Sjøveis kyrkjereis

Tanken er at det vert arrangert noko ekstra ut av minst sju gudstenester i den perioden Kystsogevekene varer. På desse kyrkjesundagane lagar ein til eit opplegg som inkluderer sjøveis transport til gudstenesta i kyrkjer som har si plassering ut frå det sjøbaserte ferdslesystemet i eldre tider. Målet med sjøveis kyrkjereis er å setja fokus på lokal kystkultur om korleis folk tok seg til kyrkjes før i tida, gje folk kulturelle opplevingar og gje gudstenestene auka oppslutning.
Eit tidskjema for ein slik dag ser gjerne om lag slik ut:
- Frå ca. 0930-1000 Veteranskip/større båt (eller at folk ror/reiser med eigne båtar)
plukkar opp folk som skal til kyrkjes
- Ca. 1030-1045 ankomst ved kyrkja
- 1100 Start gudsteneste
- Ca. 1215 Opplegg på kyrkjebakken - opplesing av kunngjeringar frå
td. lensmannen (gjerne miniskodespel)
- Ca. 1230-1330 Mat
- Ca. 1330 Kulturelt arrangement - til dømes konsert eller teater (anten i/på
ein annan arena eller i sjølve kyrkja)
- Ca. 1430 Start heimreise
Her er det sjølvsagt stor fridom til å gjera lokale tilpassingar
(og det må jo ikkje vera sundag for å arrangera gudsteneste).
Konseptet sjøvegs kyrkjereis skal gå på rundgang mellom ulike kyrkjer, altså 2018 i kyrkje 1, 2019 i kyrkje 2, 2020 i kyrkje 3, osv før det returnerer til kyrkje 1 i td. 2021.
Desse kyrkjene planlegg sjøveis kyrkjereis i 2018:
Sundag 5. august: Hamre kyrkje på Osterøy - sjå meir info på denne linken
Sundag 12. august
Sundag 19. august
Sundag 26. august
Sundag 2. september: Herdla kyrkje planlegg sjøveis kyrkjereis, meir info kjem etterkvart
Sundag 9. september
Sundag 16. september
Send epost med info om dato og kyrkje til kystsogevekene@hfk.no dersom di kyrkje vil arrangera sjøveis kyrkjereis.