Vis bakgrunnsbilde
Program
Båtbyggjedag på Øyra på Nerhus — 1600 Ølve Bygdalag Skipsbyggjeplassen Øyra   Utstilling , Foredrag , Omvisning


Årets tema: Skottehandelen. Vidar Ask held føredrag. Og sjølvsagt blir det rigga båtbyggjeri for borna i år og.  
 

Kulturnemnda i Ølve bygdelag og Stiftinga Kystsogevekene ynskjer velkomen til skipsbyggjeplassen Øyra på Nerhus, søndag 19. august frå klokka 13.00 til 16.00.

 

Det blir mellom anna utstilling av verktøy, båtmodellar og bilete som fortel om kvardagen til skipsbyggjarane. Smia blir open, saman med saga og skuret som var viktige arbeidshus.

 

To Nerhus-familiar bygde fartøy her i tre generasjonar, mellom 1850 og 1960. Blant anna vart hardangerjakta Mathilde bygd på Øyra.

 

Parkeringsplass ved Ølve kyrkje.

 

Nærare informasjon om båtbyggjedagen seinare.

Arr. Kulturnemnda i Ølve Bygdelag


Skipsbyggjeplassen Øyra