Osterøy

Photo
Photo

Adm. senter: Lonevåg
Fylke:
Hordaland
Areal:
274,6 km2
Folketal pr 1.1.11:
7 465
Nettside

Utvikling - Samhald - Livskvalitet

Osterøy, den store innlandsøya ligg omkransa av Osterfjorden, Veafjorden
og Sørfjorden. På Osterøy finn du eineståande lagsliv, småindustri og rike handverkstradisjonar. Jordbruket er også viktig som næringsveg. Ein rundtur på Osterøy gjev høve til å oppleva eit spennande kulturlandskap. Fjell og dalar opnar for varierte naturopplevingar og aktivitetar.

Reiseliv sjå www.osterfjord.net

Del programmet for Osterøy

Programmet som har vore i 2011:

Gjerstad, Osterøy Museum

Tysdag-fredag kl 10.00-15.00
Sundagar kl 12.00-17.00

Friluftsmuseum med bygningar frå 1650 til 1920. Utstillinga FOLKEKUNST frå samlingane etter Olav R. Tjore. Sundagskafé med stompakake. www.muho.no/osteroy-museum  

Havråtunet

Ope kvar sundag frå 5.06 til 25.09 med omvisning kl 12.00 og 13.30 Ope tysdagar og onsdagar i skuleferien for omvising kl 12.00 og 13.30, eller ring for avtale om omvising.

Arr. Stiftinga Havråtunet www.muho.no/havratunet

Hosanger

Sundagar frå 5.06-21.08 kl 15.00-18.00

Open kafe, galleri, galleributikk, treskoverkstad, retro/redesign salsutstilling, Marka-kunstløype m.m. I Kystsogevekene tom. 21.08 utstilling ved Tove Veidug, teikning, måleri og skulptur. Arr Vener av Mjøsvågen

Konsert med Andrea Rice m/band

Solbjørg

Fredag 12.08
kl 20.30

Konsert og dans i ungdomshuset med irske Andrea Rice m/band. "The best of Irland. Folk and Ballad" www.andreariceband.com 

MJØSDALSDAGANE

Hosanger

Lørdag 20. august

Fskekonkurranse kl. 12:00-13:30
Oppmøte på kaien. premiering for minst, størst og mest fangst! Både frå båt og frå land.
Kunstverkstad med maling for borna. kl. 12:00-16:00
her kan born i alle aldrer boltre seg med fargar og pensel, og inspirerande veileiing.
Rebusløp for born,løypa er open frå kl. 14:00
Løys oppgåver "i full fart"
Mjøsvågen triathlon. MIL arrangerer triathlonløp, start kl. 15:00
Få med deg start med symjeetappar rundt Mjøsvågen, vekslingar og heia deltakarane inn over målstreken.
Duathlon for borna kl. 15:30
Springing og sykling for alle under 12 år.

Retroloftet 2011-Mannequinoppvisning på kaien kl. 16:30
Presentasjon av godbiter. Sesongslutt med reduserte prisar!
Mjøsvåg-hestesko-kastemeister 2011
Konkurranse frå kl. 14:00 Klasse for born, dame og herre.

Mjøsdalen fotballcup 2011 Prestemyra kl. 18:30
Fotballkamp mellom barnelag og vaksenlag i fin stil, kostyme og verneutstyr.

Ellers på kaien, frå kl. 12:00
-"Bondens marknad"
- Sal av mat

- Konkurransar
Galleri Mjøsvågen, Treskoverkstaden, Retroloftet og Mjøsvågen kafè, med varm mat i tillegg til vanleg meny!
Ope frå kl. 12:00 

Sjå www.mjøsvågen.no  for meir informasjon.

Mjøsdalsdagane

Hosanger

Søndag 21. august kl 13.00

Sundagstur i Kossdalen. Oppmøte ved Mjøs Metall. Utforsking av Markakunstløypa ispedd litt historikk og lokalhistorie.

Kl. 15.00 opnar aktivitetane i Mjøsvågen. Kafèen, Galleriet, Galleributikken, Treskoverkstaden og Retroloftet stengjer dørene for denne sesongen til "full musikk" - Kom og sjå og høyr! Retro-loftet sel ut resten av varenen sine til priser du vert glad av.  

Bilete og omtale frå søndagen i Mjøsvågen

Photo

Kulturdagane på Osterøy, Osterøy i dag - 4. - 11. september

Osterøy kommune har valt å leggje sine kulturdagar Osterøy ... i dag til Kystsogevekene.  Sjå www.ostranett.no  

I tillegg til arrangement som står her, kan det koma fleire til. Osterøy kommune skal dela ut sin kulturpris i denne veka, arrangementtidspunkt vert kunngjort seinare.

Songar frå bedehusland

Hauge bedehus

Onsdag 7. september kl 19.00

Song- og musikkandakt med Lise Einarsen Haukås og Kari Sæle. Mat og drikke i godt lag til slutt på møtet. Arr. Gjerstad, Hauge og Valestrand indremisjon

Ope hus - kom og ver med på ein dansekveld

Grønskaret

Torsdag 8. september kl 18.00

Osterøy seniordans inviterer til dansekveld.

Alternativ haustmarknad

Solbjørg ungdomshus

Laurdag 10. september kl 11.00-18.00

Solbjørg ungdomslag inviterer til ein marknad utanom det vanlege - økologisk, åndeleg og alternativ. Alt med rot på Osterøy.

 

Skjulte skattar - spor i landskapet

Gjerstad

Laurdag 10. september kl 18.00

Ei kulturhistorisk vandring på Gjerstad.

Havråtunet

Havrå

Sundag 11. september kl 12.00 og 13.30

Omvising i tunet. Gratis inngang. www.muho.no/havratunet

Skjulte skattar - spor i landskapet

Raknes

Sundag 11. september - Kulturminnedagen kl 12.00

Ei kulturhistorisk vandring på Raknes. Me startar på busstoppen ved mjølkerampa og går den gamle sjøvegen. Ta med niste og gode klede! Arr. Osterøy Museum www.muho.no/osteroy-museum

Bingo med musikk

Hamretun

Sundag 11. september kl 16.00

Hamre/Hjellvik musikklag inviterar til bingo med musikk. Servering av kaker, kaffi og saft.

 

Vandring på kyrkjevegen

Låstavatnet

Sundag 11. september kl 16.00

Lonevåg helselag og Lonevåg grendaråd tar deg med på kulturvandring på den gamle kyrkjevegen til Gjerstad. Frammøte i Flatevad.

Logon