Vis bakgrunnsbilde
Program
Bjørn West-marsjen — 1800 Rådet for Bjørn West-marsjen Matre BKK   Kulturminnevandring , Vandretur , Konsert


Bjørn West Marsjen er til minne om motstandsgruppa Bjørn West som held til i Masfjordfjella siste halvåret under andre verdskrig. Marsjen går i området der dei siste kampane i Europa fann stad.

Den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen går frå Litlematrestølen til Stordalen. Dette er ein god tur på ca. 15 kilometer. Den korte løypa går i “Bjørn West-området” frå Nystølen på Sognesida sørover til Stordalen Fjellstove, og den er ca. 6 km. Turen følgjer T-merka sti i flatt, lett terreng, med ei bratt nedstigning til Stordalen fjellstove. Den nye korte løypa bringar eit anna perspektiv inn, og dei to marsjane utfyller derfor kvarandre godt i forhold til minnemarkering over dei krigshandlingar som fann stad. Begge løypene har same innkomst ved Stordalen Fjellstove, og arrangementa i etterkant er felles for alle marsj-deltakarane.

 

Bjørn West-marsjen vert arrangert som et samarbeidsprosjekt mellom foreininga Bjørn West, Bergenhus heimeverndistrikt 09 og Masfjorden kommune, samt Bjørn West-museets venner, Ytre Sogn turlag,  Nordhordland turlag, Bjørn West IL, Risnes IL, Fjon UIL og Nordhordland Røde Kors. Begge turane blir premiert likt med diplom og T-skjorte.

 

Lenkje til påmelding og meir info vert lagt ut når den er klar.

 


Matre BKK