Vis bakgrunnsbilde
Program
Kystkulturdag på Årbakka Handelsstad — 1700 Tysnes Kystlag, Tysnes Ungdomsråd Årbakka Handelsstad   Motorar , Båttur , Handverksdemonstrasjon , Kunst , Omvisning , Padletur , Rotur , Seglas , Utstilling


Tysnes Kystlag inviterer til kystkulturdag på Årbakka Handelsstad med eit variert program på sjø og land:

Tjærebrenning (tretjære)

Segling/roing med ulike trebåtar

Padling med kajakk og kano

Tauarbeid: knuter/knop og spleising

Motorutstilling med omvisning og oppstart av semidiesel-motor (17 HK Rap)

I tillegg er det open kunstutstilling og sal av kaffi, vafler, brus og is.