Tysnes

Photo
Photo

Fylke: Hordaland
Areal:
255,2 km2
Folketal pr. 1.1.11:
2 756

Nettside





Tysnes ligg i hjarta av Sunnhordland, og ber med seg det beste av både dei ytre og indre stroka. Blankskura svaberg, fjell- og furuskog, skjergard, stupbratte fjellsider og område med fjelltoppar på over 750 meter.

Reiseliv sjå visitsunnhordland.no

Photo

Gudeøya Tysnes - framtid på historisk grunn er motto for kommunen vedteke av Prosjekt 3012 som har jobba for å snu utviklinga på øya positivt, å skape optimisme, folkevekst og veksande næringsliv. Njardarlog er det gamle namnet og gudeøya er eit tilnamn som spelar på dette gamle namnet og tilknyting til hav- og grødeguden Njord og til det noverande namnet Tysnes med referansar til guden Tyr. Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. På Onarheim var det Olavsgilde.

Del programmet for Tysnes

Programmet som var i 2011:

Dansegalla i Tysneshallen

Gjerstad ved Våge

Laurdag 20. august kl. 20.30 - 02.00

Tradisjonen tru vert det arrangert dansegalla under Kystsogevekene. Det blir god gamaldags nonstop dansemusikk med Gruppesax og Tor Endresen med band. Mat, øl, og vinservering, busstransport, bubilcamp og flott gjestehamn i Våge. Arr. Tysnes musikklag

Ballastrøysar og handel over havet

11. september kl 14.00 Kulturminnedagen

Skorpo skule

Eit tilbakeblikk på handelen over havet mellom folka på Shetland / Orknøyane og Vestlandet i farne tider. Kåseri v/ Mikal Heldal  
Arr: Tysnes sogelag

Artikkel frå arrangementet

Husflidsmesse i Tysneshallen

Gjerstad ved Våge

Laurdag 17. og søndag 18. september

Laurdag ope frå kl. 11.00-16.30
Søndag ope frå kl. 12.00-16.30

Utstilling av gamle Tysneshuer - Sal av nye Tysneshuer av Britt Kjellesvik Rage

Sal av husflidsprodukt frå mange ulike utstillarar. Sjå meir om husflidsmessa

Arr. Tysnes Husflidslag

Logon