

Adm. senter: Eivindvik
Fylke: Sogn og Fjordane
Areal: 596 km2
Folketal pr 1.1.11: 2 299
Nettside
Heilt sørvest i Sogn og Fjordane ligg Gulen som eit bruhovud til Hordaland. Kontrastane er store, frå dei ytste av om lag 1500 øyar, holmar og skjer i vest og inn til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust, mot Stølsheimen. Innbyggjarene er jamt fordelte kring skulekrinsane Byrknes, Brekke, Dalsøyra og Eivindvik.
Reiseliv sjå www.fjordkysten.no
Familiedag på kaia. Det skal serverast tradisjonelt rekebord og det vert ulike aktivitetar for store og små. Elias-båtane kjem, det vert palleløp, waterball, salgboder, tombola.m.m
Arr. Brandangersund samfunnshus
Sellevåg treskofabrikk er ei lita industriperle inst i Gulen. Det var produksjon av tresko her mellom 1899 og 1972. Frå 1952 vart også sagbruk ei viktig brikke i produksjonslina. Sellevåg treskofabrikk har sidan 1994 vore fokusert på som eit viktig teknisk-industrielt kulturminne og har fått midlar til istandsetting av Riksantikvaren. Denne sommaren er rørgata nyrestaurert.
Det vert omvisning i treskofabrikken og filmframvisning som syner fabrikken og det vassdrivne maskina i drift. Sal av kaffe og vaflar. Arr. Magne Sellevåg