Vis bakgrunnsbilde
Program
Den Store Roen  —  Austevoll Kystlag, Hordaland Fylkeskystlag Storebø   Rotur , Båttur


Den Store Roen er ein familievenleg rotur som vert arrangert av Austevoll Kyst- og Sogelag i samarbeid med Hordaland Fylkeskystlag. Ruta vert lagt opp etter ver og vind. Dersom veret er godt, kan ein basera seg meir på opnare farvatn. Dersom dersom veret ikkje er så godt, vert ruta lagt til skjerma farvatn.

Førebels program

Utsetjing av båtar kan skje i Gråsidalen, Storebø - sjå satelittbilete av slippen på denne linken.

Overnatting frå fredag til laurdag kan skje i telt eller evt. på Storebø skule.

 

Laurdag 11.august:

Avgang ca klokka 1000 – ca ca 9-10 nautiske mil = ca 8 timar roing inkl stopp og pausar.
Storebø til Heimarkspollen gjennom Småstraumane og omvisning på båtverkstanden Slorkjen. Sidan roing gjennom hovudstraumen til det gamle kommunesenteret Bakholmen, eller «Baggaholm» som det heiter på kart frå 1500-talet då det var ein av få plassar nemd på dei første kart over Noreg. Frå Bakholmen går turen forbi Galgen og gjennom Drønsstraumane til overnatting på gamle Drøna skule. Overnatting i gymsal eller i telt på grusbanen bak skulen. Her er det tilgong til eit velutstyrt kjøken, toalett og tilbod om å kjøpe varm mat. 

 

Sundag 12. august:

Avgang ca. kl. 0930 – ca 7-8 nautiske mil = ca 6 timars roing inkl stopp og pausar.
Sørover i Drønspollen gjennom Sørstraumen mot Bussesund og steinbrotet i Storevikjo, der sokkelen til Chr.Michelsen-statuen i Bergen blei teken ut (elles kjem stein til bygningar som Bergen bibliotek og Norgestrappen i FN-bygningen i New York frå steinbrota i området). Her ifrå er det fleire alternativ. Er veret på lag med oss, går vi vidare mot Kobbaneset eller Bekkjarvik på Selbjørn. Er veret mindre medgjerleg med oss går turen tilbake til Storebø via Råtehola på Hundvåkøy. Dersom veret innbyr til roing vidare mot Selbjørn, vil turen avsluttast der. Det vert ordna med transport til henting av bil og båthengjar.

 

Undervegs ser vi for oss at det vil vera stopp med diverse typar påfyll av både den historiske og den matnyttige sorten. Turen har fleire høve til ekstrasløyfar for dei som vil ro meir og avkortingar for dei som vil ro mindre. 

 

Hordaland Fylkeskystlag ynskjer at Den Store Roen skal vera gå på rundgang i Hordaland, altså vera ein rotur som har ny arrangør og ny rute for kvart år. Les heile konseptskissa for Den Store Roen på denne linken. Ta gjerne kontakt med Hordaland Fylkeskystlag dersom du har idear til kvar Den Store Roen kan gå føre seg i 2019.

 

Påmelding og pris
Påmelding inkl. overnatting, niste på turen og frukost på søndag – kr 300 pr båt (2 personar). 

Ekstra personar kr 50 pr stk.

Påmelding utan overnatting – kr 100 pr båt m/2 personar. 50kr for ekstra personar.

Middag laurdag kveld – kr 100 per person.

Betaling til VIPPS #508027 Austevoll kyst- og sogelag eller bankkonto 3628.07.15039

Påmelding til johnson@lysglimt.net 

 

Kontaktperson:

Thomas Johnson

959 13 144

VELKOMEN TIL KJEKKE DAGAR PÅ FJORDEN!

Helsing Austevoll Kyst- og Sogelag

 

Klikk for å laste ned HFKL/2017/Den store roen.pdf Konseptskisse for Den Store Roen


Løypekart
 Klikk på bildet for stor versjon av løypekartet.


Storebø