Fitjar

Photo
Photo

Adm. senter: Fitjar
Fylke: Hordaland
Areal: 142,8 km2
Folketal pr 1.1.11: 2 929

Nettside

Det nære øyriket
Fitjar er kjend som sogebygda i Sunnhordland og hovdingane her "Fitjung-sonum" er nemnd i Håvamål, det eldste sogeskriftet i Noreg. Håkon den Gode var sterkt knytt til Fitjar. Til minne om slaget mot Eiriksønene vart statuen av Håkon den Gode reist i Fitjar sentrum i 1961 og avduka av kong Olav. I dag er Fitjar ein livskraftig kommune i vekst. Me har ein fantastisk skjergard og det vert hevda at det er like mange øyar utanfor Fitjar som det er dagar i året. Samstundes er det kort veg til høge fjell. For mange som ferdast langs E39 er Sandvikvåg ein kjend ferjestad, hjerfrå er det kun 6 km inn til Fitjar sentrum som har eit godt utbygd nærings-, kultur- og servicetilbod. Fitjar har eit variert og moderne næringsliv. Tilrettelagde industri-, nærings- og bustadareal står klart for å ta imot nye Fitjarbuarar.

Reiseliv sjå www.visitsunnhordland.no

 

Programmet på Fitjar i 2011 var:

Forteljinga om Madli under apalen

Torsdag 1. september kl 19.00

Peraløo i Vik

Forteljing ved Johanne Øvstebø Tvedten. Bygd på Jens Tvedt sine romanar Madli und' apalen og Guds løn. Inngong kr. 100,- Samarbeid mellom Sunnhordland Museum og eigarane av Peraløo.

 

Logon