Vis bakgrunnsbilde

Torgdagen i Bergen

By og land - hand i hand!

Torgdagen vert laurdag 9. juni 2018 med program frå scenen på Torget frå klokka 11-16.

Detaljert program finn du lenger nede på sida.

Her finn du kontaktinfo til styret i Torgdagen

Torgdagen i Bergen si facebookside finn du på:

http://www.facebook.com/Torgdagen

 

...

 

 

Torgdagen i Bergen har sidan 1977 vore eit av Bergens største kulturarrangement. På Torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv og dette er ein festdag for bymann og stril. Torgdagen er årviss og du vil finna kystkultur med gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk. Torgdagen i Bergen ynskjer å fremje og feire kystkulturen i handelsbyen Bergen og Strilalandet omkring.  Frå Strilalandet kjem fjordabåtar, skøyter og robåtar til indre del av Vågen. Ein kan høyra song, musikk, stev, historier og kjenna lukt og smak av fisk, tradisjonsmat og oppleva tradisjonshandverk for både kvinner og menn. Langs alle kaikantar ligg små og store tradisjonsbåtar og på Torget er folk kledd i gamaldagse klede. På Torgdagen kan du også handle lokalmat og jordbruksvarer i samarbeid med Bondens Marknad. Torgdagen i Bergen vert gjennomført i samarbeid med kystlag og andre organisasjonar, for å ta vare på gamle handelstradisjonar, å medverke til utvikling av kystkulturen i Bergen og omland. Torgdagen i Bergen er gratis og tilgjengeleg for alle.

 

Samla program for Torgdagen og Kystpilegrimsleia Samla program for Torgdagen og Kystpilegrimsleia Her finn du samla program for Kystpilegrimsleia og Torgdagen laurdag 9. juni.
Programmet frå scenen 11-16 Programmet frå scenen 11-16 Her finn du oversyn over tidene og rekkefølga for dei ulike programinnslaga på scenen på Torgdagen.
Fjordabåtruter på Torgdagen Fjordabåtruter på Torgdagen Her finn du oversyn over dei ulike fjordabåtane sine rutetider til og frå Torgdagen.
Havnekart for Torgdagen Havnekart for Torgdagen Her finn du oversyn over kvar båtane ligg og kvar dei ulike aktivitetane går føre seg på sjø og land.
Skal du vera med på kapproinga? Skal du vera med på kapproinga? Her finn du info om årets kapproing på Torgdagen og korleis du melder deg på.
Skal du ha bod på Torgdagen? Skal du ha bod på Torgdagen? Her finn du informasjon til dei som ynskjer å ha salgsbod på Torgdagen.
Skal du ha med båt på Torgdagen? Skal du ha med båt på Torgdagen? Her finn du info om hamneplass, påmelding og påmeldingsfrist.


Takk til våre sponsorar og samarbeidspartnere