar dit storfisken står. Lokalkjend skipper tek deg med på tur, og om vi ikkje kan love storfangst, så er i alle fall muligheten stor. Turen kan gå ut på det opne havet, eller kanskje er den beste fiskeplassen ein eller annan stad mellom øyer, holmar i den flotte skjergarden i Austrheim. For meir info om tidspunkt, prisar og andre ting; sjekk ut www.havsportveka.no
Kvar kveld under Havsportveka vert det eit spanande kveldsprogram i HavCamp. I år har vi gleda av å ha med oss norgesvenen Andrea Rice. Saman med bandet sitt kjem ho med programmet "THE BEST of IRELAND Folk and ballad". Dette vert ein utruleg kveld med flotte artistar og god stemning. Bar med sal av øl og vin. bill. Kr 150,-. For billettar og meir info, sjekk www.havsportveka.no
Den store "manndomsprøven" for mange er Havsportveka sin krevande padlemaraton mellom Kjelstraumen i Austrheim og Utvær i Solund. Her vert det kryssing av både Fensfjorden og Sognefjorden. I tillegg skal turen mellom Solund og Utvær tilbakeleggjast. I 2010 var det 10 padlarar som fullførde turen. Utvær er det vestlegaste punktet i Noreg, og Kjelstraumen ligg like ved Vardetangen som er det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg. Vil du ha ei skikkeleg utfordring så deltek du på Havsportveka sin padlemaraton.
For meir info og påmelding; www.havsportveka.no
Den tradisjonesrike Fonnesdagen - Dajen dar folk møtest vert også i år. Mykje av programmet er kjent og kjært, og det vert på nytt høve til å dele nye opplevelsar og gode stunder. Det vert liv og røre på kaien og noko for både ung og gamal, med rømmegraut, stompekake og fiskesuppe. Smaksprøver på eit utval av sild. Gamle handverk vart demonstrert og fiskereiskap var stilt ut.
Bjørn Jensen frå "Vinskvetten" underheldt frå scena kl 14.00
Heile programmet for Fonnesdagen
I samband med Havsportveka arrangerer Austrheim sokneråd Havsportgudsteneste på Vardetangen, det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg. Turen til Vardetangen går til fots enten frå hurtigbåtstoppen på Vardetangen eller frå molokaien i Fonnesvågen. Turstien er lett å gå, og du bør rekne om lag 30 min på turen. Vel møtt til ei skikkeleg Havsportgudsteneste på 4' 56" 43'182
40-års jubileum for bruene. Det vert avslutning av Havsportveka med nachspiel for frivillige etc. Sjå meir på www.kjelstraumen.com
Oppmøte på snuplassen på Krossøy. Guida tur i vakkert øylandskap, freda naustmiljø, gardsmuseum, smie mm. Turen passar for alle og vi vandrar i lett terreng og vert kjend med fiskarbonden sitt liv. Sal av fiskesuppe og kaffi i naustet v/Krossøy Grendalag.
Oppmøte ved hurtigbåtkaien Vardetangen. Vi vert kjend med livet på husmannsplassen - Torvneset; klipping av sau, hesjing, skjering av ålegras, tang og tare. Haakon Aase fortel om jordkjellaren. Song og musikk. Det vert sal av kaffi og kaffimat. Torvneset er tenkt som ein møteplass for alle, og startpunkt for fottur til Noregs vestlegaste fastlandspunkt.
I samarbeid med Austrheim kyst- og sogelag er dette ein markering av Kulturminnedagen 2011 med tema "Skjulte skattar. Spor i landskapet".