Vis bakgrunnsbilde
Program
Tam Glen - Robert Burns på nynorsk Masfjorden kommune, Sommarscena Masfjordnes Kvamsdals Fargeri   Konsert


Duoen Tam Glen med Annlaug Børsheim & Olav Tveitane kjem til sommarscena og presenterer Robert Burns på nynorsk.

 

Tam Glen har spesialistert seg på å synge og spele songar av Robert Burns (1759-1796), ein av Skottland sine store diktarar. Johannes Gjerdåker (1936- ) frå Voss har gjendikta mange av dikta og songane hans frå skotsk til nynorsk og gjeve dei ut i to bøker på Samlaget; Dikt og songar i utval (1996) og Dikt og songar, Andre samling (1998). Den fyrste boka fekk han m a Bastianprisen for. Det er desse gjendiktingane Tam Glen brukar.

 

I tillegg til å skrive eigne dikt og songar samla Robert Burns inn skotske folkesongar frå den munnlege tradisjonen, skreiv ned, kanskje «retta» litt på, og gav dei ut i bokform. Tam Glen nyttar for det meste tradisjonelt skotsk melodimateriale, men nokre av melodiane er komopnert av dei sjølve eller av andre komponistar i nyare tid.

 

Annlaug Børsheim & Olav Tveitane utgjer duoen Tam Glen som har eksistrert i tre år og spelt på alt frå litteraturfestivalar til folkemusikkscener, viseklubbar og sjuke- og aldersheimar.

 

Tekst: Tam Glen

 

Konsert i Kvamsdals fargeri kl 19.15.
Bill 150 / 50

 


Kvamsdals Fargeri