Vis bakgrunnsbilde

Programtips

 

Velkomen til programtips-sida! Her finn du oversyn over utøvarar/artistar/kunstnarar eller andre aktørar som har teke kontakt med Kystsogevekene og som kan vera aktuelle for Kystsogevekene. Vidare finn du ein del videoar med moglege idear som du gjerne må bruka i ditt arrangement.

 

Linkar til meir info vert løpande oppdatert.

Sjøveis kyrkjereis - gudsteneste med sjøbasert tilkomst – les meir på denne linken

 

Trond J Hansen - Naust - bok om nausta langs kysten - les meir på denne linken

 

Per Ellingsen - norsk country artist - les meir på denne linken

 

Magne Skjæveland - Ferdaminne - Aasmund Olavsson Vinje 200 år - les meir på denne linken

 

Ivar Fjeld - om opphavet til strilen - les meir info på denne linken

 

Ottar Fyllingsnes og Hanus Johansen - songer og soger frå Færøyane - les meir på denne linken

 

Samson Øvstebø - produsent av kiper og andre trevarer, kan ha kurs, salg og formidling - kontakt på samsooe@frisurf.no eller sjå nettsida hans på denne linken

 

Ludvig Myrland - forfattar av boka "Kaperkapteinen" - sjå meir info på denne linken

 

Smooth Operators - Bob Dylan på norsk - sjå meir info på denne linken

 

Cato og Claus - Kystsogeshow - sjå meir info på denne linken

 

Kjersti Wiik - Bente Bratlund og Trond Fykse - Midt i livet - med skråblikk på mennesket - sjå meir info på denne linken

 

Kjersti Wiik - kyrkjekonsert basert på religiøse folketonar - sjå meir info på denne linken

 

 

Nedanfor vert ein del generelle idear som kan høva på arrangement under Kystsogevekene presentert.

 

 

 

 

 

 

Nasjonale kampanjar
Seglingas dag: Seglingas dag: Laurdag 1. september inviterer seglklubbane i Hordaland til seglingas dag. Då kan du prøva ut ulike båtar, høyra om segltilbud og læra om tur- og regattasegling. Velkommen!
Friluftslivets veke 1.-9. september: Friluftslivets veke 1.-9. september: Friluftslivets veke handlar om å få fleire ut i naturen. Viktige stikkord er kjekke aktivitetar ute, nærmiljø, barn og familiar, allemannsretten i praksis og naturglede. Det sentrale er at arrangementa handlar om friluftsliv, gjerne i ein kystkulturell samanheng, at det er kjekt og ope for alle.
Natt i naturen: Natt i naturen: Ei natt i naturen treng ikkje å vera ein vanskeleg eller storstilt ekspedisjon. Små turar gjer store opplevingar – og ofte kan det enkle vera det beste. Slå opp eit telt i hagen, dra dyna med deg i naustet, ta med vener og sov på eit nes eller legg deg på ei strand – eller slå leir ein fin stad i nærleiken av der du bur! Uansett kva du vel – bli med på #nattinaturen laurdag 1. september 2018.

Kom deg ut-dagen 2. september: Kom deg ut-dagen 2. september: Sundag 2. september er det klart for Kom deg ut-dag med DNT! Dette er Norges nasjonale turdag, med over 150 arrangementer over hele landet. Turar og aktivitetar i nærmiljøet for familiar og andre som vil vera med på ein fin utedag. Kanskje du skal nytta høvet til å komma deg ut(på) ein tur.
Kulturminnedagane 8. -16. september: Kulturminnedagane 8. -16. september: Temaet for årets kulturminnedagar er «Typisk norsk – ikkje berre norsk». Her vil me setja søkelyset på kva som definerer den norske kulturarven. Kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet påverka og vorte påverka i møte med verda, mellom folk og andre kulturar. Her kan ein til dømes forma eit kulturminnedagsprogram rundt til dømes handel, matkultur, identitet, samferdsle og tradisjonshandverk.