Os

Photo
Photo

Adm. senter: Osøyri
Fylke:
Hordaland
Areal:
139,8 km2
Folketal pr 1.1.11:
17 210

https://oskommune.no

Os inspirerar

Det ligg ei bygd mellom fjordar og fjell...

Os ligg veg Bjørnefjorden, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Os kommune er nærast granne til Bergen, og her bur det over 17 000 menneske. Osøyro er strandstaden som har vakse til ein moderne bygdeby. Os kommune har ein båt under ei stor rose og ni stjerner i kommunemerket. Det symboliserar dei to handverka bygda er mest kjend for, rosemåling og båtbygging.

Del programmet for Os

Programmet som var i 2011:

Offisiell opning av Kystsogevekene 2011

Opning av Kystsogevekene 2011

Laurdag 13. august kl 12.00

Den offisielle opninga av Kystsogevekene 2011 vert i Osøyro.

Dag Lindebjerg vil vere den som står for den offisielle opninga av Kystsogevekene 2011.

Arenaen vert Oselvarhopen bortom Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet. Element frå folkeoperaen Havfest vert flytta ut, og vi får også fleire andre kulturinnslag frå scena, mellom anna dansarar under leiing av Patricia Langeland. På sjøen vil vi både få defilering av representantar for Oselvaren, Norge sin nasjonalbåt, og det vil etterkvart også verte kapproing med oselvarane.

Opningsarrangementet vert lagt til den tradisjonsrike Oselvarfestivalen, og Oselvarane vil kunne både sjåast og heiast fram - på sjøen vert det tevling med Oselvarar. Kan hende vert det høve til å kome seg ein tur utpå i den nylaga seksæringen frå Oselvarverkstaden.

Både Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden vil vere opne. På Oselvarverkstaden kan folk sjå og høyre om bygginga av tradisjonsbåten, eller endåtil bestille seg ein spesialtilpassa båt ut frå eige ønskje og bruksområde.

Vi ønskjer alle velkommen til å oppleve flott kystkultur og yrande folkeliv 13. august!

Bilete og omtale av opningsarrangementet

Vernissasje - Keramiske figurer

Lørdag 13. august kl 18.00

Utstilling Vedholmen Galleri Separatutstillingen "Keramiske figurer" med keramiker Ingun Dahlin som viser figurative skulpturer samt utendørs installasjon Kystkvinder: En hyllest til sterke, innovative, empatiske, men til tider ukjente kvindeskikkelser fra området. Mer info på www.vedholmen-galleri.com  og www.dahlin.no

Bilete og omtale av utstillingsopninga

 

Keramiske figurer

Utstilling Vedholmen Galleri Separatutstillingen "Keramiske figurer" med keramiker Ingun Dahlin som viser figurative skulpturer samt utendørs installasjon Kystkvinder: En hyllest til sterke, innovative, empatiske, men til tider ukjente kvindeskikkelser fra området. Mer info på www.vedholmen-galleri.com  og www.dahlin.no

 Ingun Dahlin er en av landets fremste keramikere innenfor skulpturkunsten og har flere utsmykningsoppdrag på sin liste. Hun har sin utdannelse fra Statens Håndverks- og kunstindustriskole og Statens Lærerhøyskole.
Hun har hatt en rekke utstillinger over hele Norge men har også stilt ut både i Danmark og New York.

Åpningstider: Fredag - søndag 12.00-16.00. Torsdag kl 16.00-20.00 Utstillingen står til 18. september.

 

 

Bygdadans i ungdomshuset i Søre Øyane

Lørdag 13. august

 

Fiskekonkurranse, kunstutstilling og aktivitetar

Søre Øyane

Søndag 14. august

Det vert fiskekonkurranse , utstilling, båtliv, stands og aktivitetar.
Kl 12.00 Opning v/varaordførar Marie E. L. Bruarøy
Kl 12.30-14.30 Fiskekonkuranse for heile familien ved Os Småfiskarlag, påmelding frå kl 12.00

Kl 12.00-16.00 Utstilling Vedholmen Galleri Separatutstilling med keramiker Ingun Dahlin som viser
figurative skulpturer samt utendørs installasjon Kystkvinder www.vedholmen-galleri.com

Kl 12.00-16.00 Open båt
Kl 12.00-15.00 Sanitetsforeninga har stand og vaffelsal
Kl 12.00-15.00 Bunnpris serverer fiskesuppe og kaffi

Kulturminner i Vargavågen, frå helleristningar til kleberbrot

Halhjem

Sundag 11. september kl 12.30

Skjulte skattar. Spor i landskapet er tema for Kulturminnedagen. Ole Mikal Olsen Ramsøy frå Hordamuseet losar oss gjennom soga til "Dei fyrste osingane." Rotur til Vargahola.

Oppmøte kl 12.30 ved kryss Halhjemsmarka/Bjørnavegen. Parkering ved Halhjem barnetun.

Logon