Vis bakgrunnsbilde
Program
Jåttseglarane frå Tysnes  —  Jåttlaget Flytenaustet / Tysnes Turistinformasjon   Utstilling


Utstillinga viser soga om tysnesingar som utvandra til USA og vart profesjonelle mannskap på amerikanske kapp- og turseglbåtar i tida mellom 1900 og 1940.

 

Norwegian Steam og Jåttseglarane var kallenamn på dei norske sjøfolka som arbeidde på amerikanske kappseglingsbåtar for hundre år sidan. Gjennom nesten 50 år var nordmenn i fleirtal på mannskapslistene til dei amerikanske båtane som tevla om America’s Cup. 

 

Utstillinga syner berre ein liten del av den spanande historia om jåttseglarane, og er laga av Venelaget for Jåttutstillinga, i samarbeid med Sunnhordland Museum, og byggjer hovudsakleg på informasjon samla inn av Kjell Magnus Økland og Knut Arne Grøteide, til ei utstilling dei laga, og som vart vist på Årbakka sommaren 2001.

Utstillinga er open heile sumaren frå 15. juni til 12. august. Opetider 1000-1700 alle dagar bortsett frå mandag.


Flytenaustet / Tysnes Turistinformasjon