Vis bakgrunnsbilde
Program
Natursti om FNs berekraftsmål — 1500 FN-sambandet i Bergen Midtmarka på Flatøy, Håøya   Aktivitetsløype , Natursti , Omvisning , Vandretur


FN-sambandet i Bergen har utvikla eit unikt opplegg for uteskule, som vi gjerne vil tilby til fleire enn skuleelevar. I seg sjølv er det både berekraftig og eit klimanøytralt opplegg. Gjennom ymse aktivitetar får deltakarane både læra om berekraftig utvikling, og bidra med å utforska ein lokal strandsone for plastforureining.

Frammøte på P-plassen ved Betongblandeverket langs E39 over Flatøy. Vi startar og avsluttar samla der.

FN-sambandet stiller med eit eige team som vil orientera og guida deltakarane gjennom dagen - vi har og med naudsynt materiell.

Vi har tid til pauser, så hugs mat og drikke og gjern eit sitteunderlag, og sjølvsagt klede etter veret.

Opplegget passar for born og vaksne i alle aldrar. Alle deltakarane får diplom.


Midtmarka på Flatøy

Håøya