

Adm. senter: Leirvik
Fylke: Hordaland
Areal: 143,6 km2
Folketal pr 1.1.11: 17 804
Nettside
Stord er einaste byen i Sunnhordland og senter for regionen. Her er knutepunkt for kommunikasjonane innan og til og frå Sunnhordland. Ved sida av landbrukstradisjonane har Stord utvikla seg til å bli Noregs største industrikommune med 5000 tilsette i offshorerelatert industri, skulesenter og eit breitt spekter av serviceverksemder. Kvar du enn er i kommunen hr du stranda og høgfjellet innan kort avstand. Stord har eit rikt planteliv og variert berggrunn. Kristtorn som veks villig og fritt, er motiv i kommunevåpenet.
Reiseliv sjå www.visitsunnhordland.no
Sunnhordland museum arrangerar open dag med aktivitetar som handverk, baking og pilebinding.
Orientering om prosjektet og bakgrunnen for det. Foredrag om emnet av Bård Gram Økland. Tur ut til gravrøysa, ca en halvtime å gå, på veg og kupert sti. Der møtar vi born i bronsealderklesdrakter, opptekne av ymse aktivitetar. "Opning" av røysa med snorklypping, og avduking av infotavle. Demonstrasjon av mat (truleg fisk) tillaga i kokegrop med smaksprøvar. Servering av "skogskaffi" og kaffimat og saft. Arrangementet er gratis.
Arrangør: LivOGLyst Huglo