Lindås

Photo
Photo

Adm. senter: Knarvik
Fylke: Hordaland
Areal: 475,9 km2
Folketal pr 1.1.11: 14 516

Nettside

Lindås er den største kommunen i Nordhordland, med regionsenteret Knarvik som naturleg knutepunkt. Det som var lyngmark for 40 år sidan, er i dag ein moderne bygdeby på nordsida av Nordhordlandsbrua. Lindås er ein fjord- og kystkommune med vakker natur frå fjord til fjell. Ta ei skogsvandring i den nordlegaste bøkeskogen i verda, opplev lyngheiane og det opne, vakre kystlandskapet.

Reiseliv sjå www.visitnordhordland.no

Del programmet for Lindås

Programmet i Lindås 2911 har vore:

Håkonarspelet Håkonarvarde

Seim

11. - 14. august 2011 kl 22.00

Historisk spel om Håkon den gode. Seim er området der Håkon voks opp og sprang rundt som barn, og der han valde å verta gravlagd. Fleire av scenene grip direkte inn i livet til Håkon den gode knytt opp mot kongsgarden faren Harald Hårfagre hadde i Seim på 900-talet og mora Tora Mostrastong. Spelet byggjer på ein viktig del av samfunnsutviklinga rundt år 900, med forsvarsbygging, innføring av kristendom, om fred og ufred, forhold til andre nasjonar og viktige personar i den politiske leiinga i landet, samtidig som det er lokalhistorie direkte knytt til bygda og regionen.

Manus: Johannes Heggland
Håkon den Gode: Frank Robert Andreassen
Musikk: Reid Gilje
Harald Hårfagre: Nils Ole Oftebro
Regissør: Leif Egil Vatnøy
Tora Mostrastong: Siren Jørgensen (DNS)
Scenograf: Robert Sinnot
Sigurd Jarl: Frode Winther (DNS)

Kostyme: Janne Robberstad

Kong Adalstein: Claus Sellevoll

Jorunn Skjoldmøy: Lynni Treekrem

Billettsal frå 1. juni www.billettservice.no

 www.hakonshaugen.no

Bilete og omtale av spelet

Bokkafe og foredrag

Eknesvågen

Bokkafeen  i Eknesvågen er er open kvar sundag kl 13.00 - 17.00.  eknesvaag.net/Eknesvaagens%20venner/index.htm  

Eknesvågens Venner har fylgjande program på Bokkafeen/Utescena i Eknesvågen.
Det vil skje noko kvar søndag kl 15.00. På kafeen kan ein få kjøpt kaffi, vaflar, is og brus.

Søndag 14. august Kl 15.00 Utstilling om lokal kystkultur opna.

Søndag 21. august kl 15.00 Arne Høyland: Emnetre. Han fortel om kor viktig det var å finna dei rette emna til verktøy, båtmateriale m.m.

Søndag 28. august kl 15.00 Eli Føritie ( Eli Fjelde Vikan): Mat frå ulike fat. Kosthald i gamal tid

Søndag 4. september kl 15.00 John Ragnar Myking: Strilelandet og Bergen. Eit skråblikk på tilhøvet mellom stril og bergensar frå mellomalderen til i dag

Søndag 11. september kl 15.00 Håkon Askeland: - dei sleit i lag. Samarbeid mellom strilane for å overleva på land og sjø.

Søndag 18. september kl 15.00: Odd Helland: Sandfarten eit utdøyande yrke 

Arr. Eknesvågens venner

Sjå Bilete og omtale frå Bokkafeen søndag 18. september

Strilamuseet, aktivitetsdag

Seim

Søndag 28. august kl 14.00 - 17.00

Omvisning, film og ny utstilling i Temakroken. Aktivitetsdag med gamle leikar.

Ope kvar søndag frå kl 14.00 - 17.00

25. september er det potetdag med servering av potetsuppe

 

 

Mellomalderdag på Lureklaven

Lygra/Lyngheisenteret

Søndag 28. august kl 12 -16


Me ror til øya Lurekalven. Her låg ein gard i Vikingtid og Middelalder, som vart fråflytta etter Svartedauden.
Oppmøte ved Infobygget kl. 12.00 Guida tur til Kalvsundet ( ca 20 min) der båtane ligg og ventar - vi ror over til Lurekalven.

Foredrag og guida tur på Middelaldergarden. Servering av Lurefjordsuppe, kaffe/te. Velkommen til ein triveleg søndag!www.lyngheisenteret.no

Knarvikmila 2011

www.knarvikmila.no

Mandag 29. august

Dagsseminar: Kl. 10.00 - 15.15
Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug.
Tema: PRESTASJON OG PRESENTASJON FOR ENHVER PRIS?

Kveldsseminar: Kl. 18.00 - 21.15
Nordhordland Folkehøgskule, Frekhaug.
Tema: PRESTASJON OG PRESENTASJON FOR ENHVER PRIS?

Tirsdag 30. august

Funksjonerløp

Onsdag 31. august

Kultur og natur arrangement

Torsdag 1. september

Ungdomsløpet: 8. - 10. klasse
Stad: Knarvik Stadion/Nordhordlandshallen

Fredag 2. september

Konferanse.
Stad: Frekhaug/Nordhordland Folkehøgskule.
Tid: 09.00 - 15.15

Konsert

Stad: Frekhaug/Nordhordland Folkehøgskule.
Tid kl 1900

17.00 til 20.00: Påmelding til KnarvikMila og MiniMila i Knarvik Senter.

Laurdag 3. september

Minimila - Familiedag

Stad: Knarvik Stadion/Nordhordlandshallen.
Start : 13.00 (Knarvik Stadion)
Påmelding Minimila kl 10.00-13.00 i Nordhordlandshallen
Påmelding og utdeling av startnr. til Knarvikmila kl 10.00-14.00 i
Nordhordlandshallen.
Informasjonsmesse - Helse og fysisk aktivitet
Stad: Nordhordlandshallen
Tid: 10.00 - 16.00
Pølsefest i Knarvik senter
Tid : 15.00 - For deltakarar på Minimila.

Fjord Norway Half Marathon
Start : 15.00

Treningsseminar med Haile Gebrselassie.

Start : 17.30

Søndag 4. september

Informasjonsmesse - Helse og fysisk aktivitet
Stad: Nordhordlandshallen
10.00 - 16.00

Knarvikmila

Stad: Knarvik Stadion
10.00 Utdeling av startnr og etterpåmelding i Nordhordlandshallen
11.30 - 13.30 Start naturløype
12.40 Fellesoppvarming til 10 km.
13.00 Start 10km
13.05 Fellesoppvarming til 5 km
13.45 Start 5km
14.30 Utdeling av premiar til 3 beste kvinner og menn på 5km og 10km
15.00 Trekking av hovudpremiane i Knarvikmila.

www.knarvikmila.no

Temakveld: Brikkevev - Osebergdronningens vevredskap

5. september kl 18.00

Husflidens Hus i Hillesvåg

Nordhordland Husflidlag er arrangør.

Husflidsdagen

10. september kl 11-15

Hillesvåg

Markering av Husflidens dag i Husflidens Hus i Hillesvåg. Demonstrasjon av ulike handverkteknikkar. Utstilling av husflidsprodukt. Kafé med tradisjonsmat. Arr. Nordhordland Husflidslag

Spor i naturen

Kulturminnedagen 11. september kl 14-17

Hillesvåg

Kulturminnedagen i Husflidens Hus i Hillesvåg - natursti, sanking av planter til farging og plantefarging. Arr. Nordhordland Husflidslag

Spor i naturen

Uke 37

Hillesvåg

I veke 37 er Spor i naturen eit tilbod til skuleborn gjennom Den kulturelle skulesekken. Innføring i ullfibrane sine eigeskaper, plantefarging. Nordhordland Husflidslag i samarbeid med Hillesvåg ullvarefabrikk.

Utdeling av Ivar Medaasprisen 2011

Sundag 18. september kl 18.00

Knarvik senter

Utdeling av årets Ivar Medaaspris. Konsert: Anne Hvidsten, LInda Fosse, Yvonne Algrøy, Arne Bøe og Fjordalangs. Ole Hamre, Kjersti Berge, Bård Ose og Sangvirkelaget. Bård Ose er konferansier:

Åreste Medaasprisvinner er FARGESPILL

Arr. Komitèen for utdeling av Ivar Medaasprisen 

Sjå bilete og omtale frå prisutdelinga

Logon