Radøy

Photo
Photo


















Adm. senter:
Manger Fylke: Hordaland Areal: 110 km2 Folketal pr 1.1.11 : 4 8k96 Nettside

Radøy med tilnamnet "Den grøne øya" syner til den vakre og frodige naturen i kommunen fordelt på 269 øyar holmar og skjer. Radøy ligg sentralt i Nordhordland, 4 mil nord for Bergen. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte. Her kan du spasera på stiar tvers over øya i vakkert kulturlandskap. Du kan fiska i innlandsvatn og på dei mange gode fiskeplassane i sjøen.

Reiseliv sjå www.visitnordhordland.no

Del programmet for Radøy

Programmet som har vore i 2011:

Offisiell opning av kystsogevekene i Radøy, Radøygruppen på Vetås

Søndag 14. august kl 14.00

Den offisielle opninga av kystsogevekene i Radøy er i år lagt til Radøygruppen på Vetås. Etter opninga vert det omvisningsturar på verksemda, turar i lokalmiljøet på Vetås og omvisning på Vetås kai. Hugs godt fottøy til turen. Det vert underhaldning og høve til å kjøpa mat.

Veteranbåten MS Atløy går frå Bergen kl 13.30 og kjem til Vetås kl 15.00. Båtturar med skipet i våre farvann i tidrommet 15.00-18.00. MS Atløy returnerer frå Vetås kl 18.00 tilbake til Bergen.

Program for opninga på Radøy køyreplan_opning_Radøy.pdf

Viltmøtet hausten 2011

Manger/Rådhuset

Torsdag 18. august kl 19.00

Tema vert:

Hjortejakt og bruk av hund. Filmvisning av filmfotograf og jeger Martin Blom. (Sal av DVD-filmar)
Hjortejakta 2011 og viltforvalting framover. Av Asbjørn Nagell Toft.
Feltkontrollkurset for hjort. Av Øystein Frotaule
Sjøfuglbestanden i Nordhordland og skjøtsel av sjøfuglbiotopar og minkproblematikk. Av Stein Byrkjeland frå Fylkesmannen i Hordaland.

Matservering

Bakekurs på Radøystova

Sletta

Fredag 19. august kl. 19-22  - laurdag 20. august kl. 9-17.

Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703.

Grilltreff i Nøtlevågen

Laurdag 20. august, kl. 15.00

Radøy sogelag sitt årlege grilltreff er i år lagt til Nøtlevågen, som ligg ved den "Indre farleia". Orientering om staden. Ideelle hamneforhold la grunnlaget for stor aktivitet i Nøtlevågen. Dampskipskaia slik den står i dag er frå 1933, meieribygningen er frå 1916 og ishuset frå 1902. Her fekk òg Nøtlevåg Handelslag, som vart skipa i 1920, sine Ishuset er frå 1902. Mykje eldre er det gamle naustmiljøet. Pris inkl. grilltallerken kr 100,-

Kveldskonsert i Sæbø kyrkje

Laurdag 20. august kl 19.00

Nyansar av kjærleik

Kjærleik i ulike formar er tema for konserten, og musikken er i hovudsak frå det klassiske repertoaret og musikalrepertoaret.

Medverkande:
Frode Skag Storheim: Piano og konferansier.

Lydia Hoen Tjore: Sopran
Chris Lund: Tenor
Ingvild Vetås Aagaard Nilsen: Fiolin

Sal av mat og drikke i pausen. Billett (sal ved inngangen): Vaksne kr 150. Born (under 14 år) kr 50.

Radøy sogelag skipar også til grilltreff i Nøtelevågen klokka 15.00. Ta middagen i Nøtlevågen, og vi serverer kaffien til konserten i kyrkja. Arrangør: Radøy landskapspark

Biedronki vitjar Manger!

Manger kyrkje

Laurdag 20. august kl 16.00

Polsk/norsk korkonsert med barnekoret Biedronki frå Polen og barnekoret Sing Out, Alversund. I tillegg kjem Songlaget Alvidt/Manger. Billett kr 50/100/200 for barn/vaksen/familie Arr.: songlaget Alvidt/Manger

 

 

Open gard på Ystebø

Søndag 21. august kl. 13.00-16.00

Open gard vert i år hjå Bjørnar Floen og Rigmor Nottveit, som tidlegare i år opna ny mjølkeflor. Det vert omvisning i floren, og høve til å helsa på kyr, kalvar, ulike sauerasar m.m. Sal av grilltallerkar og drikke. Gratis inngang. Arrangementet er eit samarbeid mellom Manger Bondelag, Radøy bonde- og småbrukarlag og Radøy sauealslag.

 

Seglkurs

Søndag 21. august kl. 11.00-18.00

Har du lyst til å læra å segla? Roald og Marta Hvidsten tilbyr seglkurs ombord på Colin Archer-skuta Sunniva, som har ein tradisjonell gaffelrigg. Kurset består både av teori og praksis. Pris: 790 kroner inkludert måltid. For meir informasjon og påmelding, kontakt Roald og Marta på tlf. 56 37 04 88 eller 909 18 214.

Photo

Ro-knappen

Slippen, Sæbøvågen

24. august kl 18.00-ca 20.00

Keipane kystlag vil også i år har ro kampanje, dette er fordi vi ønsker fokus på tryggleiken på sjøen. Ro-kampanjen er en ferdighetsprøve i roing fortøyning og noen sjøvettsregler. Opplæring vil be gitt underveis. Roknappen er ein prøve som består av seks enkle roøvingar. Prøven er open for alle, men målgruppa er først og fremst born fra åtte år og oppover. Arrangementet er gratis for born under 16 år, kr. 50 for vaksne. Nytt for året er segling i flotte a-joller. Alle som fullfører og består, får tildelt diplom og pin (roknappen). Påmelding til Kjetil Økland tlf 92 03 46 40 eller Evy Dame tlf. 97423267.

Blir også arrangert 7. september.

Radøy motorsamling held ope

Radøyvegen 448 (Kalneset)

Laurdag 27. august kl. 11.00-16.00

Radøy motorsamling held ope, og Guttorm Storheim viser fram den store samlinga med over 200 ulike motorar som har vore brukte i vårt distrikt. Dei aller fleste motorane er sett i stand, og ein del av dei vil verta starta opp denne dagen. Samlinga inneheld også traktorar og jordbruksmaskiner. Det vert servert kaffi og vaflar. Gratis inngang.


Ville vekster frå naturen

Midgard på Øvre Manger

Laurdag 27. august kl. 10.00-18.00

Kva kan du eta av det som veks vilt rundt i naturen og i grøftekanter? Teori, lysbilete og prøvesmaking. Me dreg på tur, samlar inn og lagar måltid. Pris: kr.600,- Nb! Halv pris for born og unge under 18 år. Påmelding til Arr: www.godjord.no

Knutar, spleis og tauarbeid

Midgard på Øvre Manger

Søndag 28. august kl. 11.00-14.00

Kurs i knutar, spleis og tauarbeid. Pris kr 400,-. Nb! Halv pris for born og unge under 18 år. Påmelding til Arr: www.godjord.no

Heimalanne'

Utekonsert ved emigranthusa, Sletta 

Søndag 28. august kl 19.00

Åpningskonserten for årets Knarvikmil vert på Vestnorsk utvandingssenter. www.heimalanne.no   Førehandssal av billettar via Billettservice Kr. 200,- + eksp. gebyr www.billettservice.no  tlf. 815 33 133. Billettsal ved inngangen. Arr. Vestnorsk utvandringssenter i samarbeid med Knarvikmila og Radøy kommune.

Kvardagliv i 1850 - Skuleklasse på Bogatunet

Tysdag 30. august - torsdag 1. september

Ein skuleklasse frå Manger skule er på Bogatunet og levandegjer korleis familiar levde på 1850-talet. Elevane er kledd opp i gamaldagse klede og lagar tradisjonskost. Eldre menneske og tradisjonsberarar syner og fortel elevane om dei tradisjonelle gjeremåla. Ope tysdag og onsdag i skuletida, og ettermiddag torsdag. Arr: Radøy kommune og Radøy sogelag

Songskatten vår

Sæbø kyrkje

Onsdag 31. august kl. 19.00

Ei feiring i ord og tonar av songskatten vår med Olav Marås og William Kay. I år er det 175 år sidan Elias Blix blei fødd og han vil naturlegvis vera blant dei som er i fokus denne kvelden. Ta med songstemmen og ver med på eit musikalsk møte med kjende og kjære songar - og forfattarane som står bak. Arrangør: Radøy sokn og Radøy mållag.

Bakekurs på Radøystova

Sletta

Fredag 2. september kl. 19-22 og laurdag 3. september kl. 9-17.

Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703.

Politisk debatt

Utstillingshallen på Radøy ungdomsskule

Måndag 5. september kl. 19.00

Førstekandidatane for dei politiske partia stiller i paneldebatt. Torleiv Frotjold er møteleiar.

Ro-knappen

Sæbøvågen

Onsdag 7. september  kl 18.00-ca 20.00

Keipane kystlag vil også i år har ro kampanje, dette er fordi vi ønsker fokus på tryggleiken på sjøen. Ro-kampanjen er ei prøve i roing fortøying og nokre sjøvettsreglar. Opplæring vil bli gjeve undervegs. Gratis for barn, kr 50.- for voksne. Pins og diplom vert tildelt ved godkjent prøve. Påmelding til Kjetil Økland tlf 92 03 46 40 eller Evy Dame tlf. 97423267.

Blir også arrangert 24. august

A farm for the future

Torsdag 8. september Kinosalen på Manger kl 18.00

Framsyning av den omdiskuterte filmen Korleis vil og bør jordbruket utvikla seg vidare? Etterpå vert det tid til ein halv times diskusjon. Filmframsyninga er gratis. Arrangør www.godjord.no

Introduksjonskurs til permakultur

Midgard , Øvre Manger

Laurdag 10. - søndag 11. september 

Kva er permakultur, og kva er opphavet opphavet, idéen, filosofien og etikken bak dette? Praktiske oppgåver. Kurset går over to dagar og er på tilsaman 12 timar. Laurdag 10. september kl. 11.00 - 18.00 og søndag 11. september kl. 10.00- 15.00. Pris kr 900,- inklusiv mat. Overnatting kan ordnast. Påmelding til  Arr: www.godjord.no

Open smie

Kvalheim

Laurdag 10. september kl 14.00-18.00

Gamle smiers venner skipar til Open smie på Kvalheim. Smia er ein del av kulturtunet som Karstein Vågenes er i ferd med å bygga opp på Kvalheim. Smia er ny, men er full av gamalt smedutstyr som er samla frå ulike stader. Denne dagen vert det presentasjon av smia, gamalt utstyr og smedteknikkar, og fleire dyktige smedar vil vera tilstades. Det kan verta høve til å prøva seg som smed. www.gamlesmier.com  

 

Risnesmarknaden

Risnes

Laurdag 10. september kl. 12.00-15.00

Risnes-marknad med diverse salsboder. Sal av mellom anna grønsaker, også økologiske. Aktivitetar for store og små.

 

Nordanger gardsmuseum held ope

Søndag 11. september kl 10.00-17.00

Den gamle skulen på Nordanger var i bruk som skule fram til 1912. Den er no innreidd som museum med samlingar av ulike gamle gjenstandar frå skular og bygdelivet. Denne dagen er det høve til å koma å sjå skulehuset og samlingane.

Familiefiskekonkuranse

Sæbøvågen

Søndag 11. september kl 11.00

Keipane kystlag inviterer til fiskekonkurranse for heile familien. Ein kan fiska frå land eller båt, og med stang og snøre. Rebuskonkurranse for dei minste. Sal av mat og drikke. Sal av fiskekort startar ved slippen kl. 11.00. Kr 50.- for enkelt personar eller 100.- for familie

Fiske pågår mellom kl 12.00 og kl 15.30.
Veiing av fisken : På slippen
Premieutdelig: På Slippen ca kl 16.00 .17.00

Premiering: Størst fisk, også vandrepokal. Minst fisk (berre barn under 12 år). Mest fisk.

Sal av mat og drikke på Slippen  

Bakekurs på Radøystova

Sletta

Fredag 16. -laurdag 17. september

Fredag kl. 19-22 og laurdag kl. 9-17. Arve Gjellesvik inviterer til bakekurs der ein lærer å baka på gamlemåten med bl. anna surdeig. Gjellesvik har hatt eit opphold hjå ein av Noregs beste bakarar, Morten Schakenda på Bakeriet på Lom. Fredag er det teori om råvarer, opplæring i baketeknikkar og ein byrjar på deigen. Etterpå lagar ein pizza som ein kan eta så mykje ein ynskjer av. Laurdag gjer ein ferdig deigane, og steiker brød, rundstykker og bollar. Det vert servert lunsj, som ein lagar i fellesskap. Pris 1230 kroner. Dette inkluderer kurs, kurshefte, bakevarer til ein verdi av 250 kroner og mat. Pris for berre dag 2, er 950 kroner. For meir informasjon og påmelding, kontakt Arve Gjellesvik på tlf. 909 33 703.

Liv i emigranthusa

Sletta

Laurdag 17. september kl. 11.00 - 15.00

Ver med på nybyggjarliv på Vestnorsk utvandringssenter. Aktivitetar for heile familien. Arr. Vestnorsk utvandringssenter

 Sjå bilete og omtale frå då det var liv i emigranthusa

Sjå meir om arrangementet liviemigranthusa1.pdf

Hauststemne i Emigrantkyrkja

Sletta

17. - 18. september

Pinsemenigheten Beel  Sletta inviterear til møte laurdag kl 19.00 og søndag kl 11.00 og 14. 30. Hovudtalar vert Osvald Instebø som også syng med si kona Ragnhild på piano. Søndag kjem Tertnes Musikklag som syng sine friske songar. Matservering i Betel søndag.

Logon