Vis bakgrunnsbilde
Program
HavGlede  —  Austheim Ungdomsklubb, Austrheim kommune Mastrevik kai, Årvik   Padletur , Båttur , Vannsport , Fisketur


HavGlede er ei veka fylt med havsport aktivitetar. Det meste er gratis og det er aktivitetar for heile familien. Ta med redningsvest og ver med oss 8- 12. august.

Onsdag 08.08 startar med aktivitetar for dei som treng tilrettelagte aktivitetar. Det vert sporløp med tema frå havet, fisketur og tur i båt kan ein og delta på. Dagen vert avslutta med middag på kaien. Pris pr . deltakar; kr 200,- ( inkluderer aktivitetar, middag med dessert og kaffi)

 

Torsdag og fredag er opne dagar for alle på Mastrevik kai frå kl: 12.00 – 18.00. Her kan du prøve alt av utstyr som Austrheim ungdomsklubb har. Dei fleste aktivitetane er gratis som bruk av kajakk, kano, sup, vanntrampoline, hinderløype på vann, hoppe og klatretårn, katapult og runnerz. Det vert tubetur for kr 20,-.

 

Laurdag kl: 12.00 -16.00 er HavGlede på Fonnes kai med SUP konkurranse hjå «Fonnesdajen».

Laurdag kl: 17.00 – 19.00 arrangement for 5 – 7 klasse, Mastrevik kai.

Kl: 20.00 – 24.00 arrangement for 8- klasse til 2. vgs. Meir info om dette kjem.

 

Sundag kl: 12.00- 16.00 vert det aktivitetar i friluftsområdet i Årvika saman med "Fonnesdajen" På alle dagane vert det sett fram grillar som ein kan grille eigen mat på eller ein kan kjøpe ein hot-dog og brus hjå ungdomsklubben. Ta med redningsvest og ver med oss. Meir info: facebook - @havglede

http://www.austrheim.kommune.no/havglede.6010092-382425.html


Mastrevik kai

Årvik