

Adm. senter: Straume
Fylke: Hordaland
Areal: 148,1 km2
Folketal pr 1.1.11: 22 220
Nettside
Fjell kommune grensar i sør til Sund, i aust til Bergen, i nord til Øygarden og i vest til storhavet. Kommunen er fordelt på nordre delen av Sotra, Litle-Sotra, Bildøyna og om lag 270 større og mindre øyer og holmar. Folketalet har vorte meir enn tredobla i løpet av 35 år. Side om side med folkeauken har kommunen utvikla seg til eit moderne samfunn med gode kommunikasjonar og eit rikt tenestetilbod. Overalt i kommunen har du lett tilgong til rike natur- og kulturopplevingar: Du kan slengja ut snøret og få deg ein kokefisk, du kan bada og driva sjøsport, du kan vandra over blankskura svaberg, knausar og koller, du kan nyte fuglesongen i bjørk og kratt, fargespelet i lyngen og lukta av brake. Steingardar og heimebøar, naust og bryggjer, trebåtar og nothengjer er storslåtte minne over ein smålåten kultur. Går du opp i Liatårnet 341 mover havet og det høgste punktet på Sotra, ser du vidt og fritt frå Hjeltefjorden til Folgefonna, og utover mot havet som blenkjer - eller reiser seg i sitt velde - i vest.
Reiseliv sjå www.kysteventyret.no
Oppmøte på Gjerdet Kulturminnegard sør på Fjell gard. Fjell gard vart dagleg påverka av den store byggjeaktiviteten som den tyske okkupasjonsmakta hadde på Fjell festning. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar. Folk på Fjell gard hadde medynk dei utslitne og hundsa fangane, og hjelpte dei med mat og klede. Krigsfangane sjølve gjorde det dei kunne for å sabotera anleggsarbeida. Forteljinga føregår ute med ei vandring i bratt terreng, 600m. Tidsbruk: 1 t. Rutebuss (450-459) frå Bergen
Museum Vest Fjell Festning Tlf: 56335454 e-post: www.museumvest.no
Fleire Vestlandsforteljingar Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf
Foreløpig program:
Dagtid: 11:00-17:00 Familiedag med artister som Tomine Harket, Endre Nordvik og mange aktivitetar for store og små, som blant anna Eliasbåt, hesteridning, klatretårn m.m
Kveldstid: 19:00-01.30 Konsertar med Vestlandsfanden, Endre Nordvik, Frank Hammersland, Christine Guldbrandsen, m.fl. (18 års aldersgrense)
Kystsogeseglas med Loyal frå siste helga i august og ein månad fram til 19. september.
Det vil ikkje bli ein samanhengande seglas, for Loyal har oppdrag i mellomtida. Loyal ankrer opp til ein kai i kvar av kommunane Askøy, Øygarden, Fjell og Sund. Loyal legg til kai om søndagane og er opne for folk som vil om bord. Det kan også bli arrangement om bord. på kvardagen kan Loyal ta i mot skuleklassar.
Loyal kjem frå Sund til Langøymarknaden.
Måndag er Loyal tilgjengeleg for skuleklassar i Fjell.
Også i år frå vi oppleva den tradisjonsrike Langøymarknaden. Det vert salsboder, musikk, aktivitetar, båtar og skillingsbollar! På laurdagskvelden vert det bryggjedaans. Arr Fjell Kystlag og Lokøy Vel.
Det vert mange utstillarar og eit rikhaldig program.
Laurdagskvelden vert det god, gammaldags dans i Gamlanaustet Kl 21 - 01
Program Langøymarknaden Langøymarknaden.pdf
Markeringa av Nordsjøløypedagen i Fjell kommune vert lagt til Kårtveitpollen friluftsområde. Vandring med turlos i NL-løypa mellom Landro og Kårtveitpollen friluftsområde.
12.00 Oppmøte ved Landro skule Parkering ved skulen og Landro kyrkje. Terrengløp i NL-løypa mellom Ågotnes og Spjeldsfjellet.
14.00 Opning av kultursjefen i Fjell,Lennart Fjell. Underhaldning av elevar frå Fjell kulturskule, fiskekonkurranse, div. aktivitetar for born, grilling og lett servering.
Arrangør:
Nordre Fjell friidrett og Sotra og Øygarden jeger og fiskarforening i samarbeid med Fjell kommune