Vis bakgrunnsbilde
Program
Open dag på Sellevåg treskofabrikk — 1600 Magne Sellevåg / Sellevåg Treskofabrikk Sellevåg treskofabrikk   Omvisning , Film , Handverksdemonstrasjon


Det vert omvisning med demonstrasjon av treskoproduksjon med dei ulike vassdrivne treskomaskinene i drift.

Filmframsyning om treskofabrikken.

Det vert høve til å kjøpe kaffi og noko å bite i for dei som måtte ønske det.

Inngangsbillett: Barn gratis, vaksne kr 50,-.

Historikk:

Det heile starta i 1899 med bergenserne John O. Kahrs og Christian Fredrik Holberg Arentz. Det året stifta dei Bergens Træskofabrik Ltd med kontor i Komediebakken i Bergen og fabrikk i Sellevåg. Kahrs var teknisk leder og Arentz var bestyrer. Dei kjøpte då eit jordstykke frå gården Sellevåg, samt retten til å bruke vannkraften i fossen og vannrettane frå Selevågvatnet. Jordstykket og vannrettane kjøpte dei frå Endre Torkjellsson, oldefaren til Magne Sellevåg. Torkjellsson starta mølledrift i Sellevåg i 1870.

 

Sellevåg treskofabrikk produserte tresko frå 1899 til 1972. Frå 1952 var også sagbruk ei viktig brikke i produksjonslinja. Då noverande eigar Magne Sellevåg pensjonerte seg i 2000, vart også sagbruket lagt ned. Då hadde saga kvint i 101 år. Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk-industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren til restaurering og istandsetjing.  Frå 2012 har fabrikken vore på Riksantikvaren si liste over freda teknisk-industrielle kulturminner. Fabrikken er intakt, med demning, røyrgate, maskiner og reimer.

 

Les meir info på http://kystsogevekene.no/Dokmntr/Arrangementsinfo/2017/Miniguide-om-TreskofabrikkeniSellevag.pdf

 

Lik oss på facebook: https://www.facebook.com/#!/Sellevåg-Treskofabrikk-224036121076140/

Sjå www.123hjemmeside.no/treskofabrikk

For privat omvisning: Ta kontakt på telefon 577 83 659 eller 909 82 235 for avtale.


Sellevåg treskofabrikk