Vis bakgrunnsbilde
Radøy

Arrangementstader i Radøy kommune


Skageneset

Skageneset er eit nedlagt småbruk med våningshus, uthus, naust og kai. Radøy kommune eig og Bergen og Omland Friluftsråd forvaltar eigedomen, som er på 50 daa. I krigsåra spela Skageneset ei viktig rolle for motstandsrørsla. Flyktningar som skulle vidare over Nordsjøen vart haldne i skjul her. Folket på garden sytte også for å henta og frakta flyktningane i robåt. Landskapet er open grasmark, granskog, spreidd småskog og strandline med svaberg. Flott badepoll ytst på neset. 

Tilkomst over land på sti langs Byrkjelandsvågen, eller på gamal gangveg frå Manger (omlag 45 min gangtid til Skageneset). Kjem du sjøvegen er det stor kai å legge til med båt. Huset kan du leige etter avtale med Friluftsrådet. Bord, benk og fast grill ved naustet. Leiter du finn du turboksen i Skageneset, ei av 16 geocacher som BOF har lagt ut i ulike friluftsområde.

Last ned digitalt kart over friluftsområdet til bruk på mobil eller nettbrett.

 

Utleige av huset i Skageneset

Skageneset er eit tidlegare småbruk som vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982. Våningshuset på det tidlegere småbruket vert leigd ut og har to stover i første høgda med eit lite kjøkken i midten. Kjøkkenet har gassapparat for koking og enkelt kjøkenutstyr. I andre høgda er det to soverom med 7 senger og ein midtgang med to senger. 

Huset har ikkje straum og innlagt vatn, vanlegvis er det tilgang til takvatn frå stamp på utsida av huset. Vatnet er ikkje godkjent som drikkevatn, hugs difor å ta med drikkevatn. Det er ikkje sengetøy i hytta, ta med sovepose. Ta og med kjøkenhånkler og vaskekluter til eige bruk. Parkering ved Rådhuset i Manger, der det går sti vidare gjennom utmarka til Skageneset. Hvis du ikkje har vore på Skageneset før, rår vi til å ta med turkartet utarbeid for området.

Naust med robåt og to tomannskajakker følgjer med ved utleige, hugs redningsvest. Ved naustet er det ei romsleg trekai og ved kaia er det satt opp bord og benk. Området er og godt egna for telting. Detaljert kart med meir informasjon kan du laste ned via koblinga under. NB! Parkering i Birkelandsvågen, kun etter avtale med Friluftsrådet. I perioden 15. oktober til 15. april er hytten vinterstengt.

Hytten og området rehabiliteres og er derfor stengt for utleie i hele 2018.

Utleigeprisar: 

Leige av hytta, kr. 400 pr. døgn.



 

Skageneset



Arrangement på Skageneset
Arrangement i Radøy kommune