Vis bakgrunnsbilde
Program
Florø: Infomøte om Kystsogevekene — 2000 Stiftinga Kystsogevekene    Arrangement utanfor Kystsogeveke-perioden , Foredrag , Debatt , Museum


I samband med den komande regionsamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1. januar 2020 har styret i Stiftinga Kystsogevekene vurdert at det kan bli aktuelt med ei utviding mot nord av stiftinga sitt arbeidsområde. Difor inviterte dagleg leiar i Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, til eit informasjonsmøte i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane på Kystmuseet i Florø torsdag 8. mars klokka 1800.

Dette var eit ope møte der alle som kan ha interesse for kystkulturelt samarbeid var velkomne. Føremålet var å: 
1 – informera om arbeidet til Stiftinga Kystsogevekene og "Kystsogeveke-modellen"
2 – sondera om kva slags aktørar som kan ha nytte av ei utviding av Stiftinga Kystsogevekene mot nord i samband med regionreforma i 2020
3 – forankra om møtelyden og andre aktørar ynskjer ei slik utviding langs kysten av dagens Sogn og Fjordane
4 – skissera vidare saksgang fram mot 1. januar 2020
5 – spørsmål og diskusjon

 



Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kommunar i Hordaland+ Gulen og Hordaland Fylkeskommune. 

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen. 

Sjølve Kystsogevekene er ein stad mellom 150 og 200 ulike arrangement årleg, som går føre seg frå Gulen i nord til Sveio i sør. Målet med arrangementa er å fremja kystkultur og området sitt særtrekk. Kystsogevekene speglar kystkultur fra alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

 

For meir informasjon om Kystsogevekene kan ein gå til www.kystsogevekene.no

Klikk for å laste ned Medieomtale/2018/Firdaposten20180308.pdf Framsnakkar kystkulturen Firdaposten 8. mars