Vis bakgrunnsbilde

Vedtekter

Stiftarane av Kystordverket, frå venstre: Magnar Brekke, Kjell Magnus Økland, Gunnar Bjørknes, Atle Raubotn, Jan Tufteland og Hanne Sophie Greve.

Vedtekter for Foreininga Kystordverket

Stifta 14. april 2018 på Stolmen.
 

§ 1 FOREININGA SITT NAMN

Foreininga sitt namn er Kystordverket, og adressa er på den staden leiaren bur.

 

§ 2. FORMÅL

Foreininga Kystordverket har som mål å samla inn, dokumentera, systematisera og formidla ord og uttrykk i norsk kystkultur. Kystordverket skal gjennom ein folkedugnad samla inn, systematisere, forklara og formidla ord og uyttrykk til kystkulturen.

 

Ord og uttrykk i norsk kystkultur er ei immateriell kulturarv som representerer kunnskapar og dugleikar om natur, livsvilkår og teknologi utvikla gjennom tusenvis av år og er heilt grunnleggjande for vår sjølbergeing og sjølvforståing som nasjon. Diverre er denne arva framleis underkommunisert i forteljinga om Noreg og står no i fare for langt på veg å verta gløymd.

 

Kystordverket skal gjennom eit samspel mellom innsamlingsdugnad, dokumentasjon, systematisering og formidling ord og uttrykk styrkja kystkulturens plass i samfunnet, i det kollektive medvitet og såleid heva kystfolkets sjølvkjensle. Dette er eit kulturarbeid som verdset både røter og internasjonalt utsyn, sidan kystkulturen meir enn nokon annan del av vår kultur er oppstått i samspel mellom det heimlege stadbundne og internasjonal kontakt.

 

På kort sikt har arbeidet til Foreininga Kystordverket tre hovudleier:

 

Den digitale leia:
Publisering og systematisering via nettbaserte plattformar. Her vil Kystordverket arbeida for å få midlar som skal brukast til kvalifisert redaktørkompetanse, som på profesjonelt grunnlag kan systematisere og filologisk kvalitetssikre stoffet og slik sikra høg kvalitet i denne delen av prosjektet.

 

Den folkelege leia:
Kystordverket skal søka samarbeid med organisasjonar og institusjonar som samsvarer med formålet til foreininga. Kystordverket vil arbeidet for å auka engasjementet i ordsamlingsarbeidet i mange grasrotorganisasjonar, til dømes kystlag, sogelag, fiskarlag og kulturminnelag. Slik vil Kystordverket skapa ein folkedugnad som aukar medvitet om den språklege ordskatten som den tradisjonelle kystkulturen rommar.

 

Den pedagogiske leia:
Kystordverket vil utfordre lærarar i skuleverket til å bruka innsamlingsprosjektet i undervisninga si. Kystordverket har som mål å få skuleinstitusjonar til å trekka inn norsk kystkultur i undervisningen i langt større grad enn i dag.

 

På lengre sikt bør det innsamla materialet gjerast tilgjengeleg, gjerne illustrert, som trykt bok, til dømes: Kystordverket – eit ramsalt leksikon. Dette bokverket bør med jamne mellomrom reviderast og trykkjast på nytt.

 

§ 3 JURIDISK PERSON

Foreininga Kystordverket er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

 

§ 4 MEDLEMSSKAP

§ 4.1 Som medlem i Foreninga Kystordverket kan einkvar som har interesse for saka, og som vil fremja dei i § 2 nemnde formål. Søknad om opptak skal godkjennast av styret. Utmelding kan berre skje skriftleg, og skal sendast styret innen 30. november.

§ 4.2 Medlemmer som motarbeider eller medverkar til å undergrava foreininga sitt formål kan ekskluderast etter vedtak på årsmøtet.

 

§ 5 RETTAR OG PLIKTER

§ 5.1 Medlemmene har møte-, tale-, framleggs- og stemmerett på årsmøtet. Dei er valbare til styret.

§ 5.2 Årskontingent og frist for betaling av denne vert vedtatt av årsmøtet.

 

§ 6 ÅRSMØTET

§ 6.1 Årsmøtet er Foreininga Kystordverket sitt høgaste organ og vert halde innan 1. mai kvart år.

§ 6.2 Årsmøtet er opent for medlemmer og andre som styret inviterer.

§ 6.3 Skriftlig innkalling til årsmøtet vert sendt ut seinast tre veker før møtet. Innkallinga skal innehalda tid og stad for møtet, kva vedtektene seier om sakslista, frist for innsending av framlegg til møtet og orientering om styremedlemmer som står på val.

§ 6.4 Skriftlege framlegg til saker på årsmøtet, framlegg på kandidatar til valkomiteen skal vera sekretariatet i hende seinast 2 veker før årsmøtet.

§ 6.5 Sakliste med sakspapir, inkludert valkomiteens framlegg, skal gjerast tilgjengeleg for alle medlemmar seinast 2 veker før årsmøtet.

§ 6.6 For å ha stemmerett og vera valgbar må ein ha oppfylt betalt medlemskontigent og vera til stades på årsmøtet. Ingen kan møte eller avgje stemme ved fullmakt.

§ 6.7 Når årsmøtet er innkalla i tråd med vedtektene, er møtet vedtaksfør med talet på medlemmer som møter.

§ 6.8 Årsmøtet skal handsama desse sakene:

a) Innkalling

b) Saksliste

c) Val av ordstyrar og referent

d) Val av to representantar til å underteikna protokollen som sekretariatet skriv

e) Årsmelding

f) Rekneskap

g) Styret si orientering om nye medlemmer

h) Innkomne framlegg frå medlemmane

i) Styrets framlegg til årsplan

j) Framlegg frå styret som ikkje er dekka av årsplanen.

k) Styret sitt framlegg til budsjett og kontingent

l) Framlegg til vedtektsendringar

m) Val av styre

n) Val av rekneskapsførar og revisor
o) Val av valkomité 

§ 6.9 Vedtektsendringar og eksklusjon skal gjerast med 2/3 fleirtall av de frammøtte stemmeføre representantane. Andre vedtak krev alminnelig fleirtall, dvs. meir enn halvparten av stemmene. Blanke stemmer tel ikkje. Val føregår ved skriftlig eller munnleg stemmegiving. Framlegg som ikkje er sendt sekretariat eller valkomiteen på førehand i tråd med vedtektene, godtas ikkje.

§ 6.10 Når halvparten av styret sine medlemmer eller 1/3 av medlemmene krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinære årsmøter kan ikkje sluttbehandle vedtektsendringar. Ekstraordinært årsmøte skal haldast ut frå same reglar som ordinære årsmøter.

 

§ 7 STYRET

§ 7.1 Styret vert valt av årsmøtet etter innstilling frå valkomiteen, blant dei kandidatar som medlemmene peiker ut for ein periode på to år, der halvparten står på val kvart år. Leiar vert valt separat på årsmøtet. I tillegg vert det valt inntil tre vararepresentantar i prioritert rekkjefølgje.

§ 7.2 Styret består av to-fire medlemmer og inntil tre vara medlemmer i tillegg til styreleiar. Samansetninga av styret skal så langt som mulig reflektere breidde og kjønnsfordeling mellom medlemmene i foreininga.

§ 7.3 Styret skal:

a) Utarbeide til årsmøtet framlegg til årsplan samt budsjett

b) Setja i gong dei vedtekne planane innanfor vedtekne budsjett

c) Syte for at rekneskapen blir ført og revidert på forsvarlig vis

d) Utarbeide til årsmøtet årsmelding og årsrekneskap

e) Førebu saker til årsmøtet

f) Førebu handsaming av søknader om å bli medlem foreininga for årsmøtet

g) Handsama prosjektsøknader

h) Sjå til at sekretariatet leverer resultat i samsvar til vedtekne mål.

i) Velje representantar frå foreininga til offisielle delegasjonar og arbeidsgrupper

j) Velje sekretariat

§ 7.4 Styremøta vert leia av styreleiar eller nestleiar i hans/hennar fråvær.

§ 7.5 Sekretariatet er sekretær for styret. Det skal lagast skriftlige referat frå alle styremøter.

§ 7.6 Styret er vedtaksfør når minst halvparten av medlemmene er til stades, deriblant leiar og/ eller nestleiar. Vara medlemmene har møterett til alle styremøta.

§ 7.7 Stemmegjeving vert avgjort med alminnelig fleirtall. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbel stemme.

 

§ 8 SEKRETARIATET

§ 8.1 Til å gjennomføre dei vedtak som vert vedteke i styret og årsmøtet kan foreininga velje eit sekretariat.

§ 8.2 Sekretariatets hovudfunksjon er å:

a) Følgje opp styret sine vedtak

b) Koordinere arbeidet innan ulike vedtekne satsingsområde.

c) Syte for god intern kommunikasjon mellom foreininga og medlemmer.

d) Ha kontakt med forvaltninga og nettverk.

 

§ 9 VALKOMITEEN

§ 9.1 Valkomiteen består av to medlemmer, samt eitt vara-medlem frå medlemmene. Valkomiteen konstituerer seg sjølv.

§ 9.2 Styret kjem med framlegg til årsmøtet om samansetjinga av valkomiteen på grunnlag av framlegg frå medlemmene. Alle innkomne framlegg frå medlemmene skal presenterast for årsmøtet.

§ 9.3 Valkomiteen legg fram innstilling til styremedlemmer, nestleiar og styreleiar for årsmøtet.

 

§ 10 OPPLØYSNING AV FORENINGA

§ 10.1 Eventuell oppløysning av foreininga må gjerast av to påfølgande årsmøte, kor eitt er ordinært. Endeleg vedtak om oppløysning er gjort når minst 3/4 av dei stemmeføre på årsmøta har stemt for. Ved opphøyr av foreininga vel årsmøtet eit avviklingsstyre. Det ordinære styre kan veljast til avviklingsstyre, og får stilling som avviklingsstyre dersom det ikkje er valt eit anna avviklingstyre. Ved foreininga sitt opphøyr, vert organisasjonen sine midlar gitt til allmennyttig arbeid for kystkulturformål etter avviklingsstyret si avgjersle.

 

Vedtekter for Foreninga Kystordverket Vedtekter for Foreninga Kystordverket Stifta på Stolmen 14. april 2018.