Vis bakgrunnsbilde
Program
Nordåsvatn-seminar — 1530 Stiftinga Kystsogevekene Bergens Roklubb   Debatt , Foredrag , Seminar


Titusenvis av innbyggjarane i Bergen bur med utsikt til og i gangavstand frå Nordåsvatnet. Med si svært sentrale plassering er dette ein etter måten lite brukt naturressurs, men med eit stort potensiale for rekreasjon og friluftsliv for dagens og for framtidige generasjoner. For å aktualisera Nordåsvatnet inviterer Stiftinga Kystsogevekene til eit dagsseminar hjå Bergens Roklubb på Langaneset.

Påmelding
Påmelding kan du ordna via denne linken

 

Medieomtale

Les fint oppslag om Nordåsvatn-seminaret i Bergensmagasinet 16. januar på s 30-33 på denne linken

Fylgjande saker vert sett på dagsorden:
Korleis utvikle vatnet, strandlina og områda rundt og holmane som attraktive rekreasjonsområde og område for ikkje-motorisert friluftsliv og aktiv vannbasert idrett som roing, segling og padling, men óg landbaserte aktivitetar som turgåing, jogging og sykling langs turstier og vegar?
Korleis verna natur- og kulturhistorie knytt til Nordåsvatnet, med særleg fokus på vatn, vassdrag, elvar og bekker, men óg på kulturhistorie knytt til landbruk, fiske og industri?
Korleis utarbeida tydelege mål for vern som hindrar att dagens og framtidig utvikling i og langs Nordåsvatnet får negativ påverknad på livet, naturen og menneskelivet i og kring vatnet?
 
Basert på respons og kva seminaret frambringer av saker kan det i neste omgang dannast arbeidsgrupper (gjerne på tvers av organisasjonar) som har spesifikke målsetnader kring fylgjande tema:
rekresjon og friluftsliv
idrett, toppidrett, bedriftsidrett og breddeidrett
turisme
kulturhistorie og arbeidsliv knytt til vatnet og næraste område
kulturformidling
ivaretaking av natur
Kan utfyllingar skapa nye felleskapsarenaer?
Langsiktig ekspropriasjonspolitikk til beste for felleskapet
Naturskule / naturbarnehage / uteskule
Nordåsvatnets vener?
Nordåsvatn-dag sumaren 2019? Jonsok eller under Kystsogevekene?
Førebels program (med atterhald om endringar)
 
Velkomst – innleiing - bakgrunn kl. 09-10
Opning ved Kjell Magnus Økland, dagleg leiar Stiftinga Kystsogevekene – 5 min
 
Nordåsvatnet økosystem  (20 min) ved Per J. Johannessen, forskar ved Uni Miljø og UiB.
Nedløpsområdet til Nordåsvatnet dekkjer 86 km², inklusiv nedløpsområdet til Sælenvatnet som har kanal ut til Nordåsvatnet. Fylgjande vatn har utløp som endar opp i Nordåsvatnet:
 
Nesttunvassdraget
Søylevatnet, Grimevatnet, Furedalsvatnet og Langavatnet, Dyngelandsvatnet, Myrdalsvatnet, Stigvatnet (ved Totland) Myravatnet, Lilletveit tjørn,  Store og Lille Nesttunvann og Hopsvatnet.
 
Apeltunvassdraget
Bjørnevatn, Tranevatn, Iglevann og Apeltunvatnet og Nøtttveittjørna.
 
Sælenvatnet
Knappetjørna, Gjeddevatnet og Bjørndalsvatnet, Svatatjørn, Store Krokatjørn, Lauvåstjørn, Lynghaugtjørn, Orrtyvatnet og Langatjørnet (sørsida av Løvstakken).
 
Når ein skal utvikla bustadbygg, private og offentlege eigedomar, kjøpesentre, industriområde, verksemder og skular er det såleis viktig å ha god kunnskap om kva ein kan gjera langs elvar og vatn som renn ut i Nordåsvatnet som kan påverka naturen og levekåra for dyreliv, fugl og fiskar, insekter, amfibier, planteliv og mikroorganismar.
 
Ein kort rundtur gjennom kultur, historie og næringsliv ved Nordåsvatnet – (20 min) – ved John E. B. Rasmussen frå Marmorguttene
 
Beinstrekk og kaffipause 10 min
 
Nordåsvatnet i dag kl. 10 - 12
Nordåsvatnet som område for:
Planarbeid ved Nordåsvatnet – 15 min – Mette Svanes, Plan/bygningsetaten Bergen kommune 
Reguleringsarbeid i Nordåsvatnet – 15 min – Ole Roger Lindås, Bergen kommune
– Nestunvassdraget - utfordringer, muligheter - historikk – 10 min – Terje Aarsand frå Bergen Elveforum
– Arbeidet med fisketrapp i Hopsfossen – 10 min – Tor Arne Irgens frå Bergen Elveforum
Idrettsliv på Nordåsvatnet – 15 minutt – ved Håkon Kryvi, komiteen for ro- og padlebanen
Rekreasjon og friluftsliv – 15 minutt – Dag Seter, Bergen og Omland Friluftsråd
Fra septiktank til rekreasjonsområde til....? – 15 minutt – Bjørn Traaholt frå Marmorguttene
– Pågåande tiltak i Sælenvassdraget – 15 min – vassdragsforvaltar Ole Sandven frå Bymiljøetaten
Diskusjon 10 minutt
 
Lunsj 1200-1245 100 kr pr/deltakar. Betal per vipps (73362) eller bankkort.
 
1245-1345 Nordåsvatnet si framtid
Uteskule/naturskule – 30 minutt – Hans Christian Johnsen, Hamar Naturskule
Info om fellesnaust for tradisjonsbåtar – Kjell Magnus Økland – 15 min
 
Beinstrekk/kaffipause
 
1400 Arbeidsgrupper – draumescenarioer for Nordåsvatnet, framlegg til tiltak
 
1430-1520 Diskusjon/debatt i plenum
 
1520-1530 – Avrunding – vegen vidare?

 

Seminaret er ope for alle interesserte.

 

Påmelding
Påmelding kan du ordna via denne linken


Ta gjerne kontakt om du har innspel til det som er skissert her.

 

Bergen, 20. desember 2018 


Kjell Magnus Økland
Dagleg leiar
Stiftinga Kystsogevekene
+47 95 04 67 39
kystsogevekene@hfk.no 
www.kystsogevekene.no 

 


Bergens Roklubb