Vis bakgrunnsbilde

Snakkast på fjorden!

vindkraft - årekraft - meistringskraft - bærekraft

I august og september var det skuledag ved, i og på fjorden for over 1100 skuleelevar i 6. - 10. klasse i 11 ulike kommunar.

Prosjektet Snakkast på fjorden 2018 er kome i stand via aktiviseringsmidlar til frilufslivsføremål frå Miljø- og klimadepartementet, løyvd av Hordaland Fylkeskommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen og Omland Friluftsråd, seglskuta Seladon, Coastering AS, Ragn Sells, FN-sambandet og Kystsogevekene. 

Med vinden som drivkraft: Om bord i den 60 fot store seglskuta «Seladon» frå 1937 heiser og trimmer elevane segla, navigerer etter gamle sjømerker og med meir moderne hjelpemiddel og lærer anna sjømannskap. Alt skjer under skipper Einar Matre og hans mannskap sitt kyndige instruksjon.

Med årekraft på vatnet: Med større robåtar får elevene læra korleis å ro, fyrst i takt og deretter med kraft og fart. Langs Norskekysten har roing vore ein svært sentral reisemåte i minst eit par tusen år, men dei siste 60 åra har dette forsvunne. Undervisninga legg vekt på samarbeid, det å møta naturkreftene til sjøs og naturopplevingar når ein glid lydlaust framover. Sjøvante instruktører i kvar båt sørger for tryggleik og opplæring.
 
Mestringskraft i og ved sjøen: Elevane sym, klatrar og hoppar uti fjorden frå svaberg. Vanntryggleik, meistring og miljøfokus står sentralt. Elevane får andre røynsler enn det som skjer i eit oppvarma basseng. Undervisninga vert leia av dyktige instruktørar frå Coasteering AS. 
 
Med bærekraft som rettesnor: Med fokus på FN sine bærekraftsmål og plastforureining formidler FN-sambandet i Norge eit globalt miljøperspektiv. Gjennom ulike aktivitetar i strandsona får elevane både læra om berekraftig utvikling, og bidra ved sjølve å utforska ein lokal strandsone for plastforureining.
 
Prosjektet legg vekt på grei tilkomst, naudsynt infrastruktur, gode tilhøve for dei ulike aktivitetane og gode naturkvalitetar. I tillegg til dei nemnde tilbuda samarbeidar prosjektet med lokale aktørar som kan vera med på å utvida tilbudet. Vårt samarbeid med Ragn Sells, Bergen og Omland Friluftsråd og Friluftsrådet Vest gjer at andre skuleklassar óg kan delta på strandrydding same dagen.
 
Målet er at Snakkast på Fjorden 2018 skal vera starten på ein årleg tradisjon under Kystsogevekene som som ber i seg fylgjande element:
Bind saman den offisielle opninga og avslutninga av Kystsogevekene
Involverer mange av dei 22 kommunane som er med i Kystsogevekene
Lagar aktivitetar som brukar sjøen som hovudarena
Rommar naturopplevingar, kulturhistorie, miljøvern og friluftsliv for barn og unge
Skaper meiningsfylte oppdrag for seriøse maritime kulturaktørar
Involverar god samkøyring og ressursutnytting i samspel med andre samarbeidspartnere 
Oppnår god medieinteresse og vekkjer ein ny entusiasme for kystkultur
 
 
Spørsmål/kontakt/påmelding

Prosjektkoordinator Grethe Mong-Hansen

gmonghansen@gmail.com / 91 66 26 49

 

Kontakt heile prosjektgruppa på

post@snakkastpafjorden.no


Tidsskjema

Aktivitetane går føre seg frå ca. 0915-ca. 1330.
Ca. 09:15 Oppstart på stasjonane
Ca. 1100-1130 Matpause og bytte av stasjonar
Ca. 1130 Ny oppstart på stasjonane
Ca. 1330 Oppsamling/avrunding


Arenaer

Mandag 20. august: Helleneset, Bergen
Tysdag 21. august: Ågotnes, Fjell
Onsdag 22. august: Kollevåg, Askøy
Torsdag 23. august: Kollevåg, Askøy
Fredag 24. august: Forlandsvåg, Sund
Laurdag 25. august: Bekkjarvik, Austevoll

Mandag 27. august: Bekkjarvik, Austevoll
Tysdag 28. august: Kråko, Fitjar
Onsdag 29. august: Rubbestadnes, Bømlo
Torsdag 30. august: Mosterhamn, Bømlo
Fredag 31. august: Auklandshamn, Sveio
Laurdag 1. september, Kulleseidkanalen, Bømlo

Tysdag 4. september: Strandrydding på Ånuglo, Tysnes
Onsdag 5. september: Leirvik, Stord
Torsdag 6. september: Leirvik, Stord
Fredag 7. september: Leirvik, Stord
Laurdag 8. september: Leirvik, Stord

Torsdag 13. september, Sunde, Kvinnherad
Torsdag 14. september: Rosendal, Kvinnherad
Laurdag 15. september: Rosendal, Kvinnherad

 

Dag 1 Helleneset i Bergen

...

 

Dag 2 Ågotnes i Fjell

...

 

 

 

Dag 3 Askøy Seilforening / Kollevåg Askøy

 

Dag 4 Askøy Seilforening / Kollevåg, Askøy
...
 
Dag 5 Forlandsvåg, Sund
 
...
 
 
Dag 6 Bekkjarvik, Austevoll
...
 
Dag 7 Kråko, Fitjar
...
 
 
Dag 8 Rubbestadneset
...
 
Dag 9 Mosterhamn
...
 
Dag 10 Auklandshamn
...
 
Dag 11 Ånuglo
...
 
 
Dag 12 Leirvik 1
...
 
Dag 13 Leirvik 2
...
 
Dag 14 Leirvik 3
...
 
 
Dag 15 Sunde
...
 
Dag 16 Rosendal
...

Prosjektskildring Prosjektskildring Les pdf med prosjektskildring for Snakkast på fjorden
Brukte skoledagen til å hoppe i havet Brukte skoledagen til å hoppe i havet Vestnytt 24. august 2018
Lærte sjømannskap og berekraft Lærte sjømannskap og berekraft Fitjarposten 29. august 2018
Ei skute attende i tid Ei skute attende i tid Marsteinen 30. august 2018
Snakkast på fjorden Snakkast på fjorden Bømlonytt 1. september 2018
Rydda 750 kg boss på Ånuglo Rydda 750 kg boss på Ånuglo Bladet Tysnes 6. september 2018
Strandrydding på Ånuglo Strandrydding på Ånuglo Tysnesingen 6. september 2018
Strandryddeseilas for å finna moder jord Strandryddeseilas for å finna moder jord Kvinnheringen 8. september 2018
9. klassingar i samspel på sjøen 9. klassingar i samspel på sjøen Bladet Sunnhordland 10. september
Ein skuledag på fjorden Ein skuledag på fjorden Askøyværingen 13. september 2018
Strandrydding i Vedaviko på Ånuglo Strandrydding i Vedaviko på Ånuglo Kvinnheringen 16. september
Snakkast på fjorden Snakkast på fjorden Kvinnheringen 24. september


Samarbeidspartnarar