Vis bakgrunnsbilde
Program
Barnekonsert med Torbjørn Netland og Anette Thorsheim Masfjorden kommune, Sommarscena Masfjordnes Kvamsdals Fargeri   Konsert , Familiedag


Torbjørn Netland & Anette Thorsheim
trekkspel, gitarar og song

Bli med på ein konsert med songar og låtar frå ein vanleg kvardag. Torbjørn og Anette gjer kvardagen til ein fest - med song, instrument og kanskje litt dans. Dei har med seg forskjellige instrument som du også kan få prøve i fargeriet denne dagen. Kom og spel litt med oss!

Torbjørn Netland er gitarist, opprinneleg frå Vik i Sogn men no busett i Trondheim. Han jobbar som frilandsmusikar innanfor ulike sjangrar, men primert rytmisk musikk; jazz, folkemusikk og det ein kan finne i grenselanda mellom.

 

Anette Thorsheim er folkemusikar er busett i Bergen. Ho er utdanna ved folkemusikkinstitusjonen ved Musikkhøgskulen i Stockholm og er master i tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark. Ho frilansar i ulike prosjekt, i ensemble som Oleman og Tritulen og i ein duo med Jeanette Evansson. Ho har erfaring frå instrumentalundervisning på alle nivå og har i ei årrekkje arbeidd med musikk med born med særskilte behov. Dei siste ti åra har Anette arbeidd med Sommarscena.

 

Barnekonsert i Kvamsdals fargeri kl 17
Aldersgruppe: Barn i barnehagealder, småtrinnet
Bill 50 / 150

 


Kvamsdals Fargeri