Øygarden

Photo
Photo

Adm. senter: Rong
Fylke: Hordaland
Areal: 66,6 km2
Folketal pr 1.1.11:
4 300

Nettside

Ei rekkje øyar, holmar og skjer utgjer Øygarden; heile 500 ved fjære sjø. Etter at ein fekk ferjefritt samband har kommunen vore i ei rivande og utfordrande brytningstid kjenneteikna mellom anna ved jamn og stor folkeauke og mange nye etableringar innan næringslivet. Dei viktigaste næringsvegane er knytte til sjøen. I dag er kommunen leiane innan havbruk og fiskeoppdrett. Frå sjøen kjem også olje og gass til industrianlegg som gjev kommunen stor utvikling og viktige arbeidsplassar. Regionen har og gode vilkår for friluftsliv, fiske og sjøsport.

Reiseliv sjå www.kysteventyret.no  

Del programmet for Øygarden

Programmet som har vore i 2011:

Utekonsert med Rita Eriksen  

Kystmuseet i Ovågen

Fredag 19.august kl 20.00

 

 

 

Photo

Vestlandsforteljingar

Ovågen - tett på vågen

Tirsdagar kl 11
13.07.2011 - 31.08.2011 

Oppmøte på Kystmuseet i Øygarden. Med museet som utgangspunkt, tek vi deg med på ei vandring kring den innarste delen av vågen. Her finn vi 10 000 år med natur- og kulturhistorie. Med utgangspunkt i fiskarbonden sitt heimefiske, vev vi ei historie med tema som spenner frå geologi til nyare tids kulturhistorie. Forteljinga føregår for det meste ute. Tidsbruk 45 min.

Kontaktinformasjon Museum Vest Kystmuseet i Øygarden Tlf: 56385050, e-post:   www.museumvest.no

 

Vestlandsforteljingar

Hjelme gamle kyrkje - den første kyrkja i Øygarden

Torsdagar kl. 17
13.07.2011 - 31.08.2011

Oppmøte ved Hjelme gamle kyrkje i Øygarden
Innbyggjarane i Hjelme sokn hadde ei strevsam kyrkjereis i robåt over Hjeltefjorden til Hordabø eller Manger. Etter søknad frå 70 bønder i soknet vart det etterkvart gjort vedtak i Manger kommune om å byggja første kyrkja i Øygarden, og i 1875 vart Hjelme kyrkje vigsla. I Hjelme gamle kyrkje får vi historien om fiskarbøndene sin innsats for å få reist kyrkja, om kyrkjereiser i båt og til fots og om tradisjonar kring kyrkjelege handlingar. Også tonar frå den lokale salmesangtradisjonen vil verta å høyra i denne forteljinga. Tidsbruk: 45 min. Rutebuss til Sæle/Hjelme kryss (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:

Vestlandsforteljingar

Hernar - ein utpost til Nordsjøen

Fredagar kl.15.45
13.07.2011 - 31.08.2011

Oppmøte på Rutebåtkaien på Hellesøy i Øygarden. Øya Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsel til Vesterhavsøyane i norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgjevarstad dei siste hundreåra. Under turen frå sundet der vikingskipa la ut, og opp til vollen med bautasteinar, får du høyra om bragdene til lendmannen Aslak av Hernar, om dramatiske hendingar i kapertida og om nordsjøfarten frå "Englandskaien" under den andre verdskrigen.

Til Hernar kan ein koma med rutebåt frå Hellesøy i Øygarden. Tidsbruk 1 time. Rutebuss til Hellesøy (470-479) frå Bergen.

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:

 

Vestlandsforteljingar

Adnestova - heimen til fiskarbonden

Laurdagar kl. 14.30
13.07.2011 - 31.08.2011

Oppmøte Adnestova på Sæle i Øygarden
Adnestova er den einaste stova som står att etter eit gammalt klyngjetun som hadde over 20 bygningar fram til utskiftinga i 1863. Livsvilkåra for fiskarbonden og fellesskapen i tunet er tema for besøket i denne stova, som har stått i over 300 år på Nordre Sæle. Bygningen er halden i stand slik han stod då familien flytta inn i nytt våningshus i 1927. Etter forteljinga er det høve til å vandra i den blomstrande kysthagen på Skredberget med utsyn over Nordsjøen. Tidsbruk: 1 time. Rutebuss til Sæle kryss(470-479) frå Bergen

Kontaktinformasjon Egil Sæle Tlf: 92625391 e-post adr:

Fleire Vestlandsforteljingar Vestlandsforteljingar_ved_oppmøte2011_x.pdf

Photo

Nordsjøløypedagen i Øygarden

Hjelme

4. september kl 12.00

Oppmøte Gamle Hjelme Kirke, Vestlandsforteljing om Gamle Hjelme Kirke, kr 70 pr pers.

Deretter 2-timars tur i Nordsjøløypa frå Hjelme til Bakken, vidare vest til Gløvreneset og tilbake over Stakkjen til Hjelme.

  

Kulturminnedagen - Skjulte skattar - spor i landskapet 

Kystmuseet i Ovågen

11. september 12

Kulturminnedagen kl 12

På kulturminnedagen med tema "Skjulte skatter, spor i landskapet". Da vises historiske filmer på Kystmuseet kl 13 og 15, med informasjon om ulike kulturminner og hvor man kan finne de i landskapet.  www.museumvest.no

 

Logon