Vis bakgrunnsbilde

Bakgrunn

Frå venstre: Asbjørn Kristoffersen, Hanne Sophie Greve, Kjell Magnus Økland, Torill Hansen, Magnar Brekke og Eldar Heide. Foto: Nils TOrsvik, Fiskeribladet.
Frå venstre: Asbjørn Kristoffersen, Hanne Sophie Greve, Kjell Magnus Økland, Torill Hansen, Magnar Brekke og Eldar Heide. Foto: Nils TOrsvik, Fiskeribladet.

Sumaren 2016 publiserte Bergens Tidende eit intervju med Hanne Sophie Greve med tittelen «Vi må ta bedre vare på ord og uttrykk fra kysten». Dette avfødde ein serie artiklar og stort engasjement på nett kring dette temaet. I november 2016 møttest ein del personar for å drøfta kva som kunne gjerast kring dette og dette og seinare møter har leidd til eit offisielt oppstartsmøte på Litteraturhuset i Bergen 26. april 2017.
 

Me inviterer til eit språkleg skippertak på Litteraturhuset i Bergen 26. april klokka 1900-2100 for å berga Norskekystens ord og vendinger med all den fantastiske kunnskapen den speglar.

1. Opning ved møteleiar Asbjørn Kristoffersen, pensjonert journalist i Bergens Tidende
2. Initiativtakar Hanne Sophie Greve, lagmann i Gulating lagmannsrett, orienterer om bakgrunnen for prosjektet
3. Kjell Magnus Økland, dagleg leiar for Kystsogevekene, fortel og viser kvar Kyrstordverk-prosjektet står i dag på internett.
4. Eldar Heide, fyrsteamanuensis i norsk ved avdeling for lærerutdanning ved Høgskulen på Vestlandet, fortel om levande språk og liv som vert levd på kysten i eit undervisningsperspektiv.
5. Opning av drivved-stafetten ved Eldar Heide.
6. Kystquiz - 10 spørsmål med bakgrunn i Oselveren ved Kjell Magnus Økland. Du kan vinna eit signert eksemplar av boka «Oselvar - den levande båten».
7. Magnar Brekke, professor emeritus ved Norges Handelshøgskole og representant for prosjektet Maritim Ordbok, fortel om kor viktige ordsamlingar er.
8. Vinnaren av Kystquizen vert kåra.

9. Hanne Sophie Greve oppsummerer og avrunder med framlegg til oppfølging der ALLE tek eigarskap til prosjektet – dette er vår felles arv og vårt felleseige.

Det vert høve til diskusjon eller spørsmål etterpå.

 

Les reportasje frå møtet i Fiskeribladet på denne linken

Les referat frå møtet på denne linken

 

Artiklane i Bergens Tidende:

Bergens Tidende 22. juni 2016:

http://www.bt.no/btmeninger/debatt/Kystord-til-folket-630b.html

 

Bergens Tidende 18. juni 2016:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Molly-bur-pa-skykkjeskukkjen-826b.html

 

Bergens Tidende 16. juni 2016:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Nei_-no-skjin-da-Sja---dar-har-Andersn-jammen-santn-malt-pikken-sin-kvit-972b.html

 

Bergens Tidende 12. juni 2016:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Veit-du-kva-desse-kystorda-tyder-1046b.html

 

Bergens Tidende 12. juni 2016:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Ein-god-id-1081b.html

 

Bergens Tidende 10. juni 2016:

http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Vi-ma-ta-bedre-vare-pa-ord-og-uttrykk-fra-kysten-1161b.html