Vis bakgrunnsbilde
Program
Regattaen Askøy Rundt — 2300 Askøy Seilforening Regattaen Askøy Rundt, Askøy Seilsportsenter   Regatta , Seglas


Dette er ein seglregatta med familieprofil. Starten går ved Askeneset i Byfjorden og turen går nordover Herdlefjorden, rundt Herdla, og sørover Hjeltefjorden og målgang i Hauglandsosen. Etterpå er det eit familiearrangement på Askøy Seglsportsenter i Kaggevikane, med grilling, premieutdeling osb.

 

Denne regattaen har vore gjennomført kvart år sidan 1979, då Askøy Seilforening vart skipa. Tradisjonelt gjekk regattaen over to dagar, med overnatting på Herdla, men etter at Askøy Seglsportsenter i Kaggevikane stod ferdig, vart regattaen lagt om til berre å gå om laurdagen.

 

Arrangementet som før var i Herdlevågen vert no lagt til Seglsportsenteret, der det er råd å vera under tak om det regnar, og å vera ute på kaien om været er godt. Det er mange klassar som startar i Askøy Rundt, og vanlegvis er det ein stor turklasse, som gjennomfører regattaen mest for turens skuld. Denne regattaen har tradisjonelt hatt eit meir sosialt preg enn andre regattaer i distriktet, og tanken er at her kan heile familien vera med om bord. Det er gjerne lagt opp til aktivitet for borna under arrangementet etter regattaen.

 

Manglar du båt, men har lyst til å vera med likevel? Ta kontakt med Askøy Seilforening på epost, så skal vi prøva å finna plass om bord hos andre som skal segle. 

 

Sjå oppdatert info på www.askoy-seilforening.no


Regattaen Askøy Rundt

Askøy Seilsportsenter