Masfjorden

Photo
Photo

Adm. senter: Masfjordnes
Fylke:
Hordaland
Areal:
558 km2
Folketal pr 1.1.11:
1 672

Nettside

Masfjordnaturen er vekslande. Frå dei nakne skjera utmed Fensfjorden til det sundrivne fjellandskapet tusen meter over havet. Er du båtmenneske, kan du vera for deg sjølv i et avgøymt sund utanfor Risnes. Fjellturisten skal gå lenge før han går lei. Stordalsområdet har eit fint fjellterreng både sommar og vinter. Vasskraft og havbruk er dei viktigaste næringsvegane i kommunen. Vasskrafta er berebjelken i heile Masfjordsamfunnet.


Reiseliv sjå www.visitnordhordland.no

Del programmet for Masfjorden

Programmet i Masfjorden i 2011 har vore:

Program

Spelereglar og spelerom i tradisjonelle tekstilar

Sommarutstillngar i Kvamsdals Fargeri

6.-21. august

Utstilling ved Mikkel B. Tin, professor i tradisjonskunst. Ei utstilling med tradisjonelle broderi frå Sentral-Europa som uttrykkjer fellesskapskjensle og individualisme, teknisk meisterskap og skaparglede, tru på eldgamle symbol og estetisk nytenking. Til inspirasjon og ettertanke.

Ro-dag for alle aldrar

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, Sandnes

Søndag 14. august kl 13-17

Ta Ro-knappen!  
Me ynskjer å gje besøkjande høve til å koma seg ut på fjorden i robåtar, samt å få naudsynt basis opplæring i høve bruk av båt. Ein vil kunna læra seg dei ein, to eller tre viktigaste knutane for fortøying, bruk av redningsvest, samt øva seg i ulike roøvelser. Dette vil fram til at deltarane kan ta "Roknappen", som er Forbundet Kystens "sertifiserte" satsing på opplæring i bruk av tradisjonsbåt: http://www.kysten.no/publications.asp?uid=2175  Instruktørane vil stå for 3-4 båtar, samt stå for veiledning, undervisning og tilretteleggjing for at alle besøkjande skal få ein flott og lærerik dag. Me kallar denne en rodag, og besøkjande som berre ynskjer å ro en tur skal og få høve til dette. Instruktørar: Saskia Trägner, kystleirskulelærar, Marianne Sørensen, miljøarbeidar, Bjørn Ådne Kvalvik, trebåtbyggar, Hallgeir Bjørnevik, trebåtbyggar. Denne aktiviteten vert også søndag 7. august 

Handverksformidling, leikebåtbyggjing
Sundag 14. august vil det parallelt med rosertifiseringen verta utført eit maritimt handverk i (evt utanfor) nothuset. Slik kan besøkjande sjå arbeid i praksis, stilla spørsmål, samt sjå og kanskje prøva ulike verktøy. Det vert mellom anna laga årar eller gjort annet arbeid knytta til båtbygging. Har du spørsmål kring båtbygging, restaurering og vedlikehold, er dette dagen då du kan få svar frå kyndige fagfolk på plass i Masfjorden. Båtsamlinga - dei ulike gjenstandane, båtane/typane som er utstilt, samt historikken i regionen vert også kommentert.

Lag din eigen vesle båt. Med enkle småbåtskrog, klossar, pinnar og segl kan ein få mykje til. Dette er et populært innslag som kan engasjera både barn og foreldre i timevis. Verktøy vil vera tilgjengeleg så borna kan halda på sjølv (litt større born), eller med foreldre. Dei vil vera under oppsyn og få rettleing av instruktørane.

Sjå bilete og omtale frå Rodagen

 


Revolver & Bård Ose

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling, Sandnes

Søndag 14. august kl 19.00

Bergensbandet Revolver har spesialisert seg på å spela Beatles med akustisk bluegrassbesetning. Alle tenkjer på Lennon/McCartney når dei høyrer Beatles. Men George`s gitarriff er veldig viktige i mange av låtane, og dei riffa spelar også Revolver - men då gjerne på fele, banjo eller mandolin. Bandet tolkar Beatles med kjærleik og stor respekt, og resultatet vert bra, skikkelig bra!

Revolver består av Julian Berntzen, Lasse Berntzen, Mats Glambek, Inge Glambek og Rolf Skogstrand. Med seg har de Noregs Beatles-professor nr. 1: Bård Ose. Ose er forfattaren bak boka: "Beatles hele livet", samt ei kjent stemme fra radio. Sammen skapar dei eit show utanom det vanlege med bluegrass /country, klassisk popmusikk og fasinerende historier.

 

Bjørn West-marsj

Matre - Stordalen

21. august

Marsj i lett fjellterreng til minne hendingane i Matrefjella under andre verdenskrig. Det vert fleire nyhende i 2011. I år kan du anten gå "Lang" eller "Kort" rute. Meir info kjem snart. Den lange løypa tek omlag 5-6 timar.

kl 14.30 Konsert ved Fjellstova, Gudsteneste kl 15.15

Minnemarkeringa ved bautaen kl16.00, der ordføraren i Masfjorden, Håkon Matre, held minnetale og legg på krans. Meir info om minnemarsjen på www.bjornwest.no

 

Logon