Vis bakgrunnsbilde
Masfjorden

Arrangementstader i Masfjorden kommune


Masfjorden båt- og sjøbrukssamling

MASFJORDEN BÅT- OG SJØBRUKSSAMLING
Utstillinga i nothuset på Sandnes består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Dei omfattande båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at me har god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og / eller bygde her. Me er glade for å kunna presentera eit breitt utval av samlinga i utstillinga.
Folk i Nordhordland har i alle år levd av og med sjøen og jorda. I dag kan det vera vanskeleg å førestella seg kor viktig båten har vore opp gjennom tidene. Frå over tusen år tilbake har fjorden vore veg og næringsveg, her som elles langs norskekysten.

No for tida lever dei fleste av oss heilt ”uavhengig” av sjøen - oftast berre nytta til fritidsaktivitetar. Me har vegar på land, bruer og så ferjer då! Det er verdt å tenkja på historia som ligg bakom dei gamle båtane -
det tradisjonelle levesettet, og erfaringane som har gått i arv og blitt vidareutvikla gjennom generasjonar. Det ligg ikkje lenger enn ein mannsalder bak oss.



 

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling



Arrangement på Masfjorden båt- og sjøbrukssamling
Arrangement i Masfjorden kommune