Vis bakgrunnsbilde

Vedtekter

Vedtekter for Stiftinga Kystsogevekene

§ 1. Namn

Stiftinga Kystsogevekene

 

 

§ 2. Føremål

 

STIFTINGA KYSTSOGEVEKENE er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og verke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

 

 

§ 3. Kapital

 

Stiftinga har grunnkapital på kr. 280 000,-

 

 

§ 4. Representantskap

 

Stiftinga skal ha eit representantskap, samansett ved at kvar av dei følgjande oppnemner ein medlem kvar:

 

Hordaland fylkeskommune

 

Kommunane frå regionane: Nordhordland og Gulen – Bergen og omland – Sunnhordland:

 

Gulen, Masfjorden, Austrheim, Fedje, Lindås, Radøy, Meland, Osterøy, Øygarden, Fjell, Sund, Askøy, Bergen, Os, Fusa, Austevoll, Tysnes, Fitjar, Stord, Bømlo, Sveio og Kvinnherad.

 

Representantskapet sine medlemmer vert oppnemnde for 4 år.

Representantskapet skal ha ein leiar og ein nestleiar som vert valde av og blant representantskapet sine medlemmer ved byrjinga av fireårsperioden.

 

Medlemmer av representantskapet kan ikkje veljast til styret.

 

Representantskapet sin leiar møter i styret med tale og forslagsrett, men ikkje røysterett.

 

 

§ 5. Representantskapet sine oppgåver

 

Representantskapet skal:

 

- velje stiftinga sitt styre og revisor

- gje uttale til stiftinga si årsmelding og årsrekneskap.

- fastsetje eventuelt honorar for styret.

- gje uttale til styret i saker som gjeld drift av stiftinga.

- føre tilsyn med at stiftinga vert driven i samsvar med lov, vedtekter og vedtak fatta av representantskapet.

- gjere vedtektsendringar etter forslag frå styret, jfr § 8.

 

§ 6. Representantskapet sine møter

 

Representantskapet held møte minst ein gong i året, og elles når leiaren eller minst 2/5 av medlemmene krev det. Leiaren kallar inn til møta med minst 21 dagars varsel. Innkallinga skal vere skriftleg, og sakene som skal handsamast skal nemnast i møteinnkallinga.


Leiaren leier møta. Dersom leiaren ikkje kan møta, leier nestleiaren møtet.

 

Dersom ingen av dei kan møta, vert møteleiar valt ved byrjinga av møtet.

 

Representantskapet er vedtaksført når meir enn 50 % (halvparten) av dei oppnemnde medlemmene er til stades. Ein oppnemnt medlem som ikkje kan møte, har høve til å gje fullmakt. Underskriven fullmakt skal leggjast fram på møtet for godkjenning av Representantskapet. For gyldig vedtak må fleirtalet av dei frammøtte ha stemt for framlegget. Ved eventuell stemmelikskap har møteleiaren dobbeltstemme.

 

Vert representantskapsmøtet ikkje vedtaksført pga manglande frammøte, skal leiaren kalla inn til nytt møte med minst 7 dagars varsel og med same dagsorden som for det første ordinære møtet.

 

Representantskapsmøtet innkalla i samsvar med dette avsnittet er vedtaksført når minst 2/5 av representantskapsmedlemmene er til stades.

Det er høve til å møte med fullmakt etter same retningsliner som ovanfor.

 

Det skal førast protokoll over vedtaka. Protokollen skal underskrivast av møteleiar og ein medlem oppnemnd på møtet.

 

Stiftinga sitt styre og dagleg leiar kan møte på representantskapsmøtet med tale- og forslagsrett.


§ 7. Styret

Styret er stiftinga sitt høgste organ. Stiftinga skal ha eit styre på 5 medlemmer, samt to varamedlemmer, valde av representantskapet for fire år. Valet skjer ved fleirtalsval. Ved stemmelikskap vert valet avgjort ved loddtrekning.


Styret skal leie drifta av stiftinga, tilsetje dagleg leiar og arbeide ut arbeidsinstruks for stillinga. Styret har ansvar for at drifta skjer i samsvar med lov, vedtekter og vedtak gjort av representantskapet.


Styret vel sjølv leiar.

Styret er vedtaksført når 3 av styret sine 5 medlemmer er til stades. Ved styreleiaren sitt fråvære vel styret ein setteleiar. Vedtak i styret krev vanleg fleirtal. Ved stemmelikskap har styreleiaren dobbelstemme.

Styret kan gjennom styrevedtak gje styreleiar tilgang til å forplikte stiftinga, og styret kan gje prokura.

 

 

§ 8. Vedtektsendring

 

Representantskapet kan, med tilslutnad frå minst 2/3 av dei oppnemnde medlemmene, vedta å endre desse vedtektene etter forslag frå styret.

 

 

§ 9. Oppløysing

 

Representantskapet kan, med tilslutnad frå 2/3 av dei oppnemnde medlemmene, vedta å oppløyse stiftinga etter forslag frå styret. Vedtak om oppløysing må skje etter reglane i LOV 2001-06-15 nr. 59: Lov om stiftelser § 52.

 

 

§ 10. Anna

 

Ut over desse vedtektene gjeld Lov om stiftelser.

 

 

 

Sist revidert oktober 2012

 

Ove Trellevik

Styreleiar

 

Astrid Aarhus Byrknes                                                     Olav Martin Vik

Ruth G. Østebøvik Eriksen                                               Anne Beth Njærheim